onsdag 21. desember 2011

LITT GØRR INNIMELLOM ALT GLITTERET

Sånn, då var julesengetøyet på plass...... Ganske godt gjort i grunn, med tanke på den dobbeltsidige lungebetennelsen som herjar kroppen.
Har du ikkje julesengetøy seier du? Makan! Einkvar møblert heim har vel det?
Slapp av, eg er ikkje der. Men har faktisk eit raudfarga sett i skapet, og når ein likevel skulle skifte så..
Jul blir det nok i år og, om du ligg i silkedyner eller i halm.
Faktisk er det julepynta i My-huset òg, men juletrenekten står fortsatt ved lag. Det er nesten farleg å seia det, og nokre av dei som kjenner meg trur meg ikkje, men eg likar faktisk ikkje jul så godt. Prøver så godt eg kan, men nei, dessverre.
Jovisst hyggar me oss, det er ikkje det. Heller ikkje har eg traumatiske juleminner med i bagasjen frå fortida. Eg synes berre det er litt pes, men alt er vel kanskje kva ein gjer det til?

Blir interessant det der med pinnekjøtt dette året. Lurar på om eg klarar å helda tankane vekke frå mi eiga ribbe, som eg truleg har hosta på meg ein brist i. ;) Himla vondt er det i alle fall!
Så, så, dette blei litt sytete - hald ut med meg kjære lesar.
Og: god jul då, om det er slik eller slik!

tirsdag 13. desember 2011

DETTE DESEMBERBARNET

-blir 2 heile år idag! Det skjedde i dei dagane då svineinfluensaen herja landet....Ho kom med storken, på sjølvaste Luciadagen.

Sjølsagt er ho den flottaste toåringen i verda:

-Ho har spikerkrøller, men augnevipper ein kan slå ned folk med.
-Ho er glad som ei lerke, og sint som ein tyrk.
-Ho syng døgnet rundt.
-Ho er litlesyster, og storesyster.
-Ho snakkar som ein bisp.
-Ho kan rydda, og rota.
-Ho elskar klær, smykker, prinsesseting, - og Kitty.
-Ho kilar deg i nakken når ho gir klem.
-Ho trur dagen startar 0510.
-Blannmann Sam er helten hennar, i tillegg til pappaen.

Dagen har me feira, med lussekattar, Luciakrune, kaker og pølser.
Dokkevogna var ein gjev presang, oppi den har ho lagt "alt ho eig".

Eg kunne skrive bok om dette vesle vesenet vårt. Kven mor kunne ikkje det, om sitt eige barn?
Bok blir det ikkje, berre desse små funderingane her i bloggen. Ein ting er sikkert: heldige oss!
Ein annan ting som er sikkert: safran er ein oppskrytt ting!

Til slutt, litt fine ord frå ei bok av Ragnhild Tangen og Kristine Bech-Sørensen:

VÅKNENDE VILJE

Viljen våkner i deg - og du en liten stor personlighet vil stå for egne valg
på egne bein.

Du - en vårlig kvist som må bøyes, ikke knekkes.
Din uslipte vilje skjærer riper i meg.
Og når trassen fanger oss, ser jeg bare den - og ikke deg min ønskekvist.


"Når masser av leker, mas
og våkenetter trekkes over
meg som en tung dyne, er
jeg for deg fremdeles som
en Sareptas krukke."

Gratulera med dagen til gullesylle! *

søndag 27. november 2011

MENN MED SKJEGG

Av mystiske grunnar ligg det og sleng eit par tøynissar kring golvene her - kjekke småpakkar til småbarn frå små, gamle damer.
Toåringen kallar Nissen for Jesus. Her har me ein jobb å gjera skjønar eg...
I tillegg snakkar ho om at ho vil "gå hjem". Men me er jo heime.
Ein ting ho har rett i er svaret på spørsmålet om kva pappaen hennar heiter. (nei, det er ikkje Nissen eller Jesus).
Litt verre er det ho svarar på spørsmålet om kva mammaen hennar heiter: "Sintefjes", svarar ho.
Har kanskje litt rett i det og. Stakkar liten.

tirsdag 22. november 2011

JULETRE

Før, i gamle dagar, hadde eg veldig mange prinsipp - om både det eine og det andre. Eg var ein slik tjue år gammal besserwisser, skråsikker på alt, absolutt alt. Firkanta, det er blitt meg fortalt. ;)
Firkanta nå? -aldeles ikkje! Aldeles ikkje!!
No, atten år seinare, får eg gudskjelov håpa at det har skjedd ei endring, til det betre...
Fjernsyn skulle eg aldri ha. (kunne faktisk klart meg utan).
Barn skulle eg aldri ha. (seier ho som fekk 3 stk i løpet av fire år)
Mobiltelefon skulle eg aldri ha, heller ikkje datamaskin. (!)
Klubb/dameforening skulle eg aldri gå i. (nå er eg med i minst 3 av sorten, i tillegg til alle barselgruppene).
Festlige venner rippar opp i dette ved behov, som regel i festlig lag. :)
MEN: eg har 1 prinsipp igjen. Står det for fall? Dersom eg seier det fort, så blir eg kanskje ikkje kasta ut av bloggeland: EGSKALALDRIHAJULETRE......
-"Men tenk om du får barn, DÅ må du vel ha juletre?"
- "Mine eventuelle barn skal skaffast ryggrad til å veksa opp utan juletre!" Basta-bom-bom.

Nå har eg barn, som gledar seg til jul. Barna har ei mor, som gledar seg litt til jul. Neida, eg har ingen store traumer med meg i bagasjen frå barndommens jul eller slikt. Men eg likar berre jul litt.
Jovisst pyntar eg, og sender julekort, og bakar småkaker, og kjøper juleklede osb.
Men juletre liksom? Er det ikkje rimeleg teit å ta eit heilt tre inn i huset, henga pynt på det, for deretter å kasta det ut igjen etter eit par veker? Er det ikkje ein veldig rar skikk?
Men eg kjenner det knepper seg litt til, skal innrømma det. Dette året feirar me julaftan her i huset. Kva skal eg då leggja pakkane under? Kan nissen ta med seg alle når han kjem?
Skal eg bli heilt prinsipplaus, eller?
Finst det fleire juletremotstandarar der ute? Kjør debatt!

Ein ting til, på tampen - Mannen vil heller ikkje ha juletre, eller, til nøds eit i plast!!!! Plast du liksom? -Kjem ikkje på tale.

