søndag 5. mai 2013

LIVSTEIKN

Det er jammen ei utfordring å få ein familiebolig til å sjå ubebodd ut..
Jada, me er midt i vårens vakraste eventyr - flyttesjau.
Rett nok forlet me ikkje åstaden før om cirka 2-3 mnd, men eg har allereie pakka eit rom fullt av esker, og det er knapt synleg i omgjevnadene .
Til veka kjem ein slik fotograf og skal ta bilete av huset, til salgsprospektet. Så nå flekker eg ned brudebilete og barnebilete frå veggene her -slikt viser ein visstnok ikkje?
Eigentleg bør eg vel plassere eit par lilla kubbelys og tilfeldigvis eit lilla handklede på badet til dømes?
-Neppe, slik styling bit eg ikkje på sjøl, så då kan det vere det same med heile kubbelyset.
Dersom nokon vil ha huset, så kjøper dei det nok, med eller utan kubbelys på eit fat.

Forresten så er det himla bra timing at ein 3-åring går berserk på inventar med ein lebestift, omtrent på denne tida.
Men me skal jo som kjent mestre så mangt.

Når det gjeld nyhuset, eller kåken, som nokon seier, så er me i rute. Folk til slikt, veit du.
Blir nok bra.

Dessutan så kan det hende eg har gått på ein smell når det gjeld mitt framtidige forhold til kaffikjelen. Dei som har lest litt her før har nok oppdaga at eg er ei ekte kaffikjerring, som kokar min kaffi på kaffikjel, helst ikkje trakting, og Gud forby slik brukardosekaffi frå ein eller annan fancy kaffimaskin- lureri!
Men nå skal eg få induksjonskomfyr, og det anar meg at det kan bli vanskeleg å finna kaffikjel til slikt... Nokon som veit?
Det var innvikla nok å finna kaffikjel til vanlege kokeplater for ei stund sidan, så dette kan bli ei livsoppgåve kanskje. "Vannkogar?"- siddisdialekt for vannkokar, som ekspeditrisa altså trudde var det same som kaffikjel. Snøft. (upps, Donaldspråk)

Jaja, du høyrer nok ifrå meg igjen.

fredag 5. april 2013

UREN-LUREN

Det er ikkje langt me reiser i denne familien. Joda, snart 1-årsjubileum for Mallorca-turen, men sidan då har me stort sett vore her, i Hjemmets Lune Rede.
Nå har me altså vore på påskeferie, og på mange måtar er det ein slags milepæl.
Godset er som kjent i Godset-himmelen, så dit kunne me ikkje dra dette året.
Men som den møblerte heimen me er, så disponerar me trass alt ei hytte, eit Sted....
Nå er nå My ei landsens jente, så eg tar vanlegvis ikkje skrekken av hverken smale vegar, folk som ser på deg, eller uskrivne bygdereglar. Men jammen meg trur eg at eg var rett i nærleiken av Anne Knutsdotter og Truls, på påsketur altså.
Takka meg til at ingen av barna har vist tendens til bilsjukeproblematikk, blant anna.
Me var på eit slags Farmen-opphold. Og slike farmar har som kjent både storbonde og ukesoppdrag.
Mi rolle var å vera inngift kvinnemenneske i kårhus. Jodasåneidaså.
Og berre så du veit det: ved er ein vitenskap. Sjøl har eg mest sansen for menneske som er heil ved. Den der hogsten bryr eg meg mindre om. ;)
Men eg fekk nå lufta meg litt; dvs ein køyretur for å tøma boss, og ein aldri så liten shoppingrunde på Manufakturen , som det heitte der.
Ungane blei òg lufta, og Mannen fekk tilogmed ein overdose frisk luft.
Dessutan var det mykje kjekk slekt rundt oss, store og små. Og det er fint!

Definisjonen på ein framand bil som køyrer i overkant fort? -Narkotika sikkert.

