søndag 5. mai 2013

LIVSTEIKN

Det er jammen ei utfordring å få ein familiebolig til å sjå ubebodd ut..
Jada, me er midt i vårens vakraste eventyr - flyttesjau.
Rett nok forlet me ikkje åstaden før om cirka 2-3 mnd, men eg har allereie pakka eit rom fullt av esker, og det er knapt synleg i omgjevnadene .
Til veka kjem ein slik fotograf og skal ta bilete av huset, til salgsprospektet. Så nå flekker eg ned brudebilete og barnebilete frå veggene her -slikt viser ein visstnok ikkje?
Eigentleg bør eg vel plassere eit par lilla kubbelys og tilfeldigvis eit lilla handklede på badet til dømes?
-Neppe, slik styling bit eg ikkje på sjøl, så då kan det vere det same med heile kubbelyset.
Dersom nokon vil ha huset, så kjøper dei det nok, med eller utan kubbelys på eit fat.

Forresten så er det himla bra timing at ein 3-åring går berserk på inventar med ein lebestift, omtrent på denne tida.
Men me skal jo som kjent mestre så mangt.

Når det gjeld nyhuset, eller kåken, som nokon seier, så er me i rute. Folk til slikt, veit du.
Blir nok bra.

Dessutan så kan det hende eg har gått på ein smell når det gjeld mitt framtidige forhold til kaffikjelen. Dei som har lest litt her før har nok oppdaga at eg er ei ekte kaffikjerring, som kokar min kaffi på kaffikjel, helst ikkje trakting, og Gud forby slik brukardosekaffi frå ein eller annan fancy kaffimaskin- lureri!
Men nå skal eg få induksjonskomfyr, og det anar meg at det kan bli vanskeleg å finna kaffikjel til slikt... Nokon som veit?
Det var innvikla nok å finna kaffikjel til vanlege kokeplater for ei stund sidan, så dette kan bli ei livsoppgåve kanskje. "Vannkogar?"- siddisdialekt for vannkokar, som ekspeditrisa altså trudde var det same som kaffikjel. Snøft. (upps, Donaldspråk)

Jaja, du høyrer nok ifrå meg igjen.
Related Posts with Thumbnails