tirsdag 8. november 2011

MANN GOES VINTAGE

I helga har me vore i barnedåp til ein deilig, liten slektning.
Alt gjekk nesten etter planen. Me stasjonerte på Godset, då den vesle slektningen bur eit par timar herifrå.
Ergo: familien My må pakka til ein liten miniferie, inkludert festklede....
Sundagen kom, me dressa oss opp, og drog av stad til kyrkja. Dvs., My dressa opp 4 stk menneske, Mannen tok ansvar sjøl - det var nettopp det..
Rett nok så såg eg i augekroken at det var noko med snittet på Mannen sin svarte dress. Men heldigvis (for Mannen og for stemningen sin del) så stoppa det der, eg reflekterte ikkje noko vidare over det.
Barnet blei døypt. Våre barn leikte bl.a cowboy og indianer i benkeradene der. Og ja, me sat fremst, med publikum i ryggen. Ein sveitt affære altså. Akk, ja.
Omsider sat me benka rundt festbordet. Mannen var påfallande avslappa til å fungera som klatrestativ for skitne barnesko. Han hefta seg heller ikkje noko vidare med om han fekk majones på kragen. Og dette er ulikt Mannen. Og det er ulikt My å ikkje analysera situasjonen vidare. Men i min hjerne er det kun ull for tida, eller tåke.
SÅ sa Mannen, stille, som ein heilt naturleg del av samtalen: "eg har tatt feil dress, så det gjer ingenting om den blir flekkete." !?
DÅ vakna My/dyret i My! Er det mulig? Var det difor eg ikkje syntes Mannen var så hot i dress som eg vanlegvis syns?
Jepp, Dressen var frå 1990!!!! Denne dressen har nok blitt brukt på russeball i -91 for eksempel....Me snakkar skulderputer, dobbeltspent og høgthøgt bukseliv. Treng eg seia meir?
Men det skal han ha: han gjennomførte med stil. (Tvilar på om eg kunne gjort tilsvarande med mine festplagg frå forrige århundre.)
Han var klok nok til å lata som ingenting heilt fram til ved matbordet. Eg hadde blitt sint som ein furie, garantert! Nå blei det kun morsomt.
Han sa det så kjekt sjøl, i bilen, på veg heim: "eg har vintagedress".
Særlig.

torsdag 3. november 2011

FRK. DIVA

Neida, ho heiter ikkje Springflower Appleblossom snart-toåringen min.....
Men det ser ikkje verre ut, der ho går til barnehagen med rosa caps og rosa solbriller desse mørke haustmorgonane. Sjølsagt vil ein ikkje ha brune sko då, kun rosa cherrox!
Ser ut som ein liten celebritet der ho fèr, eller som ein eller annan kuul kjendis- på veg til rehab.
Måtte det aldri bli nødvendig!

fredag 28. oktober 2011

AHA-OPPLEVING

Når ein stiller klokka ein time tilbake....
Det betyr at menneske som står opp kl 05 eigentleg står opp kl 04. Eller?
Looking forward to!
God helg. Punktum.

søndag 16. oktober 2011

SKRAU OG NAN

Nok ein romantisk kveld for My og Mann! Denne gongen er det faktisk ikkje så langt frå sanninga.
mini-Frø er sånn cirka flink til å sova om kvelden. I den anledning, og i anledning min fødselsdag i går....., så skulle kjæresteparetMy ut og eta - på restaurant - om kvelden. O lykke!
Me tok buss og greier, inn til byen. Og begge gleda seg til å fullføra setningar og til å eta ein middag før han blei kald på tallerkenen. (Akk, denne småbarnsfasen altså.)
Rett så triveleg var det! Men det der med å fullføra eit måltid før maten blei kald, det trengte eg ikkje ha tenkt på på førehand. For det var slike pittesmå porsjonar ser du, cirka ein munnfull på kvar tallerk - og DET rakk jo aldri å bli kaldt før det var svelgt ned! Som du kanskje skjønar så var me på ein fin plass, med mange rettar. Du veit slike rettar som ofte er "lune" og "på ei seng av" noko. Eg skjøna ikkje halvparten av det kelnaren forklarte. Rett nok er eg ei jente frå Landet, men klarer meg relativt godt i urbane strøk. Allikevel: niksnullnada skjøna eg av kva det var me skulle eta. Men ein ting fekk eg med meg: det er in med skrau på maten (skrau: dialektord for skum. Såper som skrauar t.d, er gode såper). Så me åt skrau, både til middag og dessert, med ein eller annan smak. Trur forsyne meg det var skrau på ein av kvilerettane òg.
Den der vinpakken som fylgjer med ein mangerettars, den tok me ikkje. Sist gong, dvs for ca hundre år sidan, me hadde vinpakke så blei det så lystig at det var rett før både My og Mann stemde i med Tore Tang der blant kandelaberne......
Og eg er trass alt ei ammande kvinne. Nuvel, det viste seg då me kom heim at miniFrøet hadde testa ut NAN, på flaske! Har aldri skjedd i historia før, hadde berre sett det fram sånn i tilfelle.
Jaja, dei får ta seg ut, tenkte eg. Og det hadde dei forsyne meg gjort. Kjekt å ha ei god mormor. ;)

mandag 10. oktober 2011

EPISODE TREMILLION

Kvalifiserar dette til ein episode i finsk fjernsynsteater?
- Mor i huset samlar saman tomme ølboksar ho finn på vaskerommet. Boksane fyller to bæreposar. Mor i huset tuslar i kveldsregnet til butikken for å panta. Pantepengane byter ho inn i vaskepulver. Så går ho vidare.

(sanninga er at My gjorde dette som ein del av kveldsspaserturen. To flåger i ein smekk liksom. Men ænivei: ingen andre i heimen pantar tomme boksar og flasker, aldri - never! Drama frå virkeligheten er det uansett. Og med haustlege kulisser kunne det lett sjå ut som ein finsk tragedie. Vaskepulver....)

mandag 3. oktober 2011

SERVIETTBILDE


Dette er jo ikkje akkurat ein serviett, det er deler av eit vakkert dåpsbarn.
Men du kan få sjå fleire bilete visst du vil?
Ok, here we go:



Det blei ein flott dag! Alle ingrediensane var på plass: flagg, svetting, brun saus, klatring i alterringen, familie, venner, sukkerbitspising, stramme strømpebukser, fine ord, nervøse blikk, gode blikk, gode ord og mykjemykje kjærleik.

torsdag 29. september 2011

VAKTBIKKJE

Er du søvnig nok, så går det fint an å sova på golvet foran ei sprinkelseng.
Neida, eg hadde ikkje madrass. Og klokka var 05.00.
Men "fangen" holdt seg på plass i det minste...
Vant eg kampen då? Kanskje uavgjort?

tirsdag 27. september 2011

DÅP OG TÆRING, OG LITT OM KLATRING

Endeleg, litt sol på himmelen! Då får eg i det minste lufta 4 stk bunad til o`store Barnedåp i slutten av veka...
Jada, me døyper barna våre. Eg synes det er fint, og eg meinar noko med det.
Men ellers, alt det andre ein må ha klart til ein slik dag, pes..... Ok da, denne gongen kjøper me oss ut av situasjonen: middag og kaffi bestilt utomhus. -Så kan eg heller bruka logistikkevnene mine til å kle på, amma, huska. Håpar ingen er i slett lune den dagen!
Litt strek i rekninga at Mor sjøl har hatt feber i 4-5 dagar nå, skikkeleg tæring høyres det ut som på hosten. Kan ikkje erindra å ha hatt feber sidan eg var liten og fekk sitronbrus til medisin. Jaja, det kjem seg vel.
Ein annan strek i rekninga er at frk Frø, på mindre enn 2 år, har funne ut korleis ein klatrar or ei sprinkelseng, lydlaust! Stønn, egentlig ikkje noko problem ved legging, for då sovnar ho jo til slutt likevel, desto verre med oppvåkninga- sånn i 5-tida om morgonen. Kva skal eg gjera? Binda henne fast eller? -trur ikkje det, nei. Akk ja, babyen er iallefall av det fornuftige slaget, søv godt om natta gjer ho. :)
Jo, jo, nei, nei, me tutlar nå på, alle med sitt.
Kven veit, kanskje eg legg ut eit slikt serviettbilde neste måndag?

