onsdag 28. april 2010

OM LEDNINGAR OG SLIKT

Er det berre meg, eller? FØR gjekk det nemleg an å skrua på fjernsynet, og vips, innan eit nanosekund (veit ikkje heilt kva eit nanosekund er, men trur det er raskt) så var biletet på skjermen. NÅ derimot, her i framtida, tek det opptil fleire skikkelege sekund frå ein trykkjer på stilaren (mi mor sitt ord for fjernkontroll...) til ein ser noko som helst i ruta! Kanskje det har noko med alle ledningane å gjera? -dei ledningane, du veit, som ligg og formeirar seg bak tv-benken. Kanskje det tek lengre tid fordi det er så mange og så lange ledningar nå til dags? Men nå er eg kanskje på djupt vatn. For eg har nemleg òg lettare for å forstå at det går an å snakka i ein telefon som har ledning inn i veggen, enn å snakka i ein trådlaus... Men egentlig så forstår eg ikkje det heller, korleis nokon på andre sida av kloden for eksempel, HØYRER det eg seier, både med og uten ledning. Heng du med? Og for ikkje å snakka om walkie-talkie! Hallo, DET er skummelt det. Er walkie-talkie gått av moten forresten? Det er mangt ein kan lura på ei kveldsstund.
Ynskjer meg eit heilt allminneleg fjernsyn eg, helst inni eit kabinett, med fjernsynsteater og prøvebilde og akvariefiskar.

mandag 26. april 2010

KONKLUSJON

Folk som går med hatt syns det er fint med hatt.

torsdag 22. april 2010

KOMMUNIKASJON

mammaMy: du avbryt stadig! Får aldri fullført setningane mine eg. (rett nok tek det ofte laaang tid før eg kjem til poenget)
Mannen: ja. Over.
mammaMy: det er viktig at du høyrer etter på det eg vil fram til.
Mannen: jada My. Over.
mammaMy: sjukt irriterande når du seier "over" heile tida!!
Mannen: men det er eit teikn på at nå er ordet ditt (fristesmil)
mammaMy: over og ut.

onsdag 21. april 2010

HUSMORLIV

Det er eit rart uttrykk i dialekten her eg bur (og det er ikkje min dialekt nemlig!), som heiter "å gå hjemma". Høyrt på maken? Det betyr kort fortalt å vera husmor, som regel for ein periode, fordi ein har små barn. "Åja, du går hjemma du nå?", blir eg av og til spurt. Ja, kanskje det er DET eg gjer? GÅR rundt i huset her. Litt oppe. Litt nede. Litt att og fram mellom romma. Og litt ute på gårdsplassen, kanskje heilt bort til postkassen. Og så går eg litt på terrassen, kanskje ein runde tilogmed, kanskje med firhjult vogn og greier- snur og går tilbake igjen når eg nærmar meg trappetrinnet. Og det hender eg går sidelengs og, som ein krabbe. Kanskje går eg langs veggen, og lekar Cagney & Lacey med liksompistol? Kanskje går eg PÅ veggen? Kan aldri vita. Er nok berre ein lettvegg i så tilfelle.

ONSDAGSKVELD

Komikveld her nå. Mannen har vore ute i sosialt lag, og debriefar her ved kjøkenbenken, ved å helda sitt heilt eige standup-show, på ein måte. Gullkorna kjem på rekkje og rad, og eg ser det SÅ levande føre meg alt, sjøl om eg ikkje ANAR kven han snakkar om ein gong. Det handlar om tomme tønner, nasalt språk, stengde vegar og 17.mai. Innimellom tar han ein runde på golvet og klør seg litt på brystkassen medan han et sviskegraut (!) Treng ikkje gå på show eg, som har så rar Mann. :) Upps, der var visst forestillinga over, til fordel for ein runde med Amigaen. (les: playstation)

mandag 19. april 2010

POKAL


Og DER kom det igjen- sveittinga på framsida av lårene. For eg har fått pokal. Kry som ein hane!! Men litt angstframkallande. For det betyr at eg må avansera i EDB-kunnskapene mine. Linking og greier. Fram til nå har LINK for meg betydd "tablettar som bestemor har i skapet"..... Men me prøver. Tusen takk for pokal i bloggeland frå Elisabeth, og frå Bergljot. To kloke og morsomme damer som er Skybert-venner :) Anbefales! Har pokal i virkeligheten og eg, helst frammøtepokalar frå skulekorpset altså. Kanskje eg skal få Mannen til å spikra (!) eit fint pokal-skap til meg forresten? Og nå skal eg fortelja sju ting om meg sjølv. For det må du når du får pokal i cyberspace. Ok, here we go:

