tirsdag 23. november 2010

VINNING

Så kjekt at mange melde seg på basaren! Vinnarane av varmeleggarane er:
Er Underveis, Trollmora og Bustenellik. Gratulera så mykje!
Send meg ein mail med adressa di, så er gevinsten i posten fortare enn du anar. ;)

torsdag 4. november 2010

FEST OG BASAR

eller, basar iallefall. Festen får bli ein annan dag. Men det har seg slik at i løpet av dei 8 siste månadene, så har eg ifylgje teljaren hatt over 10 000 treff på bloggen min! Og det er vel bra? Sanninga er nok at My sjøl sikkert kan stå inne for minst eit par tusen av dei treffa. Åtte månader i denne rare, kjekke verda! Er vel eigentleg for eit spebarn å rekna ennå eg då. Men har nå planar om å bli eldre i bloggeland.... Det er mykje rart eg har klart å produsera i løpet av denne tida, og ammetåka kan ha skulda for mykje av det. Her er det fyrste innlegget mitt: her Jaja. Skikk og bruk i bloggeland seier at ein då markerar med give away, eller basar, som eg likar å kalla det. Egentlig er eg/har eg vore skikkeleg ambivalent til heile givvavei-opplegget. Litt funderingar om det kan du lesa her.
Uansett, eg loddar ut 3 par med lekre leggvarmarar, eller varmeleggarar som eg kalla det sist gong det var på moten... Trur dei kan vera forebyggjande på blærebetennelse, katarr og denslags- Eg har ikkje laga dei sjøl, men eg har kjøpt dei sjøl, så det så. Du får 1 lodd for kommentar til dette innlegget, og 1 lodd for link i din blogg. Følgar kan du òg få lov å bli, men det får du ikkje lodd for. Moahahahaha. Då blir det basar, tja 23.november for eksempel? (dersom du ikkje har blogg, bør du skriva ei adresse eller noko til meg)

fredag 29. oktober 2010

MITT BRUNE KJØKKEN



Er det nokon som veit om han der Hellstrøm tar oppdrag i Hjemmets Lune Rede? Han er vel flink til å rydda på kjøkken og slikt?
Hadde det hjelpt om eg hadde måla heile kjøkkenet kvitt kanskje? Er det ein samanheng mellom kvite kjøkken og (lite) rot? Brunt kjøkken-brun kafè, er du med? Mange spørsmål, få svar.
For å roa ned eventuelle tilsette i næringsmiddelkontrollen, på helsestasjonen, smittevernlegar og slikt: Eg driv IKKJE cateringverksemd, heller ikkje lagar eg køppkeiks på bestilling. Men, tru det eller ei: eg er BEST i rydding, ever! (og det bør ein jo vera med dette utgangspunktet...) God helg!

torsdag 28. oktober 2010

I SVINGDØRA IGJEN

At det skulle svi så veldig i mine vedtatte sannhetar, det å vera mor! Er dette MIN sønn? MED juletøfler inn i søvnen, og julebok som sengelektyre? Trudde gener OG miljø i dette tilfellet peika mot slike tilstandar som dette. Akk ja, og framleis er det berre oktober... Nei, bildet er ikkje arrangert ;) o`barnlige lyst Men ein ting er sikkert: alle dei små nissebarna som nissefar måtte ha der nord på den polen, dei skal få velbrukte tuttar (smokkar) dette året. Så me går ei interessant romjul i møte, trur eg.

torsdag 21. oktober 2010

NATTLIG AKTIVITET

Dessverre damer, det blir ingen bilder av hårpryden!! Skulle tatt seg ut.
Men eg kan like godt blogga om dette, fyrst som sist: Tenkte eg skulle la det bli forbigått i stillhet, men nå har det skjedd KVAR NATT i snart ei veke: eg vaknar til, i nattens mulm og mørke, av at eg febrilsk held Mannen fast "for at han ikkje skal ramla på golvet" ! ! ?! Ganske strevsomt å passa på slike ting heile tida. Hjernen er liksom PÅ, døgnet rundt altså. Neida, han har aldri ramla på golvet medan han søv, iallefall ikkje etter at eg begynte å dela seng med han.
Trur han registrerar kva som skjer, men har inntil nå valgt å helda seg roleg/spela død. Det er eit styr. Ikkje veit eg kor mange personar det er i senga heller, så dersom eg tuslar ein liten tur til badet, så befalar eg han rolege/døde om å passa på at dei andre ikkje fell på golvet! Og dette er ein ulønna permisjon! Pff.
Det var forresten òg litt vanskeleg å få av det kvite heklenettet eg meinte han hadde på hovudet her ei natt.....