søndag 18. september 2011

SLANKEKRIGEN

Som tidlegare nevnt held My på med touch up, all over. Det innebèr sulteforing, turgåing og snart: frisørbesøket. Mannen er vanlegvis ein småspist mann. Men aldri har eg sett han ete så mykje som han gjer når My er på slank! Her snakkar me ostar, brød og potet- i anmass. Trur han driv med eit slags høgkarbosystem. Eg driv med knekkebrød, og tomater, og vatn.
My blir sur når ho er svolten, på grensa mot aggressiv. Snøft!
I skrivande stund: Mann observert i sykkelbukse, innandørs-nede i bula si i kjellaren. Han syklar på ei slags rulle.....og ser på ein Tour de France-dvd, samtidig. Fasiken, han kjem til å bli tynnare enn meg!
Det skal vera sagt: han vil ha meg òg opp på den der rullesaken..... Hm. Kor plasserar ein dei der "selane" som er ein del av sykkelshortsen då? Direkte over ammeinnlegga? Eller kanskje lateralt for puppene, eller medialt?
Dersom eg havnar på sykkelrulla, nede i kjellaren, kan eg garantera at det skal bloggast! Tida vil visa.

tirsdag 6. september 2011

SEPTEMBER

Dersom eg hadde vore poet, og skulle skrive eit kjend dikt om ein av årets månader, då ville eg valgt meg september.
September er god. I september er fint vèr ein rein bonus, ingen forhåpning om at det må vera sommar. September er langt vekke frå masete desember. September har avslappa skuldre.
To av mine beste venninner har fødselsdag i september, og mamma, og bror, og mormor- hadde.
September har lyng, og hortensia.
Forresten har me bryllaupsdag i dag, 3 år. Me huska det, begge to, i dag tidleg - fekk faktisk eit par minutt til å dela eit par setningar om alt som har skjedd dei siste tre åra. Ja, og så gav me presang til kvarandre.
Lærbryllaup heiter det visst etter tre år. Men det treng me ikkje filosofera meir over..

Vi kunde vart nån annanstans
Vi kunde gå åt var sitt håll
Då skulle månen ha en annan glans
och solen ha ett annat innehåll

och du vet att jag
väljer dig
och jag vet att du
väljer mig
jag vet jag väljer dig
varenda gång
varenda gång

Bo Kaspers Orkester

torsdag 1. september 2011

EIT TØRT INNLEGG

1. september 2011 -Då var det slutt på foreldrepermisjonen for denne gong -for forrige barn altså. Kaniner som me tilsynelatande er, så har me klart å skaffa oss meir barn i mellomtida. Dersom nokon skulle bli i tvil: alle 3 er hjarteleg velkomne i familien My. :-)
MEN, til opplysning, og kanskje litt til advarsel for andre, så skal du få høyra litt om systemet i landet:
Etter barn nummer 1 og barn nummer 2 har me vore så heldige i vår familie at eg kunne forlenga foreldrepermisjonen min eit halvtårstid, utan lønn.
For å ha rett til foreldrepengar må ein ha vore i jobb i 6 av dei siste 10 månadene. Den biffen fiksa me begge dei fyrste gongene.
Då tredjemann var på veg var eg altså framleis i ulønna permisjon. Men kanskje eg kunne rekka å vera i jobb i 6 mnd for å opparbeida meg rett til foreldrepengar? Dvs., for mitt vedkommande ville det ikkje vore mogleg å fungera i jobb pga ekstrem svangerskapskvalme. Men eg drøfta dette med arbeidsgjevar, ba om å få avbryta permisjonen, for så å gå direkte inn i ei sjukemelding. Då ville eg ha kunna opparbeida meg rett til foreldrepengar igjen, for barnet som var venta. Men sidan eg allereie hadde vore ei stund i ulønna permisjon, så hadde eg òg mista retten til sjukepengar. For å ha rett på sjukepengar fekk eg vita at ein må ha vore i lønna arbeid i 4 veker. Det var uaktuelt/ugjennomførbart for min del.
Slik var det med den saken.
Kva det endte med? - eingongsstønad, cirka 35 000 kroner utbetalt, i staden for nesten ei heil årsløn....
Og i og med at eg ikkje har rett på foreldrepengar denne gongen, så mista og Mannen sine rettar.
Eg bestemte meg tidleg for ikkje å dvela ved dette. Fakta kunne eg gjera lite med. Og pengar er som kjent ikkje alt.
Allikevel synes eg det er eitt eller anna som skurrar. Skatt har eg betalt meir eller mindre sidan eg var 18 år, og har på den måten bidratt til felleskassen. På den andre sida kan ein altså i teorien kun ha vore yrkesaktiv i 6 mnd og dermed få max utteljing når det gjeld desse kronene.
Akk ja. Me har både til salt i grauten, og til sukker i syltet. men litt irriterande er det, ørlitegrann


onsdag 31. august 2011

DEN SATT!


SAY NO MORE...

mandag 29. august 2011

HVIS MAN EIER TUSEN PLOMMER

Det tidlegare omtala, overfylte, plommetreet står for innhausting. Det betyr syltetøy..... Eventuelle fans av My-bloggen vil kunna erindra det mislukka sylteprosjektet mitt frå i fjor, då syltetøyet blei meir ei slags saft.
Men My gir ikkje opp etter kun eitt forsøk. Neida, friskt mot dette året óg.
Kanskje slikt pulver, Certo eller Jam, er tingen? tenkte eg. AvgårdeKåre for å handla det: intet syltetøypulver å finna i butikkhyllene. Ok, eg spør om hjelp.
Eg såg det med eingong- det flakkande blikket på ho som jobba i butikken. Først fann ho eit slags slankesukker til meg. (og hadde eg vore skikkeleg paranoid nå, så ville eg teke akkurat det ille opp). Nja, det var ikkje akkurat slikt eg meinte, svara eg, så høfleg som eg kunne. Men SÅ såg det ut som det lysna for dama, som forsvann bak ein reol og kom tilbake med, hald deg fast! -ein pose KIRSEBÆRKOMPOTT!!!!
Stønn.
Det er visst ikkje berre eg som er teit. Og eg er til mitt forsvar blondare enn ho.
Kanskje får du høyra meir om sylting ein annan dag. Kanskje ikkje.

lørdag 27. august 2011

ATTER NY LÆRDOM

Nå er det rett før eg må leggja til ein ny etikett her i bloggen, ved namn Fremmedord. For er det ikkje ei helsesyster som snakkar om turtaking, så er det ein frisør som snakkar om touch up..
Har nemleg bestilt meg frisørtime, i håp om å bli ei betre utgåve av meg sjølv. Langt fram i tid blir det rett nok. Frisøren er populær skjønar du.

My: eg ville bestilt ein time til hårklipp
Frisør: berre klipp, eller treng du ein touch up av stripene og?
My: eh, nei, den etterveksten fiksar eg sjøl med ein slags lysespray eg har. Tar litt lang tid med striping. Du veit, baby og greier, og amming og bla, bla,bla...
Frisør: då tar me berre ein touch up av frisyren då
My: ja

Omtrent slik var telefonsamtalen. Kanskje det er eg som får for lite input for tida? Kanskje det er direkte skadeleg for hjernevirksomheten å labba rundt med gulpeflekkar, håret i ein strikk og lura på kva me skal ha til middag?

Men tøtsjøpp skal bli, all over! Berre vent, eg jobbar med saka.

onsdag 24. august 2011

MY MÅ OPPFØRA SEG IGJEN

Er det snilt å gi litervis med plommer til folk som har overfylt plommetre i hagen? Spør ein ikkje om ein vil ha plommer fyrst?
Og nei, det er ikkje aktuelt å frysa ned noko som helst!
Grmpf.

