onsdag 30. juni 2010

LUNSJ

I dag var litleFrø og eg på eit slags bedriftsbesøk. Dvs. me tok turen til Mannen sin arbeidsplass, på eit slags tilsyn. Me troppa opp i lunsjen. Kunne nesten tru at besøket var uanmeldt, men DET var det slett ikkje. Allikevel, på pauserommet deira, på Mannen sin faste plass, låg liksom lunsjmaten hans klar til han. Bildet oppe i venstre hjørnet her viser det nemnde. My forvandla seg ein augneblink der til tante Sofie, og kryssforhøyrde kollegaen om matvanane til Mannen. Og nei, han kjøper ikkje den daglege sjokoladen sjøl. Han har "folk til slikt". Herremann. Kanskje eg skal bli ei betre kone, og smørja matpakke til guten? Kanskje eg skal leggja små, søte beskjedar på lapp oppi matboksen? Kanskje ikkje.

tirsdag 29. juni 2010

BAKING


50% av familien My, dvs den maskuline halvparten, har fødselsdag om sommaren. Og gutta boys skal feirast, må vite! Den eine blir 3, den andre blir 38, eller deromkring ;)
Slengte liksågodt i hop ei risbolle-røre eg då, på morgonkvisten. Høyrtes ikkje DET lettvint og husmoraktig ut?
Eg er van med risboller heile året, men er klar over at for mange andre er det ein av dei sju sortene..



Her er oppskrifta:

1 pk Delfiafett
1 plate kokesjokolade
6 ss kaffi
2 egg
6 ss sukker
1 pakke puffet ris

Slik gjer du:

Smelt Delfiafett og sjokoladen, i lag med kaffien, i vannbad eller over svak varme.
Lag eggedosis av egg og sukker. Bland alt. Ha i puffet ris.
Fordel i muffinsformer. Ferdig!


mandag 28. juni 2010

"VI LEVER FOR Å LEVERE"

Treng ikkje skriva lesarinnlegg i avisa eg. Får jo gitt uttrykk for frustrasjonar og gleder her i denne bloggen. Her i huset har me ein slags tradisjon når det nærmar seg ferietid. Då er me i kontakt med postvesenet, for omadressering/oppbevaring av post. Og snart, ganske snart, kan det henda at vesenet må ta rekninga for alle reseptane eg kan komma til å trenga pga høgt blodtrykk og magesår!! Posten sine tjenester fungerar ALDRI, har styrt på med dette i sju år, skal snart skriva bok. Eller, det finst nok bokmateriale i posten sin kunde"service" sin logg.... Har ringt mykje dit eg. Kva det går i? Eit par eksempel: brevet om tildelt barnehageplass fant me på trappa, ein rekning med forfall neste dag fant naboen i hekken, bryllaupsinvitasjonar har gått oss hus forbi, me får posten til menneske som me ikkje anar kven er, osv. osv.
Så var det idag då, eg skulle bruka 5 minutt til å melda ferieadresse for husstanden, på internettet. Jaja, nå har eg brukt nesten 2 timar- fungerte sjølsagt ikkje systemet deira. Og kundeservicen? -dårleg, mildt sagt. Og arrogant. Men eg har jo fått meg ei "venninne" i Posten, som eg har direktenummer til, og ringer (dessverre) årleg til. Ho hjalp meg. Slepp til og med å betala for tjenesten, for som ho sa: "på bakgrunn av historia". Det seier litt. Ein eller annan burde nok hatt ein fot i baken her i distriktet. For det er absolutt lavmål. Ein slags verna bedrift, i ordets rette betydning.
Hugsar FØR eg, i Bergen, på postkontoret der. Det var nesten høgtid å tre inn i dei lokalene, marmorsøyler og høge skranker og god plass til å sitja i kø. :) Men nå? - ei eller anna kiwi-dame som må springa mellom kassaapparatet og konvoluttane. Pøh! Hadde forresten posten si raude bankbok òg eg, då eg var student i Bergen. Tok vel ut hundre kroner om gongen, tenkjer eg. Minibank-kort og mobiltelefon?? Hæ, hm? -hadde vel knapt høyrt om det.
Noko av det som frustrerar meg mest her i verda, er når menneske ikkje gjer jobben sin skikkeleg, med ære på ein måte - uansett kva jobb det er. Vaskar ein toaletter, ja så er det viktig med etterfylling av tørkepapir, jobbar ein på kafè - så skal ein tørka av bordene innimellom, skal du spikra eit hus for nokon-så møter du opp etter avtalen, betjenar ein ein servicetelefon- så skal ein yta service.....
Har høner å plukka med Nav og eg, men det er ei anna historie. Iallefall må ein vera over
middels intelligent for å klara å fylla ut alle skjemaene dei har. Ikkje for amatørar det der. Godt eg har permisjon. Då har eg god tid til slikt. ;)
Sånn. Ellers har eg det bra!