onsdag 20. oktober 2010

MYSTISK NÅ

Du veit slike damer med burgunder hår? Jepp, har det eg nå..... Og det er svært så sjøloppteken ein blir etter eit slikt frisørbesøk. Blir nok ikkje van til det ser eg. Etter cirka 10 år som falsk blondine, så skal det godt gjerast å bli fortruleg med noverande... Men mystisk, det er eg. Mørk, mystisk og sofistikert. Særlig. Nemnde eg at dei tidlegare lyse stripene blei grøne? Har dei kjemiundervisning på frisørskulen? Kanskje det er nettopp det dei har?
Er ikkje akkurat lett solbrun heller for tida. Meir mjølkekvit, eller blåkvit slik som skumma mjølk. Mannen, han ekte, påsto det var fint. Men HAN stolar me jo ikkje på. Akk ja, små problemer dette. Ha ein fin haustdag -anten du går i ett med naturen, eller ei! ;)

mandag 18. oktober 2010

PLUG IT IN

My var med foreldrene sine på konsert i ei kyrkje her ein kveld. Lokale sangkrefter, salmer og rock`n roll på ein måte.... Forøvrig veldig bra. Ein digresjon, men: dette var på heimplassen min, der eg ikkje har budd på snart 20 år. Og det er utruleg fasinerande å sjå igjen gamle kjenningar frå "den gong då". Eg nevner i fleng: tupè, karnapp på magen, tomme ringfingrar osb.... Joda, det er sikkert berre eg som held meg så utruleg godt! Øh?
Nok om det.
Før konserten starta så var det dempa bakgrunnsmusikk i lokalene, fin stemning. Opphavet ville sitja langt framme, så me gjekk på rekkje me tri -eg bakerst. Og der, plutseleg forsvann bakgrunnsmusikken, samtidig med at eg snubla i ein ledning som var strekt ut der..... Skal sei eg var kjapp til å plugga i støpselet ja! Ingen merka at det var det som skjedde. :) Men det var utruleg morsomt å betrakta lydmannen som blei ein smule hektisk der. Han saumfòr heile scenen og alle koplingar. Eg? -lata som det snøa vel! Og om du lurar: jepp, lydmannen var den same, gamle. Hadde ikkje skifta jobb han dei siste tjue åra.

fredag 15. oktober 2010

SJELS ÅR OG ALDER



I dag er det 7 år sidan eg var spretten, fager og 30 år ung. Stod så stolt på trappa i haustsola og ynskte gjester velkommen til kalas, i venninnesydd kjole -a la Martha Louises berømte symbolkjole til hennar 30-årsdag. :) Du hugsar vel den med terningen på? Litt kongeleg kan ein jo tillata seg å vera. Og det er nøyaktig 3 år til eg går inn i neste kategori: "oss i 40-50åra.... "
Men ja, det har svart til forventningane, det meste, i noverande kategori òg. :)
Det er eit rettferdig fordelt gode det der med fødselsdagar- alle har 1 kvar, kvart år. MIN dag altså. Klart me feirar! Kva anna skulle ein gjere?
givvittumi


onsdag 13. oktober 2010

NOK EIN SCENE

My er på veg ut or huset for å gå i forening.
Nede i gangen, ved speglen:

My: uff, kanskje eg var litt rar på håret?
mann (tilsynelatande interessert): ja, det var litt fluffy på sidene der. Kanskje du skulle greid det litt?
!!! What the f...?
Kva trur han eg HAR gjort der oppe på badet i nesten tre kvarter? Kanskje han trur eg har rydda eller noko? Uansett- feil svar. Ærleg, men feil.
My returnerte til badet, fikste litt, og såg sikkert heilt lik ut - spurte ikkje faktisk. ;)

lørdag 9. oktober 2010

I LOMMEN

Laurdag vaskar me klær. Det gjer me forsåvidt alle andre dagar òg. Ja, eg er førebudd på å finna pinnar, skjell, Bakugan, steinar og liknande i lommane etterkvart. Men DETTE? Rett nok er det ikkje frå lommen til eit av frøa. Håpar snusen og mobilen er langt fram i tida når det gjeld dei. Kvifor har ikkje menn handveske? Det må vel vera tungt å ha alt dette i bukselommane? Jada, me HAR 2 sirkelavtrykk i husets stolar og sofaer, for snusboksane er i baklommane ser du. Men- minnepinne og HASSELNØTT?? Kva gjer den hasselnøtta der, og kor kjem den ifrå? Er det Nøtteliten eg deler husvære med? Trur han det er romjul og skal leika "fillipine"? Kan ein ha hasselnøtter under overleppa istadenfor snus?? Denne gåtefulle Mannen.

torsdag 7. oktober 2010

SJØLDIAGNOSTISERING

Eg har jo hjernevaska meg sjøl til å tru at Alt Er Normalt, som etiketten så fint seier. Men er det normalt å hamstra håndsåper for eksempel, eller serviettar, eller majones, eller gåvepapir, eller damestrømpebukser med mønster? Kan noko av dette vera nyttig dersom det til dømes blir krig og unntakstilstand? Mannen er jo kjend for å ha hamstra mjøl. Kanskje han er litt klokare enn meg allikevel.
Trur eg er periodemanisk når det gjeld shopping. Langvarige periodar altså. Kanskje det finns ein kode for det, i det medisinske diagnosesystemet? Uansett så er det nok ikkje den verste lidelsen å ha.