Hilsen gretten, utakknemlig, bananflugeinnvadert kjerring.

mandag 22. august 2011

MY MÅ OPPFØRA SEG

Så var det på àn igjen, med slike barselgrupper på helsestasjonen, du veit. Alltid spennande å treffa andre som har fått barn på omtrent same tid. - og det gjorde me idag. Jovisst, gjengen me møtte har absolutt potensiale. :) Kjekt å få nye turvenner og/eller kaffivenner.
Med fare for å virka negativ: det der opplegget på helsestasjonen er ikkje akkurat ein innertier... Rett nok har eg vore medlem av 3 barselgrupper dei siste fire åra, så kanskje eg er ein smule lei? Men litt fornying er vel lov?
Du skjønar, nå har eg sett den same videoen 3 gonger. Videoen handlar om samspel med barnet. Dama i filmen talar svenska, har fotside briller, permanent i håret og morgonkåpe! Nå skal ikkje eg skrøyta på meg å vera noko hot mama, men Djiises Kraist!
Og eg har heller aldri bitt på den der filmvisingsgreia i undervisningsøyemed. Det er liksom litt for lettvint å setja på ein film.... (sjøl om det ofte, reint teknisk, er vanskeleg å setja på ein film) Nei, gi meg ei engasjert, veltalande helsesyster, som IKKJE spør om me har "spørsmål til det me nettopp såg". Gjesp.
Lærte forresten eit nytt ord idag: turtaking. Trur det betyr at eg skal venta på tur når eg kommuniserar med spedbarnet. Javel. Sikkert det.

onsdag 17. august 2011

AVVIKSMELDING

Mine 3 Frø er avbilda i lokalavisa, på same bildet, i samband med eit slektstreff me har vore på. Hverken My sjølv, eller Mannen, kan gjera greie for når/at biletet er teke. Det står tilogmed namn og nummer under biletet! Hm, har dei samla seg sjøl føre fotografen, og gitt eit aldri så lite intervju? Når sant skal seiast, så er det faktisk vanskeleg, nesten umulig å få desse tre samla på eit bilete, og her har dei altså tilsynelatande klart dette sjølv, utan innblanding frå foresatte. Og eg som opplevde at heile slektstreffet gjekk med til å vakta avkom.... Det må ha skjedd ein glipp. Difor denne avviksmeldinga.
Ænivei - slekt er kjekt. Nærmare 300 menneske var samla til mimring og kos. Hadde alle møtt opp, ville det vore nærmare 500 personar der. Tenk å ha så mange etterkommarar! - det var mine oldeforeldre dette. Oldemor var einebarn, men fødte 10 barn sjøl. Då kan det lett bli folksomt etterkvart....

søndag 7. august 2011

EI SLAGS OPPSUMMERING

Tusen takk for hyggelege gratulasjonar etter forrige innlegg!
"Ferien" er over for denne gong. Fireåring og eittogeithalvtåring skal i barnehagen igjen i morgon, Mannen skal på jobb, My og beibiRapunsel skal vera her i all ensomhet, og nyta freden.....
Puh, det er nesten ikkje lov å klaga på kor travel denne sommaren har vore. Alle er friske, alle- dvs 3 av 5- er raske, alle er i live, me har mat og hus og seng, og ennå har me ikkje klora augene or kvarandre (sjøl om det har vore nære på enkelte gonger).
Strengt tatt er eg jo ennå i barselseng, og burde vel etter gammal skikk ha lagt på mjuke madrassar med beina i kors og fortært barselgraut? Akk ja.
Barselgrauten såg eg aldri noko til, heller ikkje husmorvikaren. Beina held eg for all del ! i kors.
Sommaren for vår del har stort sett vore ein innesommar, ispedd enkelte dagsutflukter til glede for store- og litleFrø. Me har vore på gårdsbesøk, med eingongsgrill, ammegenser, bleier- og det som verre er.. My pakkte ALT, Mannen pakkte lighterbensin. (?)
Me har vore i fornøyelsespark i duskregn, der My fekk lufta puppene på samtlige benker rundtomkring. Barn og barnefar har vore i lekeland, med dertil påfylgjande gangsperr for far. Me har vore på 1 stk vennebesøk og fått deilig servering. Og me har hatt akkurat passe mengd med hyggelege besøk- og fått vist fram det nye familiemedlemmet. Slik er det, slik la me opp til at det skulle vera, og innerst, innerst inne- bak den bleike huden og dei mørke ringane under augene- er me veldig, veldig fornøgde og glade.

mandag 11. juli 2011

SJARMERANDE KAOS

Då var me altså i mål! Vakkert pikebarn såg dagens lys sundag 3.juli 2011. Ho var sånn cirka 3,5 kilo tung og den der gyldne halvmeteren lang.
Fødselen? - lett som ein plett! Eller, rask iallefall... Det heile var unnagjort på eit par timar, og det var så vondt som det SKAL vera.
My sjølv kan skilta med ei bratt formstigingskurve - ein klarer mykje så lenge ein slepp å vera kvalm. Kaffi-inntaket nærmar seg gamledagars nivå, og eg er svolten som ein ulv. Hjernekapasiteten er visst så som så, men det kallar me for ammetåke, sjøl om Mannen si forklaring er at eg har "altfor lite RAM" !? Særlig. Skal gi han RAM eg!
storeFrø og litleFrø taklar situasjonen tilsynelatande bra. Dei er iallefall glade (og har nettopp starta 4-vekers ferie frå barnehagen.....) Storesyster på 1,5 år har det travelt med sine bamsar og dokker og kjolar og vesker. Storebror på 4 år har ei meir filosofisk tilnærming til det heile- han er svært ambivalent i råda han gir om eg bør "eta fleire frø" eller ei. (for den som måtte tru noko anna: eg har fått min dose "frø" her i livet. Heilt sant.)
storeFrø si forteljing om fødselen er enkel og grei: "u datt ud!" Veit ikkje heilt om eg signerar den akkurat....
Namnet? -storebror har foreslått Rapunsel...... med magisk hår. Mm, sikkert det.

tirsdag 28. juni 2011

ÅRETS

Tradisjonar er ein fin ting. Ekstra kjekt er det dersom det er din eigen tradisjon. Familien My starta med å laga sommarkort for 7 år sidan. Sommarkorta blir sende ut i juni, til spesielt utvalgte blant venner og familie. Motivet på sommarkorta skal fortelja noko om livet her og nå, utan at me sjølv er avbilda. Her er årets!
Jada, litt skryt òg dette året- teppene har eg strikka sjøl- 1 til storeFrø, 1 til litleFrø, 1 til miniFrø. Det ligg mykje kvalme i desse teppene..... er det noko som heiter positiv kvalme?!
miniFrø er framleis inni Magen, men er venta UT i aller nærmaste framtid.....
My er jo ei forsagt og svært lite kravstor sjel (lygekross!), men eitt krav blei stilt til Mannen føre denne sommaren: eg MÅ få port på terrassen, slik at eg kan gjerda inn viltre og varme barn medan eg er oppteken med Baby. Så kan det jo henda eg leverer ut ein is til dei av og til, eller kanskje ei pølse i brød? Portane kom på plass. Mannen spikra, lett som ein plett (men DET er ei heilt anna historie) Som du ser av bildet, så manglar det maling, men det er kanskje ikkje så nøye?
God ferie til deg som skal ha det!