onsdag 23. juni 2010

I TÅKEHEIMEN


Javel, då har det manifestert seg i bloggen og. Svart på kvitt, eller svart på lyseblått. AMMETÅKA, meinar eg, og viser til gårsdagens innlegg, der eg var hellig overbevist om at det var måndag! (og det var før vinglaset)
Syntes det blei litt vèl mange kommentarar om vekedag. Og levde i trua på at det var måndag, heilt til eg la meg i går.. DÅ oppdaga eg det -at det var tirsdag. Det var nesten som eg måtte stå opp igjen for å forklara meg i cyberspace. ;) Men idag, idag er det onsdag, trur eg.

tirsdag 22. juni 2010

#!"##"!/


Det er jammen meg godt eg har denne bloggen! Ved å sjå på dagens bilde kan nok enkelte tru at det har rabla for meg. - Bilde av det som var i handleposen liksom? Ja! Det VAR rett før det sa pling i topplokket i ettermiddag, på Handelslaget, nemlig! Derfor treng eg å debriefa. Her, nå, i bloggen.
Ok, la oss ta det frå starten: My var på krambua. På handlelappen stod det blant anna epler, juice, alkoholfritt øl (nei, EG likar ikkje øl, hverken med eller uten). Men idag skulle altså Mannen ha det, i tillegg til ostepop og denslags. (ergo: eplene er til My).
Litt fredleg òg å surra rundt med ei handlevogn, på ettermiddagstid, utan vedheng. :) So long..
Det var i kassen det skjedde, etter at eg hadde betalt, og var i ferd med å pakka varene i posen. (ser du at det kun er 5 brune flasker på bildet? du veit at det vanlegvis er 6 stk som heng i ein slik IDIOTISK papp med hol i, sant?) På ein eller annan måte klarte eg å knusa ei slik flaske, i tusenmillionarbitar!!! Det var VELDIG flaut. Det var mange folk på handel. Det var veldig vått, alle klærne mine, frå topp til tå frå ytterst til innerst. Det var veldig seigt. Det var litt farleg. Det blødde frå fingeren. Det lukta fyll og spetakkel. Så stod eg der då, som ei and. "Be like a duck: Below the surface- look calm and unruffled. Under the surface-paddle like hell." Og eg kjende SÅÅÅ kraftig på eit forklaringsbehov. Hadde liksom lyst å ropa ut til heile butikken at det var alkoholfritt altså! -som om det skulle ha noko å seia?
Det blei eit par "kjekke" kommentarer. Den framande mannen ved sidan av sa: "har du fest?" Ein annan mann: "her skal du få ein pose av meg."... Og jepp, det var kjensfolk der: 2 stk avholdspersonar frå svigerfamilien, 4 stk av dei du møter i garderoben i barnehagen, 1 stk frå barselgruppa, i tillegg til personen eg vanlegvis kjøper gateavisa hjå (som blant anna har utbrodert for meg om delir og alle ting... ) Eg tusla meg blødande, seig, luktande, våt heim. DET ER GRUNNEN til at varene står på eit handklede, måtte skyljast ser du.
Er det lov å ta eit glas vin på ein måndag?

fredag 18. juni 2010

NARRETUT


Desse er til salgs, svært pent brukte:


Desse er òg til salgs, kanskje, snart. (dersom ikkje Kaptein Sabeltann eller Julenissen eller Treet stikk av med dei...) :



Eller kanskje dette er materiale til ein framtidig givvavei.

