søndag 20. februar 2011

ANDAKT

I dag har me faktisk vore på sundagsskulen, storeFrø og eg. Sjøl gjekk eg ofte på sundagsskulen då eg var liten, og eg har kome fram til at det kan ikkje skada.
Litt meir moderne har det blitt sidan den gong då - friske rytmar på sangar frå ein cd-spelar til dømes, og ein god og mjuk sofa å sitja/liggja i medan ein høyrde eit Guds ord var der òg. Og eg som trudde at lite/ingenting var nytt under sola, som Skrifta seier.... Men mjuk sofa var der definitivt ikkje på min sundagsskule!
I dag handla det om at Jesus gjekk på vatnet, og at læresveinen Peter òg skulle prøva å gå på vatnet. Peter gjekk eit stykke, men var nær ved å synka då han kom i tvil undervegs. Kort fortalt. Jesus redda då Peter frå drukning, og det var DET poenget Frøet fekk med seg. Han meinte Jesus måtte vera ein superhelt. Men eg fekk avverga at poden firte buksene for å visa figuren av den superhelten som var avbilda på dagens undertøy.... Det skulle tatt seg ut.

6 kommentarer:

Berre Kristin sa...

Hihi, det der siste hadde jo vore typisk ja! Gode minner frå søndagsskule, hjå oss var det heime hjå søndagsskulelæraren, så mjuk sofa høyrer med søndagsskule for meg ;)

Trine sa...

Åh, jeg er nå mest glad for å høre at du hadde en mjuk sofa og slappe av i!!!

Pia sa...

Blotting?
Enig med Trine - godt du får satt deg ned innimellom!

Shy sa...

Hehe! Eg ser, og kjenner, enno stolane frå søndagsskulen!

Unknown sa...

Koslig på søndagsskolen! Som oftest iallfall...dersom det ikkje er ein dommedagsprofet som står for andakten. Men det er sikkert ikkje vanlig nå til dags.
Her er det lørdagstreff, istedenfor søndagsskolen. Og det er så kjekt at både kristne og ukristne (?), barn og vaksne går der. Sikkert pga kaffien og kakene vi får etterpå...og fordi det ikkje skjer så mykje her å bygda...

Insomnia sa...

Hei!
Du har fått en award;) Sjekk ut bloggen min www.insomniaskreativekaos.blogspot.com

Related Posts with Thumbnails