lørdag 4. juni 2011

ROMANTISK FREDAG

Igår var det fredag, og My og Mannen var "ute". Neida, ikkje i stilett, slik som andre som var ute i sommarkvelden. My hadde svært praktiske sko, tøyeleg bukse og liknande. Kor me var? -På Ikea vel! -frå kl 20-22. Det mest romantiske ein kan tenkja seg. Barnevakt hadde me skaffa og alt, for ein tur på Ikea.... Men miniFrø må jo få seng, og kommode. Då blir det slik.
Og som den kontrollerande kvinna eg er, så hadde eg sjølsagt sjekka varebeholdningen på nettet før avreise. Det skulle tatt seg ut med ein bomtur! 10 stk stod det at dei hadde, av kommoden me skulle ha. Ganske safe det.
Trur du det låg kommodar i sjølbetjeningshylla? Nope. Men My er ikkje rådvill. Det sto ein svensktalande, ny landsmann der, i Ikea-uniform. Han måtte vel kunna hjelpa? Joda, dei hadde maaange slike kommodar på lageret, men eg kunne ikkje få kjøpa før i morgon! Hæ? Kva er det for ein service?, ytra My. "det er inte servicen, det er säkerheten". Javel, sikkerheten kan ein jo ikkje argumentera mot, så det så. Killen påsto at han ikkje hadde lov å fylla på lageret pga sikkerheten . Kraftige HMS-reglar der på Ikea visst. Men frå kl 04 i natt, då skulle det koma personal på jobb og fylla opp i tomme hyller.
Me gjekk litt snurtne derifrå, og såg føre oss ein kaotisk laurdag på Ikea. Akk ja.
My vagga seg over parkeringsplassen, mot bilen. Rett nok høyrte eg ei voldsom plystring bak meg, men snudde meg sjølsagt ikkje. Er heilt ute av trening på denslags, og kven plystrar på ei høggravid kvinne?
Men då eg måtte snu meg, for å setja meg inn i bilen, kven stod der? -Killen frå Ikea, han som plystra altså! Og sa: "jag kan fiksa, eftersom du är gravid!" :)))
My blei glad, og vagga inn igjen. Kunne jo ikkje senda Mannen inn åleine, det var jo EG som var det gravide alibiet. He-he.
Og vips- ein truck, 3 stk menneske i gule vestar, litt lempelig HMS, og kommoden var vår.
Slik kan det òg gjerast. Men eg er ikkje verre mennesk enn at Killen fekk ein real handshake såklart.
Etterpå lurte me oss til byen, åt kebab og drakk Cola på ein stein, før me vendte heim til barnevakten. Eller, eg hadde meg ei pølse i tillegg til kebaben. Det hadde ikkje Mannen. Han er slank, og ugravid. Ei pølse i slaktetida liksom, kva gjer vel det?
Ein overstadig berusa mann i pølsekøen meinte at eg måtte eta for to, dessutan måtte eg drikka tran, sa han. Kjekt med gode råd på vegen.
God helg folkens!
(nå skal seng og kommode bannast opp)

mandag 30. mai 2011

STOR OG LITEN

Var heime ein tur nettopp. Heime er heime, dvs hjå mamma og pappa. Tok meg ein eittdøgns husmorferie. Deilig det, å bli oppvarta med mat og det å sleppa å stå opp kl 05....
Turen heim innebèr ein ferjetur. Skyss fram og tilbake frå ferja får eg sjølsagt.
Eit barn er eit barn, ein pappa er ein pappa - uansett alder: "nå må du passa deg for bilane når du går ombord i ferja!" Jada, skal det.
Helsing My, snart 38 år. :)

tirsdag 24. mai 2011

HELDIGE OSS-TRISTE OSS

Me var vaksne då me blei foreldre fyrste gongen. Sånn cirka 34 og 35 år var me. Høg alder til trass: barnet som kom hadde faktisk ikkje mindre enn 6 stk oldeforeldre i live! Så heldige me var. Det såg me. Men me såg ein ting til: det ville mest sannsynleg bli mange tap dei nærmaste åra...
Nå har me to oldeforeldre igjen.
Til morgonen idag fekk me vita at me er ei bestemor/oldemor mindre. Det var venta, men trist likevel.
"Men eg har ein oldefar og ei oldemor igjen, mamma?" - Ja, du har det lille venn.

mandag 16. mai 2011

I OMSTENDIGHETENE

Blir ein å rekna som ein slags "offentleg person" når ein er gravid? Det er rart kva ein kan få høyra så lenge ein sviv rundt med kul på magen.
My OG Magen var på handletur her ein dag. I løpet av dagen fekk eg både høyra at eg hadde liten mage og at eg hadde stor mage. Ein blir granska med blikket frå øverst til nederst, og ein formeleg høyrer korleis tankane knakar medan vedkommande resonnerar seg fram til om storleiken på magen står i forhold til termindatoen... "Er det TO der inne?" Den er festleg.
Til opplysning, for særskilt interesserte, så er måla frå skambeinet (skam?) opp til toppen av magen heilt, heilt på gjennomsnittet - akkurat der den raude streken går- på skjemaet for gravide ;) Så det så.
Eg tar meg ikkje veldig nær av det altså, synes berre det er litt rart.
Var i ein bokhandel og, same dagen. Ekspeditrisa meinte at neste gong eg kom til å besøka den butikken, så hadde eg nok vogn med... Javel. Og at dersom eg solte meg godt nå, så kom eg til å få ein gyllen baby. Dessutan ba ho meg passa godt på blodprosenten! øukei.
Kva blir det neste? Kanskje nokon lurar på om urinprøven er normal?

fredag 13. mai 2011

SMART

Vesle frøken på 17 mnd styrer med litt urolege netter for tida. Her ein morgon spurte eg storebroren om han hadde høyrt grininga om natta.
Nei, det hadde han ikkje, for han hadde "tatt av seg øyrene og lagt dei på nattbordet"!
Kanskje eg og skal begynne med det?
Men då må eg kanskje få innstallert slike lampar som blinkar dersom det skulle bli brann eller noko?
AT eg ikkje har tenkt på det før!
Må øyrer liggja i eit glas vatn, slik ein gjer med gebiss? Nokon som veit?

onsdag 11. mai 2011

HYPERAKTIV MY? -NEPPE

Sånn, då var julekorta frå 2010 rydda vekk og arkiverte.
Skriv me 11. mai idag? -Ja, og klokka er 0850.
Eg gjentek meg sjøl til det kjedsommelige: ALT er normalt.

fredag 29. april 2011

HURRA IGJEN

I dag: napoleonskake og champagnebrus sjølsagt! Eg og meg feirar kongeleg bryllaup.
Min unge alder til tross (kremt), politisk ukorrekt òg sikkert, men overmåte begeistra for kongelege ting - det har eg ALLTID vore.
Kunne du, på ståande fot, ramsa opp alle 4 fornamna til prinsen kanskje? Det kan eg, og kunnskapen er like gammal som prinsen sjølv. William Arthur Philip Louis, ser du. Slår meg litt på brystet nå. Ryggrad har eg òg. ;)

torsdag 28. april 2011

DET SKAL IKKJE STÅ PÅ MEG

-dersom ei eventuell framtidig svigerdotter klagar over lite bukettar bak ryggen. For oppdradd til det, DET er han. ;)
Men dette gullkornet kom faktisk i påsken: "mamma, eg HAR issje manerer!" Stakkar liten.