ØNSKEBRØNN


Tusen takk Elisabeth, innerst i veien - for denne her! :)

Enten så har eg gått tom for idear, eller så har eg alt ein kan ynskja seg, he-he, for eg synes det var vanskeleg å komma på 7 ting eg ynskjer meg....
Så, kva gjer ein då? -Jo, spør Mannen sjølsagt! Kanskje han har ei aning om kva mammaMy ynskjer seg? Tok spørsmålet på alvor han, med kulepenn og greier. Berre sjå her:


Joda, eg ynskjer meg både nytt hus og ny bil. Ikkje kravstor i det heile tatt.... Og reine vinduer, har han skrive, men det fekk eg i går, og det fikste eg sjøl - I STIGE til og med! men det var ei avsporing...
Men nå forstår eg ingenting!!!! FOR PLUTSELEG BLEI SKRIFTA BLÅ? -etter at eg la inn bilde liksom. Hæ? Sikkert ho der My som manipulerar inni datamaskinen her. Felslige greier. Ok, då får eg ha BLÅ skrift vidare då.
Ser du godt etter, så er det eit handskrive ynskje til på lappen (jada, eg HAR stygg handskrift) : men eg ynskjer faktisk å bli invitert til middag på Slottet. Helst for å glo då sjølsagt. Aschehougs hagefest kunne eg òg tenkt meg invitasjon til. :) Og nå trur du nok eg er ein stormannsgal gold-digger. Er ikkje det, ser du.
Hm, kor mange ynskje er me oppe i nå? 6, javel. ogsåynskjeregmegeiRadoklokke. Sånn.

Så trur eg me seier det slik: har du blogg, har du lyst til å dela 7 ynskjer med lesarane dine: VÆRSÅGOD, her er ein award til deg frå mammaMy.
God helg alle!

onsdag 16. juni 2010

HURRA


Blir meir og meir avslørande denne bloggen visst. Men eg MÅ berre seia det: eg gledar meg som ein unge!! For til helga skal eg nemleg sjå på Victoria og han der personlege trenaren, når dei gifter seg i Stockholm. Rett nok er det på fjernsynet eg skal sjå det, men allikevel. Kongeleg bryllaup skal ein ikkje kimsa av. -Ikkje andre bryllaup heller, for den del.
Eg simpelthen elskar kongestoff, eg og alle oldemødrene sikkert... Har ryggrad til å bera det òg ser du. Tenk, alle dei rare hattane me skal få sjå, verdt synet berre det. Og kjolar og medaljer og diadem og striper og stjerner og hestar og juveler. Jippi!
Kanskje eg må sveiva i hop ei kake eller noko, for anledningen liksom? Skal iallefall finna fram eit glas med stett, det er sikkert. Og nåde den som forstyrrar meg då.
Fleire som vil ut av kongeskapet, eller?

tirsdag 15. juni 2010

LOKKEMANN

Hm, anar ein viss tendens her i huset. Det har seg nemleg slik at me på ein måte har innvia underetasjen. Underetasjen i huset altså. Alle andre underetasjar er, eh, innvia. Slik kan det gå.
Men, denne kjellaren var for kort tid sidan strigla og pynta og reingjort og alt. Det fikste me til me feira dåp, og altså hadde mange gjester i heimen. Kjekt det.
På mystisk vis har det i etterkant endra seg kraftig sånn reint estetisk der nede. Og eg nemner i fleng: DIGER flatskjerm, like diger datamaskin, scanner, printer, stereoanlegg med symmetrisk oppsett av høgtalarar, sykkelrulle, sykkel, sykkelpumpe (neida, ikkje slik ei håndholdt, men av sorten som står av seg sjølv - på golvet), saccosekk, litt leker, mange tomme (!) esker...... You name it! Alt dette er krydra med eit lite dryss av ølboksar (tomme) og dunkel lyssetjing.
I dette rommet er det Mannen held seg for tida. Har lagt merke til at han lurer seg ned dit, når kvelden listar seg på tå. Så set eg her då, oppe, i stolen min, og kikkar som ein fisk på land og pustar ut etter eit anstrengjande leggjeritualeavtosmåFrø. Kva skal det bety? I kvar sin etasje liksom? Er jo nesten nygifte og alt! (men berre nesten).
Rett skal vera rett -han har prøvd å lokka meg ned dit, reine lokkemannen ser du. Agnet? -eg kunne sitja å sjå på fotball medan han lekte seg litt på Mac-en!! Høyrt på maken? Fotball liksom. I kjellaren, dvs under jorda, i rotet. Særlig. Drøymer nok han òg. ;)