torsdag 28. februar 2013

HYLLEST TIL BARNEHAGEN

Eg forstår det slik at nokre av lesarane mine er i dagleg kontakt med 2/3 av My-barna. Pittelitt skummelt å vita om det, men òg veldig kjekt. Uansett har eg ingenting å skjula, dessutan reknar eg med at mine søte små informerar dagleg frå Hjemmets Lune Rede. ;)
Så, kjære personal i  verdens beste barnehage: Dette innlegget er dedikert til dykk.
Det er så ubeskriveleg bra å møta normal og fornuftig tankegang i måten de driv barnehage på!
Folkens, her snakkar me tyngde. Nei, ikkje slik tyngde i kilo akkurat, men pedagogisk tyngde, medmenneskeleg tyngde, humoristisk tyngde og masse masse sunt bondevet!
Og av og til er det berre så fantastisk politisk ukorrekt: feks å overraska dei eldste barna med McDonalds-lunsj på byturen! I like, a lot. (kanskje nokre foreldre som set urte-teen i halsen av dette?)
Nei, det står ikkje akkurat Nugatti på lunsjbordet i barnehagen, men det hender det ligg ein melkesjokolade i sekken etter at påskeharen har vore på besøk. ;)

Dei fireogeithalvt åra me har vore barnehageforeldre har me opplevd å bli sett, både som familie og når det gjeld dei små sine (avogtilsære) behov.

Javisst er barnehagen liten og trang og gammal. Men det betyr faktisk ingenting så lenge måten å driva barnehage på er så optimal!

Og som ein ekte siddisbarnehage så er det heilt naturleg og normalt å bli møtt av allsang frå garderoben under henting: "Tore Tang" ljoma utover lokalet her ein dag. Og den sangen blir ekstra bra når vokalistane er mellom 3 og 6 år gamle!
Men jøss og bevares, dei har lært "Et barn er født i Betlehem" òg, så ingen fare -breidden blir ivareteken . ;)
TAKK, damer! Lot`s of love frå denne heimen.

torsdag 7. februar 2013

BÅL

Sånn, nok eit kapittel over: forever-never-again!
Kanskje eg skulle fyra opp eit slikt bål her ute på plenen? Brenning av amme-bhar? Og DEN kolleksjonen er ikkje liten! Joda, sikkert liten i cup og slikt, men i mengde så snakkar me eit middels stort St.Hans-bål. Eller ein blir kanskje taua av slikt? "Småbarnsmor sette fyr i boligfelt".

Ja, det er amming eg snakkar om. Syntes det passa så fint i anledning Nylanders 70-årsdag å avslutta denne form for foring. miniFrø er trass alt 1,5 år, og for min del så er det lenge nok.
Når diebarnet snakkar, om ikkje heile, men iallefall halve setningar, så var det på tide å gi seg synes eg. Og når i tillegg ammestunda blir etterfulgt av eit krav om å få låna I-paden ("padd!" "padd!"), då skurrar det litt i overkant for min del. Sjarmerande var det slett ikkje.

Flink har eg jammen meg vore! For det var faktisk eit strev å få det til - alle 3 gongene. Tilsaman har eg amma i 46 månader, det er nesten 4 år...
Ja, eg slår meg litt på brystet nå. Men ikkje bli irritert/lei deg dersom du er ein av dei som av ein eller annan grunn ikkje amma ditt/dine barn. Det er O K. Sjøl fekk eg aldri morsmjølk, kun flaskemjølk, og graut frå eg var 6 veker (!). Og eg blei heilt normal. ;) (cirka normal, eventuelle avvik skuldast ikkje ernæringa) Ho-ho.

Nå: ut på handel, undertøysavdelinga. Det finns garantert noko med magiske egenskaper- pushditdetpassarbest.

tirsdag 5. februar 2013

HUS (2) evt KLESSNOR OG HUNKS

Etter ei morgonstund, og natt, utan gull i munn var det dags for ei slags befaring på huset for My og Mann. Tre barn blei avleverte tre forskjellige stader: den med spysjuke hjå ei bestemor, den utan spysjuke i bhg, den minste hjå ei anna bestemor.
Me skulle sjå på Huset! Anstand hadde me òg med oss, representert ved 1 stk pensjonist.
Joda, der var mykje fint å sjå, både av levande og daude, eh, ting. Snikkarar og greier. Men eg såg ingen spikring, derimot liming. (?) Dei har vel greie på det, tenkjer eg. ;)
I same rennet fekk me valgt ut ein del baderomsinteriør, og ein aldri så liten kakkelomn. 
Så det dreg seg til.

Forresten, er det normalt å ha klessnor? Ute.
Nokon ba meg tenkja kor eg ville ha klessnora. Har ikkje tørka klede ute på klessnor dei siste tjue åra eg iallefall. Folk som foreslår klessnor har kanskje aldri budd på hybel? Folk som foreslår klessnor kjenner nok nokon som kan ta inn klesvasken dersom regnet kjem og ein sjøl er på jobb og kleda heng ute på ei fin snor?
Hm, joda, eg skal vurdera det.