onsdag 27. april 2011

GÅTEFULLT HÅR OG NOK EIN KAMEL

Før, dvs før eg blei mamma, og før eg blei jentemamma, så syntes eg det var slett arbeid av foreldre (mødre?) som ikkje klarte å fiksa håret på småjentene sine. Korleis kunne dei la slike søte småjenter gå rundt med eit tjafs på topplokket?
Ok, kamelen er svelgd. Avbilda fletter varte i nøyaktig 20 minutt. Ikkje var dei symmetriske heller.... Ein gut kan du liksom klippa i denne alderen, slik at det blir ein stilig sveis. Men jenter? -Pøh!
(og dersom nokon skulle få mareritt/våte draumar av interiøret på bildet - jada, det ER på Godset) ;)

torsdag 7. april 2011

KOFFERTEN PAKKA OG NEGLENE LAKKA

Tru det eller ei, men My skal faktisk på tur! -Ei såkalt oval helg (nei, ingen ovale rom) til Danmark. Eg skal lufta vetet, meg sjøl og Visa-kortet. Litt sånn "påfyll" før ny runde med våkenetter liksom. Joda, kvalmen er med på lasset, men i så liten grad at det har eg tenkt å ignorera, glatt og effektivt. Støttekontakt har eg òg med, nemleg ei som har sett det meste frå min kant: mamma såklart! Åh, som me gledar oss. Me skal på hotell, vennebesøk og shopping. Den kraftige avbestillingsforsikringen var tydeligvis ikkje nødvendig, men det kunne vel ikkje EG veta i januar, då eg var på mitt mest elendige?
Svangerskapspapirene er med i veska - det kan jo henda at ein eller annan uniformert person på flyplassen vil nekta meg adgang i flyet, fordi eg ser så veldig fødeklar ut... Men eg har dokumentene i orden ser du! ;)
Ein pose mandler har eg òg pakka med meg, hjelper mot halsbrann. Neida, ingen svisker i bagasjen. Det må vera måte på remedier!
Mannen skal stelle heime. Det betyr rikeleg med pølser og kjøttdeig i kjøleskapet. Blir spennande å sjå om blomkålet som ligg der er forsvunne om nokre dagar. Og ja, klede er lagt fram til Frøa, det viser bildet her oppe. Slik gjer me det, og kvifor ikkje, når det gir My sjelefred?
God tur til meg.

søndag 3. april 2011

HELGERAPPORT

- kun 1 stk barn i hus (bortsett frå det i magen), då besteforeldre har forbarma seg over poden
- Mannen går rundt i Kriposdrakt og pusser opp barnerom, noko som fører til høgt inntak av snus
- Ei forbipasserande mor med to barn på sånn 9-11 år lar barna gjera sitt fornødne, jepp -både bimmelim og bommelom, rett på fortauet utanfor kjøkenglaset her!! (ein skal sjå mykje før augene dett ut)
- Ung, frisk nabofamilie med barn og hund går tur kl 08.00
- storeFrø har fortalt til kusina si at han har tissefant, og bedt bestefaren seia unnskyld når han raper ved bordet
-og eg veltar meg som ei gaselle (? flodhest var det kanskje) rundt omkring i Huset

Greit nok alt, og sikkert normalt. ;)


tirsdag 29. mars 2011

"JEG LEVER I TIDEN" ? -TYDELIGVIS IKKJE

FOR: kor blei det av reservetanken til drivstoff på bilen? Iflg Mannen forsvann reservetankane på 70-talet ein gong. Men menn kan jo lyga, så eg veit ikkje om eg bit på den. Visste du det, at det er ingenting som heiter reservetank lenger?
Heller ikkje slik overstrømsmålar som var på veggen over kjøkkenbenken då eg var lita finns lenger. Borte, vekk. Det var spennande det, å fylgja med på når den raude pila flytta seg over ei anna pil som stod i ro. Barndommens spenning på ein måte.
Postvegen då, har du høyrt om den? Det var hovudvegen det. Veit veldig godt kor postvegen er eg.
Og seinast idag tok eg meg i å instruera ei venninne i kor ho skulle dra i snora for å få bussen til å stoppa på rett haldeplass. Lenge sidan du har sett ei slik snor?
Når det gjeld filmverda (DVD-verda) så blei eg nettopp fortalt at "Baktus og Baktus 2" ikkje var så "stummel" som Baktus og Baktus 1 ! Hæ? Er det verkeleg komen oppfylgjar til filmen om Karius og Baktus? Sistnemnde opplysning kom òg frå ein mann, rett nok ein herremann under fire år, så kanskje det ikkje stemmer?
Helsing gammal sjel i ungt og friskt legeme. Særlig!

tirsdag 15. mars 2011

OM BARN OG KLÆR OG BARNEKLÆR


Dersom My skulle tippa, då ho var barnlaus, på korleis eventuelle barn skulle sjå ut i klesvegen, så var nok sjansen stor for at eg trudde eg ville kle mine barn som Astrid Lindgren-figurar.... Skjønar du? - slike Emil-skjorter, tresko og mamelukker veit du. For det synes eg faktisk er veldig fint og søtt, og smaken min er nok litt i den gata. Blondeskjorter skulle dei óg ha, slike gamle, med rosa/blå/brun kant på blondene (som må strykast og leitast fram frå loft og kjellar). Joda, eg skaffa blondeskjorter til førstemann, og brukte dei, litt. Tilogmed bleiebukser fekk eg tak i etter mykje om og men, for ei slags truse måtte jo nurket ha når mora valgte vekk body og slike moderne ting. ;) Men verda hadde jo gått framover, og det er faktisk lov å vera praktisk. Det fann eg ut etterkvart....
Men så var det dette med stil og smak då. Mine barn skulle iallefall bli kledde som babyar, og ikkje som små vaksne. Hm, eg fekk eit barn som absolutt ikkje hadde noko baby-face, heller ikkje kledde han blafrande, svenskinspirert tøy. Det einaste som kan minna litt om Emil og slikt, det er på ein måte ikkje klærne han går med, men heller eit hyss i ny og ne. Og då må ein kanskje manøvrera deretter? Så ja, eg har ein tøff type, med sneakers (óg kalla "skeitesko"!), hettegenserar og jeans. Stripete nøstebarnbukse blir liksom litt feil på typen, sjøl om han har det og. :)

Nestemann var ei jente. Og det viser seg at det er den jålete sorten... 15 mnd gammal, og svært oppteken av sko, vesker og smykker. Kremt.
Men det er eit par logiske brist av og til: for kan ein ha på seg fire smykker samtidig som ein et or matavfallet? Blir ikkje det det same som å kjøra Mercedes og samstundes vera tannlaus?
ai dåunt nåvv!
Herlege er dei uansett. Sjølsagt!

mandag 7. mars 2011

"DET FIKSER BLOGGEN?" - ETTERLYSING

Då prøver me om bloggverda kan hjelpa. Han der Finn har ikkje vore dugandes til no, heller ikkje "Det fikser P1".. Eg skulle så gjerne hatt tak i to slike album som du ser på bildet. My har. Mannen har. storeFrø har. Då bør vel litleFrø og miniFrø òg få?
Tenk om du, eller nokon du veit om, har to slike, ubrukte liggjande? Eg kjøper dei svært, svært gjerne. Rosa, raude, kvite, men ikkje blå.... :)

søndag 6. mars 2011

BOLLESUNDAG



Ein bollesundag blir akkurat så festleg som du gjer det til. Kvifor ikkje blå fløyte, eller rosa?





Og neida, fasta skal me IKKJE fram mot påske. Det er unnagjort for dette året. ;)

onsdag 2. mars 2011

SLIK ER DET/SLIK VAR DET

Frø: mamma, toffår får du så mange beibier?
My: eg veit ikkje, dei berre kjem...
Frø: eg vett! - du spise så mange nøtter, så blir di te frø neri magen, så vokse di frøene te beibier!