søndag 13. juni 2010

JUBILEUM


I dag er det eit halvt år sidan litleFrø kom susande til verda! Heldige oss :) Og det halve året som har gått har vore, eh, innhaldsrikt trur eg me seier. Ja, innhaldsrikt er eit godt ord. Me har hatt blod, sveitte, tårer, virus, SNØ, latter, glede, JUL, vår, søvn, søvnmangel, blogging, håravfall, syskenkjærleik, dåp, forventning, besøk, ikkje-besøk, netthandel, barselgrupper, babysang, bæsj, gulp osv., osv. Er du god i hovudrekning, så har du nok allereie funne ut at det var på Luciadagen det skjedde. Her er me, den gravide og gravøren (du slette tid) :

2 timar tok det, to klokketimar så var ho ute, midt på dagen - ut av magen. Gjorde jo litt vondt
altså.
Eller, sannheten er at det gjorde DRITVONDT! Ropte visstnok både på mamma og
Jesus, utan hell..
Men glade blei me, etterkvart, OG overraska -over at det var eit anna kjønn enn
det Frøet me hadde frå før! Snakk om bonus.


Så heretter må alle komande Lucia-dagar feirast åff kårs!
Reknar med at eg skal klara å sveiva i gong nokre lussekattar eller den slags, når så langt kjem.


I dag har me ikkje hatt flagg på terrassen for å seia det slik, heller ikkje lussekattar på bordet. Men me har tenkt tilbake, og vore glade og takknemlige.
Bilder har me òg knipsa. Det anar meg kven ho har arva lår etter.. Feitt på kneskålene til og med! Djiises.


joda, ho kan lesa. Er tidleg av seg, ser du. Her les ho visst om ein katt som...

(teikningane er frå boka "I magen bor en baby" av Thomas Svensson)
(Blei nokre sjuke ord delings feil i dette innlegget, orsak - edb og eg altså!)

onsdag 9. juni 2010

UT Å OMGÅS

Var glad eg hadde fotside solbriller idag, på familiedag i barnehagen... -for då var det ingen som såg kor rørt eg blei av "....... barnehage hei hei hei,ingen barnehage er som deg! Yeaah!" Og dette er berre begynnelsen liksom. Er det mulig? Er det normalt? Ja, sikkert det.
Ganske interessant i grunn, å observera familiar i fire-femtida om ettermiddagen. Familien My òg er interessante då. :) Forskjellige episodar ser du. Joda, men det er nå godt med ei grilla pølse òg. Slapp iallefall å dikta opp middagen idag då.
Uansett er det kjekt når vèrguden spelar på lag når ein sirkulerar utandørs.
Fint nå og i grunn, etter klokka nitten-null-null. (så lenge det er STILLE I FJØSET!)

tirsdag 8. juni 2010

TRA-LA-LA

Nå vil eg fortelja ein hemmelighet. Me har karaokemaskin. Heilt sant! Hadde nok fått enkelte til å vedda millioner på at det ikkje stemmer. Og då hadde eg blitt rik. Kjenner eg er litt flau av det egentlig. Men har jo ryggrad til å bera det, på ein måte. Det er skikkeleg harryjalla greier: solnedgangsbilder, metallmikrofon, poeng, alfabetisk tittelbok og ei lita skai-veske med glidelås til oppbevaring av sakene liksom..
Blir brukt òg, i godt lag. Eller, i svært godt lag. Eg pleier å dra ei sviske av Billy Joel eller noko i den duren. Og Mannen slår til med David Bowie. Eh, kremt. ( og her kjem eit innspel frå sidelinja: "du, NÅ begynne den der bloggen din å bli litt over kanten!") Tji-hi.
Finns vel verre hemmeligheter?