  1. I hjemmets lune rede heiter eg faktisk My. Dvs. det er det namnet Mannen brukar på meg, og har tilogmed gravert det inn i gifteringen sin... Grunnen han gir for kallenamnet er at eg er like sint/tverr/skadefro (og kanskje søt?) som ho i Mummidalen.
  2. Eg diktar sangar til "anledningar". (denne egenskapen er nesten litt plagsom å ha. For eg likar IKKJE slike sangar, av typen densomstårpådetgulearket, i konfirmasjonar og liknande. Blir ille berørt når folk blir imponerte av at ein klarer å få festen til å rima på presten liksom).
  3. I eit anfall av dialektforvirring har eg faktisk spurt ein mannleg kollega fylgjande spørsmål: "har du ronkt?" eh, æh. Flaut dette og. Det eg EIGENTLEG skulle spørja om, var om han hadde RINGT. (til opplysning så nemner eg at han svarte nei på spørsmålet, at DET hadde han ikkje gjort.) Så det så.
  4. Og eg har vist fingeren til berykta kriminelle. (og har fortsatt kneskålene i behold).
  5. Eg har spelt horn i Frelsesarmeen sitt blåseorkester....
  6. Eg har gitt pengar i hatten til det eg trudde var ein tiggar. Men det viste seg at han berre lufta håret litt, og heldt hatten framføre seg.
  7. Eg skal aldri, aldri, aldri lesa om Knausgård sin kamp. Makan! Skaff deg ein blogg, Knausgård, det er her kampen for tilværelsen foregår.
og mykje, mykje meir :) Er medlem i Noregs Mållag òg, om du lurte.
Pokalen gir eg vidare til:
  • Anita - det er alltid kjekt å vera i same rom som deg
  • Anne-Laila - fordi du alltid er i godt humør
  • AnneGrete -fordi du har ein blogg som kun er positiv
  • guttemamma- fordi du har sydd fin syttnemaivimpel til meg
  • mammarie- festlig å lesa i bloggen din
Nesten som kjedebrev dette. Slik me hadde i ungdommen. Reine foryngelseskuren heile bloggen. Puh! Der! Klarte det!!

søndag 18. april 2010

TALE

<--- leketøy

NISK! sa Frøet, då han skulle overbevisa om uviljen sin. Slike herlege talefeil tar på ein måte brodden av budskapet. Stakkar liten, SÅ overbevist om at det var niks han sa. :) Like kjekt når han svarar med eit Jepp, Jepp! -og då er i tillegg meininga positiv. Og det hender at han, på dei raraste stader i huset, finn leketøy som er sette vekk ( Ja, me gøymer av og til vekk leiker med ALTFOR mykje lyd i) og overraska bryt ut : "Har du sett på maken?" Fint å vera toogeithalvt år berre, og på ein måte ha rett -i alt. Ein skal som kjent høyra mykje før øyrene dett av.

