søndag 27. november 2011

MENN MED SKJEGG

Av mystiske grunnar ligg det og sleng eit par tøynissar kring golvene her - kjekke småpakkar til småbarn frå små, gamle damer.
Toåringen kallar Nissen for Jesus. Her har me ein jobb å gjera skjønar eg...
I tillegg snakkar ho om at ho vil "gå hjem". Men me er jo heime.
Ein ting ho har rett i er svaret på spørsmålet om kva pappaen hennar heiter. (nei, det er ikkje Nissen eller Jesus).
Litt verre er det ho svarar på spørsmålet om kva mammaen hennar heiter: "Sintefjes", svarar ho.
Har kanskje litt rett i det og. Stakkar liten.

4 kommentarer:

Elisabeth, innerst i veien sa...

Huff og fnis.
Og det med nisse og Jesus er jo ikke greit å holde styr på.

Shy B sa...

Hehe! Eg tenker at dersom ho seier sintefjes til deg, så snur det fort til smilefjes :)

Pia sa...

He he...

Whitebite sa...

hohoho:)

Related Posts with Thumbnails