søndag 6. juni 2010

RYDDETID IGJEN

Kom til å tenkja på ein ting: har nemleg kjøpt meg ny pengetaske. Og den har eg installert idag. Slike ting tar TID, iallefall når ein finn så mykje rart i den gamle... Eg nemner i fleng: rutetabell for KystbussenFlaggrutenFerja (alle utgått på dato i 2006 eller noko), lottokupong frå februar (vant ikkje), lånekort til biblioteket i Bergen (hallo! Det er 12 år sidan eg budde der), bonuskort for SAS (driv dei framleis med bonuspoeng forresten?), julefrimerker frå 2008 (sukk), OG: bilder. Og det er desse bildene som fekk meg til å fundera på ein ting. Du veit, slike små passfoto me hadde av kjærestar og liknande i ungdommen, -har slike bilder ennå eg visst, i pengetaska. Ikkje akkurat av kjærestar då, men av diverse barn (ikkje mine barn), av ein tidlegare kollega, av eit syskenbarn osv. Det anar meg at det kanskje er litt passè? Eller? Er det ikkje slik at bildemappa inni mobiltelefonen har erstatta denne funksjonen? Har mange bilder der og eg, av mine barn sjølsagt. :) Alle som viser eit snev av interesse får sjå/må sjå. Så det så. Greit med ei opprydding av og til. Veldig greit å rydda på eit så lite område som ei pengetaske iallefall, lettare enn å rydda eit heilt rom, for ikkje å snakka om eit heilt hus! By the way: fant litt pengar òg faktisk, mange femtiøringar. Korleis er det med deg? Har du bilder i pengetaska?

fredag 4. juni 2010

FINT

Har fått meg nye solbriller. Og det beste med heile solbrillene er dette råkuule etuiet! For me har nemleg fått Moods of Norway-krambu her i byen. Jippi!
Kjenner eg har heilt sansen for stilen. MEN er og litt der: "ikkje kom og fortel meg noko, om traktorar, om bønder, om diamantsting-broderier på veggen, om rosemåling, om vafler, om utedo, om hesjing". For plutseleg så blei alt dette så hippt og kuult, om du skjønar. Utedo har nemleg aldri vore særleg "in". Heller ikkje vafler, eller høy. Og mange har ledd av, meg sjøl inkludert, lampeskjermane og dei rosemåla tinene til gamle naboar heimanfrå. Nå har alt dette fått ein slags revansj. God forretningsidè i grunn. Sél rett og slett som HAKKA MØKK! Kjenner eg slår meg litt på brystet nå. Been there, done that liksom ;) Men, men, berre la dei trippa rundt desse byfruene, med traktor på brystet og vaffel-os i håret. Eg likar iallefall krambua.

torsdag 3. juni 2010

TIDSFORDRIV

Har visst altfor god tid eg. -not! Ser berre slik ut. Har nemleg stæssja og pimpa opp denne bloggen her nettopp. Fått meg både fisk og etikettar. ha-ha-ha
Dei fiskane er nok dei einaste husdyra eg kan ha omsorg for. Var medlem i dyrebeskyttelsen, men det var FØR, ikkje nå.
Allslags ekstrautstyr å få tak i til bloggen sin jomann! Godt eg ikkje har Opel Manta eller noko, hadde nok falt for fristelsen å "staila" grenselaust då. Blodharry greier kanskje?

onsdag 2. juni 2010

MORGON

Kva er det ho har TENKT eigentleg? -med å vakna kl 0530, meinar eg. Kva planar har ein baby på 6 mnd på denne tida av døgnet? Kanskje ho skal treffa nokon? Kanskje ho har ein avtale? Er i alle fall VELDIG BLID.
Ja, mammaMy ER faktisk A-menneske, men det er "til vanleg", ikkje i slike unntakstilstandar som det er, når ein har baby i hus, og kanskje er vaken 4-5 gonger i løpet av natta...
Så kva gjer me då? Set ein bolledeig? -nei. Maler ein vegg?- nei. Vaskar eit golv?-nei. Hadde sikkert vore effektivt det altså, men SÅ effektiv er eg ikkje. Men kaffikjelen finn eg, og på-knappen på radioen. Og når klokka blir litt over åtte, ja då, då er det kviletid. Snakkar meg om! Så sit eg her då, nydusja, lat og litt søvnig. Kunne sikkert utnytta denne tida av døgnet til noko fornuftig. (men blogging er jo veldig fornuftig altså ;) )
Tar ein kopp kaffi til eg, trur eg. Ha ein god dag!
Related Posts with Thumbnails