fredag 16. april 2010

KAFFI-VISE


Eg slår eit slag for kaffien. Frå kaffikjel sjølsagt! Trudde det var heilt normalt eg, å IKKJE ha kaffitraktar... (rett nok hadde eg ein i gamle dagar, som faktisk blei brukt til å sjekka opp Mannen med. Nok om det.)
Då stadig fleire gjester kommenterte kaffikjelen, "sånn har vi på hytten", forsto eg at det var EG som var avvikaren, på ein måte. Jaja. Tar du kaffikjelen frå meg, vil det gå deg ille, kanskje. Har faktisk prøvd meg 2x9 mnd utan kaffi - kaffi og kvalme lar seg vanskeleg kombinera...
Har te og, i skapet. Greit nok det. For det er ALLTID minst ein gjest som heller vil ha te,- ikkje irriterande i det heile tatt ;)
Og koppar har eg og, mange, Green Gate og greier. Men kanskje kjekkast å drikka i Ari Behn-koppen min, i alle fall på gråvèrsdagar. For den har nemlig sjølvaste Ari skrive på! Og der står det at eg er eit smykke. Tji-hi. Fekk koppen av mamma, då eg var høg-gravid fyrste gongen, noko ho sjølsagt nytta høvet til å fortelja til herr Behn inni glasbutikken der.... Og som den gentlemannen han er , så spurte han etter termin og greier. Og den kommande bestemora forklarte, som det mest sjølsagde i verda, at jo, terminen er når svigermor di har fødselsdag. Dronninga altså. Ikkje flaut dette. Du och jag Ari, du och jag. Og kaffikjelen. Og koppen.
Fin helg til deg som les!

onsdag 14. april 2010

TILSAMMANS

Det er mykje rart ein gjer for husfreden.. For eksempel får enkelte familiemedlemmer delta under middagen i bar underkropp!! Slapp av, det er ingen av oss 3 eldste for å seia det slik. Skulle tatt seg ut. Rett nok er "Tilsammans" ein av dei få filmane eg likar, men ein må jo som kjent skilja mellom skjerm og virkelighet. Og, medan me er inne i filmverda; du BØR sjå Tilsammans, om du ikkje har gjort det før. Spikring kan aldri bli det same etterpå...

tirsdag 13. april 2010

FRITIDSSYSLER

Sånn, då har Mannen fått seg ein fritidsaktivitet. -medlem i styret i barnehagen. Kjekk kommentar då han kom heim frå årsmøtet: "då kan du holda på med Grete Roede-ting, så kan eg holda på med barnehage-ting". Mm, slik går no dagane...
Neida, eg held IKKJE på med Grete Roede ting! Men han trur kanskje det :)

mandag 12. april 2010

FUNDERING

Dei er nesten som allierte dei to Frøene der oppe, i kvar si seng. Kanskje dei har sitt eige OleDoleDoffenspråk, som me foreldre ikkje skjønar? For dei må jo ha blitt enige om å vakna SAMTIDIG, om kveldane for eksempel.
Ein av mammaMy sine tvangshandlingar går ut på å sjekka jevnligt om kvelden -etter leggetid for små frø, OM dei pustar... Joda, dei gjer det -minien på 4 mnd har sommarfuglpust, som du må heilt inntil for å høyra. Litt-større-mini rekk det å stå i døropninga for å konstatera at alt er i orden. Likevel, dei høyrer ikkje kvarandre, trur eg, men klarer gong etter gong det kunststykket å starta synkronhyling. Mystiske greier. Og eg tenkjer med uro på korleis alliansen kan utvikla seg med tid og stunder. Mytteri kanskje? Men uansett, det er godt å vera PÅ LAG MED nokon. Stor bror og lita syster, kan ikkje bli betre enn det. Uovervinnelege då sikkert. :)

lørdag 10. april 2010

UT

I dag har me vore på bytur- mann, mus og 2 stk Frø. Litt vellukka. Og litt stress. Morsomt å sjå på (dvs GLO på) andre familiar som òg er utandørs. Men Mannen hadde IKKJE Hawai-skjorta på, sjøl om det var 8 varme grader... Ikkje alle koner som er like strenge og biske som mammaMy tydeligvis.
Kafè prøvde me oss òg på. Eg rakk ein halv kopp kaffi før puppen måtte fram. Små Frø blir plutseleg VELDIG svoltne. Litt større Frø kan bestikkast med is og denslags.
Og så blei eg "lurt"- Mannen overtala mammaMy til å kikka på eit fjernsyn han hadde sett (hadde lyst på sikkert) inni ein butikk. Det han gløymde å seia var at det var eit 3D-fjernsyn. Ja, eg MÅTTE ta på meg nokre teite briller. Særlig. Har blitt lurt før eg, i fjernsynsverdenen- ein gong måtte me kjøpa nytt, for det me hadde kunne eksplodera - sa Mannen. Lettlurt eg visst.
En spennende dag for Josefine.

fredag 9. april 2010

LARS DEMIAN

Hei igjen! Det går jo litt framover med meg og EDB-en. Men plutseleg oppdaga eg at noko frå youtube hadde havna inni bloggen min.... Joda, eg prøvde meg på noko i går, men oppdaga fyrst nå at eg liksom hadde fått ein link (?) Sikkert det. Anyway- Lars Demian, som altså nå er å finna nederst i bloggen her trur eg, er ein av favorittartistane mine. Anbefales!

