onsdag 11. september 2013

HUND SOM VENDER NED

My har begynt på yoga.
Det seier i grunnen alt.
Tru meg, eg er ikkje "slik". Men har møtt meg sjøl i døra såpass mange gonger, at ein gong til kan vel ikkje skada?
Og det er ikkje noko pingle-yoga heller, om du skulle tru det. Til og med syng me litt, på nesten indisk. Dvs., My syng ikkje, så det er tvilsomt om eg oppnår full effekt, men jaja.
Ein ting er sikkert: yoga passar meg betre enn den der zumbaen...
I tillegg så finst det så mange fiffige utrykk og posisjonar - hund som vender ned - til dømes. Fint det.
Og rotlås. (det same som eit godt gammaldags bekkenbunnsknip spør du meg). Men det er vel kanskje rota me låser? Skal ikkje assosiera vidare om Gubben og Gamla og alt det der, men fristande, det var det.
Har ein eitt ope sinn, så får ein med seg mykje her i livet.
Ha ein fin dag!

tirsdag 3. september 2013

ER HER

Neida, er ikkje under sju fot med jord (om du skulle ha slike fantasiar).
Nå sit eg altså her, i ny Kåk, og det kjennes heilt rett.
Forrige bolig blei solgt i løpet av sommaren, etter 2 rundar med visning, utan kubbelys.
Macedonia e.l. fiksa flyttelasset, Nettverket fiksa barnepass, og me innstallerte oss med Mann og Mus. (?) (er det på tysk substantiv har stor bokstav?)
Me har fått oss skulegut.
2 stk pikebarn er på plass i ny barnehage.
My har fått seg ny jobb.
Mannen er blitt dagpendlar.
Og alle fem er faktisk fornøgde!

Har mykje på hjarta, men det får porsjonerast ut.
Ha ein fin kveld!
Related Posts with Thumbnails