Enn så lenge.

mandag 28. februar 2011

MY-DAG

Mannen her i huset er ein snill mann. Det hender det vankar ein blomsterkvast. Det hender (ofte) at eg får sova lengst. Det hender at bilen blir parkert slik at eg slepp å rygga. Det hender at eg får middagen servert, rett nok etter at eg både har tenkt ut menyen OG handla menyen.
Men det hender òg at eg vurderar å leggja Mannen ut på billigsalg på Finn.no! Så det så.
Nå har det seg slik at denne Mannen har tatt patent på ei genial oppfinning: nemleg noko han kallar for My-dag. I og med at eg er heimearbeidande, dvs husmor, så har han ordna det slik at eg ein gong iblant får min heilt eigen fridag, altså My-dag. Då kan eg forlata åstedet og for eksempel gå på handel heilt for meg sjøl. Genialt påfunn det der.
Og nå er formen og kvalmen såpass, at idag var ein slik dag.
Pudder, solbriller, praktiske sko, fargerikt skjerf, repetisjon av kort-koden, og DER var eg og meg på bytur, idag. :) Ein sann fornøyelse var det, etter vekesvis i kvalmekoma her INNE I HUSET. Vèl unt, om eg skal få seia det sjøl.
Det blei både vårsko og nytt undertøy i handleposen, kafèbesøk òg sjølsagt. Og takeaway-Napoleonskake til Mannen som skulle stelle heime. Veldig u-hipt det der med Napoleonskake sikkert, men kven bryr seg? Tusen takk, gode Mann!
Berre ein ting til slutt - eg hadde sett for meg eit par Sneakers-liknande sko som eg ville skaffa meg for sesongen. Alle skobutikkane blei tråla, men det er rart med det, når ein har dikta opp korleis dei bør sjå ut, så er det jammen ikkje lett å få tak i... Men jo, der, på ein forretning fant eg eit par som var cirka slik eg hadde tenkt. Prisen? - 6000 kroner, sekstusennorskekroner, for eit par sko? Og ikkje ein einaste diamant på dei ein gong? Eg må ha gått i feil butikk. Det er nok i den butikken dei sèl keisaren sine nye klær. Pøh! Snobberi, heiter det.
Men ideen min var iallefall eksklusiv, fant eg ut. Trendspotting-My nå. Særlig.

søndag 27. februar 2011

TRUSSEL

Frø: "mamma, tan du sei unnskyld for at du va så strenge nettopp?"
My: " av og til må mammer vera litt strenge når guttane ikkje er lydige, veit du"
Frø: "men du MÅ sei unnskyld ellers så ska eg issje teina te deg mær"

Eg ynskjer meg fleire teikningar i framtida, så ja, eg sa unnskyld, heilt uberettiga. ;)

lørdag 26. februar 2011

LATE FAMILIEN MY

Her i heimen finns minimalt med sportsinteresse, bortsett frå Mannen og Tour de France. Det er nesten så eg synes synd i avkommet som må veksa opp i denne inaktive familien... Ikkje går me i basseng med dei, aldri kjem det til å skje at mine barn får prøva ein pulk - neppe skiturar heller- i vår regi. På fotballbanen er me sjeldan. Det troppa opp ein kjekk, ung gut på døra her ein kveld. -Om me ville kjøpa sesongkort til den lokale fotballklubben? Eg kom i eit lite dilemma der, for me har ein politikk om at me alltid kjøper lodd og liknande, når ungdommen kjem på døra med slikt. Så eg forklarte i opp og i mente om kvifor eg dessverre ikkje ville ha sesongkort... Sikkert teit. Denne ideen om å støtta opp om ungdom, barn, korps, speidar og idrettslag har blant anna ført til at me har eit heilt rom med toalettpapir og tørkerull i kjellaren! Det var eit par av "kidså" i gata her som skulle tjena pengar til klassetur, må vite. Jaja, det blir nok brukt etterkvart.
Så kanskje me går for å vera "snille" i nabolaget her? Iallefall så kjem ungane og ringer på døra for å spørja etter eit eple, istaden for god, gammaldags epleslang!!
Tenk om eg av ein eller annan grunn skulle befinna meg i Holmenkollen i desse VM-dagar. Det skulle tatt seg ut! DÅ hadde eg følt meg lost in space. Men eg skal innrømma at eg hadde nok kost meg med folkelivet. Kva har ein med seg liksom? Ryggsekk? Veske? Niste? Kor er marka? Kan ein betala for seg på t-banen? Kleskode? Korleis får ein barn til å trivast i mylderet av folk og kubjeller?
Mark har me her, kubjeller òg, men heldigvis ikkje snø akkurat nå.

onsdag 23. februar 2011

EIT LITE INTERVJU


Dama med bloggen Insomnia har gitt meg denne festlege awarden, tusen takk! Det innebèr at eg skal svara på fylgjande 7 spørsmål:


1. Ta opp nærmeste bok og slå opp på side 18, linje 4. Hva står det der?

- "Etter at det befruktede egget slo seg ned i livmorslimhinnen, flyttet noen av cellene......" (Jada, det er ei slik svangerskapsbok som ligg her og sleng).


2. Hva var det siste du så på TV?

- Jungelhjul på Playhouse Disney. Hm.


3. Bortsett fra datamaskinen, hva hører du nå?

- Oppvaskmaskinen vel!


4. Når var du sist ute, og hva gjorde du da?

- Ute? Jo, eg trur eg har vore i postkassen i dag.


5. Hva har du på deg nå?

- omstendighetsklær og skjerf


6. Hva var den siste filmen du så?

- "En ganske snill mann." Anbefales.


7. Skulle du overveie å flytte til utlandet?

- Neppe, i så fall kun for ein periode.


Svar i veg du og, dersom du har lyst. God kveld! :)

søndag 20. februar 2011

ANDAKT

I dag har me faktisk vore på sundagsskulen, storeFrø og eg. Sjøl gjekk eg ofte på sundagsskulen då eg var liten, og eg har kome fram til at det kan ikkje skada.
Litt meir moderne har det blitt sidan den gong då - friske rytmar på sangar frå ein cd-spelar til dømes, og ein god og mjuk sofa å sitja/liggja i medan ein høyrde eit Guds ord var der òg. Og eg som trudde at lite/ingenting var nytt under sola, som Skrifta seier.... Men mjuk sofa var der definitivt ikkje på min sundagsskule!
I dag handla det om at Jesus gjekk på vatnet, og at læresveinen Peter òg skulle prøva å gå på vatnet. Peter gjekk eit stykke, men var nær ved å synka då han kom i tvil undervegs. Kort fortalt. Jesus redda då Peter frå drukning, og det var DET poenget Frøet fekk med seg. Han meinte Jesus måtte vera ein superhelt. Men eg fekk avverga at poden firte buksene for å visa figuren av den superhelten som var avbilda på dagens undertøy.... Det skulle tatt seg ut.