FIN FREDAG

Slik ser altså ei parkeringsbot ut. Det fekk eg idag. Joda, klart eg hadde betalt. Hadde til og med plassert bilen korrekt innføre oppmerkinga. Og eg brukte ikkje eingong opp heile parkeringstida. Og lappen la eg SYNLEG i ruta. Men bot, det fekk eg. Eit vindpust medan eg lukka bildøra må ha forflytta lappen, slik at Parkeringsvakten ikkje såg kva som stod der.... ##$%!! Kjekk jobb dei har, parkeringsvaktene.
Fin gul remse igrunn.
Har vore på kant med fleire eg idag, -Banken for eksempel. Vanskeleg, dvs umulig, å opna konto for litleFrø utan at BEGGE foreldrene møter opp med signatur og legitimasjon. -noko som ikkje er så lett å få til, når banken kun har ope i opningstida på ein måte ;) Og då er Mannen på jobb. Gav bankdama ei verbal skrape eg. Kjekk jobb dei har, dei i banken. litleFrø skulle jo ikkje akkurat ha lån heller!
I tillegg så brukte dama foran meg i bensinkøen laaaaang tid, FØR ho gjekk ut av bilen for å fylla. Skifta kanskje kassett i bilstereoen?
Men sånn ellers er det jo ein fin fredag. God vèrmelding, reine golv, mett mage. (forresten, det med golvene var visst reinspikka løgn) God helg!

torsdag 8. april 2010

MØBLER


Hm. Enten så er det at eg drar på åra. Eller kanskje det er nå fyrst eg har forstått det. Eller kanskje manet-ryggraden har endra seg til Ryggrad. MEN ALTSÅ, eg har lyst på ein lenestol, eller rettare sagt ein kvilestol. Joda, ein slik du kan manøvrera bakover, samtidig som det dukkar opp eit fint lite brett for beina.... Uff, styggare møbel finst vel ikkje. Men eg vil ha, allikevel. Drøfta dette med min gode venn Bjørnsen her ein dag. Svar: "åja, så det er slutt på slike Afrika-stolar nå altså?" Det har seg nemleg slik at den møblerte heimen min inneheld 2 Afrika-stolar, av typen "to fjøler som ein puslar saman". Å sitja på ein trestamme liksom, når ein KAN ha det betre? Det neste blir vel hverdagschampagneglass, og drueklype i sølv. Ein kan aldri vita.

tirsdag 6. april 2010

KJERRING

Nå har eg visst blitt kjerring og. For det er vel eit kjerring-symptom når ein synes at ungdommen kler seg stygt? Kva eg tenkjer på? -Desse skrekkelege "One Piece"-dressene sjølsagt! Djiises Kraist. Blir nesten (men berre nesten) irritert av å SJÅ på menneske i denne habitten. Finare med snekkerbukse med angorastrikka genser inni igrunn ;) ? Obs- her kom eit innspel frå sidelinja: "nei, gi ungdommane et sink-hus!" (sitat: Mannen) Klok han. Nei, eg får vel ta ut krylleklemmene, og begynna på ein jevning til sviskekompotten, eller noko.

mandag 5. april 2010

BILRING

Eg har fått meg ny bilring. Cirka 9 dagar tok det, å få den på plass. Men det er jo tida for dekkskifte nå.
"Kanskje eg skal melda meg på eit slankekurs?", sa eg, sånn ut i lufta, til Mannen, i bilen - på veg heim frå påskeferie. "Kanskje det", svarte han, "så har du noko å gjera på". ! ? Sånn er det med den saken.
Related Posts with Thumbnails