Og ein ting til: kvifor i all verden er toalettene dei aller fleste stadene så låge. Ein treng vel ikkje plent gå i hockey? Planen er jo å bli gammal og hoftesvak i dette huset, og Gud forby eit slikt doringhøgdestativ over toalettskåla frå hjelpemiddelsentralen! Så eg startar min eigen vesle kampanje for høge toaletter.
Ein annan ting eg har grubla på: kvifor står aldri oppvaskmaskinar i normal arbeidshøgd?
Neida, eg er ikkje ergoterapeut.

Har du klessnor, ute? Tørkestativ gjeld ikkje.

mandag 4. februar 2013

KJEFTE-MY

Av og til kan eg bli så rasande sint. Høyr denne:
Brev (les :rekning) i posten frå kommunen me skal flytta til. Forøvrig same kommune me har hatt Godset i dei siste seks åra.
Godset blei rive i desember 2012. Nybygg er under oppføring.
Kommunen har godkjent både riving og bygging.
Rekninga i posten var på kommunale avgifter for fyrste halvdel av 2013, litt over tre tusenlappar.
Kommunale avgifter er mellom anna feieavgift, branntilsyn, renoveringsavgift, vannavgift.
Ok, tenkte eg, dette er nok berre ein liten glipp, at det er blitt sendt rekning for eit hus som ikkje finst lenger. Det ville eg gi beskjed om, pr tlf.
Tru det eller ei: dama i andre enden av telefonen var av den vrange sorten.. Ho kunne vel ikkje vite om huset var rive? (ignorerte totalt at løyvene faktisk var banka igjennom i same kommunen som ho jobba i).
Heller ikkje kunne ho stola på at me ikkje brukte boss-spanna lenger!
Altså, sa eg, huset finnst ikkje lenger. Ein skal vel ikkje betala feieavgift når ein ikkje har pipe?
Ein skal vel ikkje betala for vatn på ei tomt utan vannkran? Ein skal vel ikkje betala for bosstømming når ein ikkje har boss? (dessutan har me betalt fullt renovasjonsgebyr i 6 år, og huset blei kun brukt i feriar).
Nja, ho forsto problemstillinga, men eg måtte skriva 4 stk skriftlege søknader for å be om fritak frå desse utgiftene! Skjønar du? Det er lov å bli sint, eller?                   F I R E søknader! Er det rart det er travelt å vera kommuneansatt?
"fritak".... eg undrar meg på i kor mange år ein måtte fortsatt å be om fritak for desse utgiftene dersom det t.d. ikkje hadde blitt bygd nytt hus der?


Eg blei satt over til eit meir vetugt menneske, eller til "forvaltninga" som fyrstnemnde så hersketeknikkkjekt uttalte det. Og litt sånn tilfeldig så nemnde eg litt slike kjende namn som jobbar på staden. (burde vore unødvendig)
Så kanskje det løyser seg. Skal vel saksbehandlast fyrst.

Mannen kom akkurat heim medan eg var i telefonen. Etter at eg hadde lagt på, sa han: "du kødde kje med My!" Bet your life.

lørdag 2. februar 2013

DYRISK NÅ

My har vore på buksejakt. Nei, eg vil ikkje i buksene på nokon. Skulle tatt seg ut.
Eg vil ha ny bukse, ei litt vårleg tenkte eg. Og å finna bukse som framhevar og skjuler det som bør framhevast og skjulast, det er ikkje plankekjøring. Det er leeenge sidan eg var størrelse 36 ser du.
Difor ber ein om hjelp, i butikken. Dersom du treff nokon som då kan jobben sin, så klokkar dei kjapt kva du treng og kan ha.
Etter å ha prøvd 6 bukser utan å treffa blink, så sa kollegaen til ho som hjalp meg i butikken: "du hadde vore fin i den snake."  ?!
Snake-bukse altså, eller rettare sagt slangemønstrete bukse. Hm.
Og ein kan berre fundera på kvifor akkurat ei slik hadde vore fin på akkurat meg. Kva såg ho der dama, som eg ikkje har oppdaga?
Ein av mine skrekkar er å framstå som ei slik crazy snartførtiår-dame, sjåkormodigogsexyeger-dame..
Kjøpte eg? Jada. (satt så himla godt over valken ser du).

To tunger har mitt hjerte, to tanker har mitt sinn.    eller noko i den duren
Related Posts with Thumbnails