mandag 14. februar 2011

KJÆRE LÅNEKASSEN

Takk for det 19 år lange forholdet, som nå er over. (ingen fare, eg har skaffa meg anna gjeld)
I tjukt og tynt har du vore trufast. Rekningane har kome cirka presist, 4 gonger i året, og blitt betalt like presist. Prøvde meg ein gong på å betala litt "foran planen" din. Men det fiksa du kjapt, ved å hoppa over ein rekning eller to, slik at eg kunne fylgja DITT skjema. Forsto at du ville ha meg lengst mulig som kunde/klient...
Så det siste året var det veldig fristande å avslutta forholdet heilt, litt før tida - slikt er jo ofte fristande i skrantande forhold.
Men sidan eg var den naive parten i forholdet så unnlot eg å gjera det, FOR eg hadde nemleg forventningar til kva som kom til å stå på den aller siste rekninga....! Joda, det stod at "lånet er no innfridd". Greit nok.
Kva med ein liten takk, ein aldri så liten gratulasjon?
Pøh! Skulle til å seia at eg gir ikkje ei krone for lånekassen, men DET har eg jo gjort, mange kroner. Er det ikkje eit menneske som formulerar desse breva? Ville det ikkje vore på sin plass med ei hyggeleg helsing på slutten av brevet der?
Hm, eg hadde nok vore ein dårleg bankansatt, kjenner eg.

søndag 13. februar 2011

TOMT I ØVRE DEL

Sånn, DER tenkjer eg! Då var det over for denne gong, og attributtene/balkongen/frontpartiet får pause, ei stund. Javisst har eg amma, jøss bevares..... Ingen sak det vel? Sjølvaste Moder Jord, det er nok meg. 1 person i magen og 1 person slik, eh, rett på utsida.
Amming er eit ømtåeleg tema, skjønar eg. Difor skal ein vera forsiktig med å slå seg, ja- på brystet, når ein liksom har "fiksa det". Eg tillet meg å harselera litt med dette, på eigne vegne, for dei som kjenner meg godt veit at for meg er amming eit måltid, og stort sett berre det. Og sjølv skulle eg ALDRI amma nokon som hadde sko på seg.... Vel, nå har eg gjort det og. Det var den døra eg stadig vekk møter meg sjøl i. ;)
Ok ordning i grunn, frå naturen si side.
Passande innlegg dette kanskje, på ein morsdag?
Forresten, ynskjer ein seg gåvekort til plastikk-kirurg når ein skal runda 40 om eit par år? Eller skal eg satsa på ein kraftig push-up?

onsdag 9. februar 2011

KYSSING FORBUDT

"Ikkje kyss meg mamma, for då blir eg til ein frosk!" (Frø -3,5år)
Og eg som ikkje eingong brukar å titulera barna mine som prinsar og prinsesser...
Men som Erik Bye sang: mangt skal en møte, mangt skal en mestre.

fredag 4. februar 2011

HAR EG ULLGOLV?

Hm, oppdaga nettopp at Milo-flaska mi òg er tom... Eg har ikkje tømt ho, neppe Mannen.
Akk ja, det er mangt ein skal fundera på.
Kanskje eg skal ta eit brevkurs, i polsk?
God helg til deg! :)

torsdag 3. februar 2011

GULLREINT NÅ

Takk Gud for den fantastiske vaskehjelpen som stadig er innom Hjemmets Lune Rede! Ubetaleleg i grunn. My blir i veldig godt humør når ho har vore her som ein fe og gjort det som gjerast må.
Joda, det har ført med seg ein del pussige situasjonar... My og litleFrø (og spyposane og eplene og den sterke dropsen) ser seg nemleg nøydde til å evakuera huset medan reingjeringa pågår. Kva me gjer? - me køyrer rundt i bil som heimlause, for Frøet skal jo sova ser du. Fint det, å testa bilen på glatt føre til dømes, og greit nok med lunsj på Ikea eller noko. Luksusproblem dette sikkert. Eg er jo heldig, når alt kjem til alt.
Kunne jo forsåvidt prøvd å gjera oss usynlege inni huset medan ho vaskar og. Men eg vil ikkje sjå på at det er andre måtar å gjera ting på enn MIN måte. Dessutan er det vanskeleg å tilbringa ein heil føremiddag ilag med ein person som kan mindre/niksnullnada norsk.
Vaskemiddelflaskene på vaskerommet har heller ikkje polsk tekst/bruksanvisning....
Så til spørsmålet: kan ein bli løysemiddelskada av overvettes bruk av Salmiakk? Host, hark. Kjøpte nemleg ny flaske nettopp, TOM idag. Det lukta, eh, reint då eg kom heim. Svir litt i augene i kveld ja. Eg vil ikkje ha fleire diagnosar. ;)

Forresten: tusen takk for alle dei flotte kommentarane etter forrige innlegg. Det varmte!

mandag 31. januar 2011

MIDLERTIDIG UTE AV DRIFT

Hei folkens! -mammaMy her, kommer ni ihåg?
Kva skjedde med den kjekke nye bloggehobbyen min? Ingen innlegg frå denne kanten sidan november. Forklaring fylgjer: eg har tydeligvis fått i meg noko eg ikkje har tålt..... Jepp, ny arving på gang. Veldig kjekt i grunn, veldig velkommen den der nye personen, men SÅ HIMLA KVALM EIN BLIR AV DETTE OPPLEGGET!!!!! Stønn og akk og ve. Og eg nemner i fleng: ufrivillig avmagring, sjukehusinnlegging for påfyll av væske, 1-åring i huset-uten barnehageplass. ...
Det ante meg då eg fann ut kva som var "i gjære", at eg mest sannsynnleg ikkje ville sleppa 40-vekers torturkvalme denne gongen heller. Eg er faktisk veteran i kvalme, som legen så fint sa det! Så eg handla raskt, FØR virkeligheten innhenta meg og eg befant meg i "fisk-på-land-positur" på sofaen, og innkalte forsterkningar til heimen. Det resulterte i polsk vaskehjelp, mor som tok fri frå jobben for å vera her, og enkelte dagar fekk me faktisk middag i ei korg på døra! Djiises Kraist. Eg levde ei vekes tid som om eg skulle forlata jorda, og fekk unna diverse ærend slik rett før jul. Men SÅ låg eg der, og ligg delvis ennå. Men for spesielt interesserte: kvalmen er der ennå, døgnet rundt, men i ein mildare variant om du skjønar. ;) Og det er rart kva ein kan bli vand til.
Trøsten er at dette ikkje er farleg, og til slutt så blir det som regel kjekt. Nå er eg cirka halvvegs i svangerskapet og miniFrø kjem nok i sommar eingong.
Litt sytete innlegg dette kanskje? Orsak.
Den skrekkelege barnebokfiguren PollyAnna ville nok sett sitt snitt til å kasta dei positive tankane sine over situasjonen.... Eg kan jo prøva:
-eg slapp å blogga om juletreet me aldri har
-eg slapp å slikka på 80 konvoluttar med julebrev oppi (veldig kvalmande den der lim-smaken)
- det er lov å leggja seg kl 2030 kvar kveld
-det lagra seg mange idear til framtidige blogginnlegg i topplokket
-eg slapp å utklassa nokon i mammabloggkåringa, særlig!
-eg har fått 2 nye fylgjarar ved å skriva ingenting! Velkommen, så kjekt!
-innhole kinn er vel siste skrik i modellverda nå, eller? (måtte nesten passa meg i desember då eg prøvde meg på ein julehandel OG hadde kjøpt gatemagasinet, som eg gjekk og bar på. Det var rett før eg fekk solgt det vidare....)
Jadda, jadda.

Og sånn for ordens skuld, på tampen her: alle kjerringråd og mirakelkurar mot svangerskapskvalme er utprøvde tidlegare, i tidlegare svangerskap -utan hell. Akupunktur, sjømanns-armband, ingefær, kjeks og te - you name it. Denne gongen gjekk me rett på dei BLÅ tablettane. ;)



Related Posts with Thumbnails