mandag 14. februar 2011

KJÆRE LÅNEKASSEN

Takk for det 19 år lange forholdet, som nå er over. (ingen fare, eg har skaffa meg anna gjeld)
I tjukt og tynt har du vore trufast. Rekningane har kome cirka presist, 4 gonger i året, og blitt betalt like presist. Prøvde meg ein gong på å betala litt "foran planen" din. Men det fiksa du kjapt, ved å hoppa over ein rekning eller to, slik at eg kunne fylgja DITT skjema. Forsto at du ville ha meg lengst mulig som kunde/klient...
Så det siste året var det veldig fristande å avslutta forholdet heilt, litt før tida - slikt er jo ofte fristande i skrantande forhold.
Men sidan eg var den naive parten i forholdet så unnlot eg å gjera det, FOR eg hadde nemleg forventningar til kva som kom til å stå på den aller siste rekninga....! Joda, det stod at "lånet er no innfridd". Greit nok.
Kva med ein liten takk, ein aldri så liten gratulasjon?
Pøh! Skulle til å seia at eg gir ikkje ei krone for lånekassen, men DET har eg jo gjort, mange kroner. Er det ikkje eit menneske som formulerar desse breva? Ville det ikkje vore på sin plass med ei hyggeleg helsing på slutten av brevet der?
Hm, eg hadde nok vore ein dårleg bankansatt, kjenner eg.

10 kommentarer:

Trine sa...

Det må ha vært en deilig følelse, sjøl om ikke noen personlig hilsen og takk fulgte brevet!? Og nå kan du konsentrere deg om de andre pengene du skylder....

Siri sa...

Gratulerer med et brutt forhold. Jeg skulle ønske deg var meg.

Pia sa...

Grattis med evl overstått. Jeg har avvikla mitt forhold der, men var kjapt på noe annet. Mannen strever fortsatt, sånn går det når man skal være så toskete å studere i årevis. I utlandet til og med. Men lån er alltid kjekt...

Elisabeth, innerst i veien sa...

Et lykkelig brudd! Synes du hadde fortjent noen velvalgte ord og en blomsterkvast.

Shy B sa...

Haha! Men godt å bli kvitt det lånet iallefall. Det kjem visst stadig nye...

Anonym sa...

...og så på selveste valentines dagen <3
Gratulerer med bruddet! KLem K

Solbjørg Sørensen sa...

Hei, trufaste kunde i Lånekassen
Det var leitt å høyre at forholdet ditt til Lånekassen har vore skrantande den siste tida. Det er sjølvsagt betre å få pengar frå oss enn å betale dei tilbake, men slik er det no ein gong med lån. Vi veit at det betyr noko for kundane våre å få eit hyggeleg brev når lånet er innfridd, så derfor har vi i mange år sendt nettopp det til kundane våre. Kan det vere at du heilt nyleg har innfridd? Brevet går ut månaden etter at siste innbetalinga er postert. Det går anten med vanleg post eller til postkassen på Dine sider med varsel på sms eller epost. Ta gjerne kontakt med meg om du ikkje får eit slikt brev.

Vi håper du har hatt glede og nytte av forholdet ditt til Lånekassen og ønskjer deg lukke til vidare!

Beste helsing
Solbjørg Sørensen
Leiar for kundeinformasjon i Lånekassen

MammaMy sa...

Sjå det du! Det var jo flott. :) :)

Bustenellik sa...

Gratulerer! Og jeg er imponert over at Lånekassen til og med følger bloggen din :D Det er oppfølging, det!

Mammarie sa...

Gratulerer - en stor dag!!
Gleder meg til det er min tur :D

Related Posts with Thumbnails