post scriptum: "eller tusenmillioner plastikknett, med og uten glidelås?" (sitat Mannen, som les sensur)

Handlar du rare ting, i mengder?


søndag 3. oktober 2010

SUNDAGSRAPPORT

Flaks for meg at Mannen er overmåte sykkelinteressert. Ja, det er litt langdrygt alle sommarvekene med Tour de France, KVART år - never ending story. Men akkurat idag passa det fint med VM på sykkel. Veldig bra at Australia ligg på andre sida av jorda, og at syklinga har pågått i heile "natt". Enda betre at innspurten viste seg å harmonera med når dagen/morgonen startar her i My-heimen. Resultat: Frø og Mann luska seg ned i stova og såg fjernsyn, i otta der, Hushovd vant, og My fekk SOVA - herleg!!!
Forresten, det er noko sant i det at 1 stk barn er 1 stk barn, og 2 stk barn er 10 stk barn. Me har nemleg berre ansvar for 50% av avkommet denne helga, og det er nesten som ein liten ferie å rekna. ;) Engasjerte besteforeldre er gull verdt! Trur til og med dei får poden på sundagsskulen idag, og det kan vel ikkje skada? Flanellograf og greier der sikkert.
Ha ein fin sundag! Idag har grytene pause.

onsdag 29. september 2010

MISJONEN LENGE LEVE

Hm, er det ingen som har høyrt på sangen i innlegget under, eller? Pliiis!
Trykk på den blå skrifta i innlegget under, så tenkjer eg... ;)
Hilsen maseMy

tirsdag 28. september 2010

LYSSNA!


Hallo damer!
Eg driv min eigen vesle "misjon": Lars Demian-misjonen. Ja, han finst nederst i bloggen min. Dette er eit nytt forsøk på å få fleire til å leggja merke til denne fantastiske artisten. Tekstane er knakande gode, musikken likeså. Har vore på eit par konsertar med han - terningkast 7, spør du meg! ;)
Sangen eg legg ut her, er veldig trist, og veldig vakker. Sjekk ut folkens! Sangen heiter På den andra sidan.
(ikkje dum å sjå på heller han karen her..... ;) Bildet er frå Krokstrandfestivalen, i nærheten av Strømstad i 2006)


tirsdag 21. september 2010

ER DET LENGE TIL PÅSKE?


Det sneik seg ein kvalme over meg i ettermiddag. . . Til alle bekjente (som veit at eg nokre gonger i livet ligg utslått av kvalme, i horisontalen og ruger) : eg er IKKJE komt i omstendigheter igjen. I tilfelle så hadde eg hatt mykje til felles med Maria Møy, den reine. Apropos Maria og desse, ho er faktisk indirekte litt skuldig i kveldens kvalme. Eg var nemleg ein kjapp ettermiddagstur innom den lokale gåvebutikken, OG DER VAR DET BLITT JUL!!!!!! Er det mulig? Dersom eg ikkje har rekna feil, så skriv me 21. SEPTEMBER idag, og Jesusbarnet hadde knapt vore levedyktig sånn cirka 3 mnd før termin, ute i ein stall og alt!
Der var englar, juletrepynt, soppar, hjerter, sinkskilt med "God Jul" med meir, med meir. Fine ting alt, men det må vera visse grenser, spør du meg. (og det er det ingen som gjer). ;)
La gå da, eg VAR på julepresanghandel 8.oktober, i fjor. Men det var av reint praktiske grunnar -for eg hadde jo toska meg til og sørgt for eit aldri så lite julebarn... (Maria og eg, veit du). Så der fòr eg då, stor og tung -med ryggsekk (eg går ALDRI med ryggsekk elles!) Sekken stakk ut bak, magen stakk ut framme, og det var mykje som kunne knusast rundtomkring... Hadde visst varm hue på meg òg, så vidt eg hugsar. -Eit interessant syn sikkert. Og kven trur du som måtte spørja etter gåvepapir med julemønster, sånn i starten av oktober? Snakk om å møta seg sjøl i døra!
Men det skal eg ha -hadde eg fått ein sønn då, så var risikoen stor for at namnet hadde blitt Juul. Nokre understatements skal ein jo ha. ;) Det blei ei dotter, på Luciadagen sjølsagt, og det betyr at eg sikkert bør baka lussekattar kvart år, i overskueleg framtid. (var visst ei svingdør eg møtte meg sjøl i).
Nå er det sikkert nokon som trur at dette er fru Anti Jul sin blogg. Det er ikkje heilt sant. Jul er OK, men berre det- heilt OK. Nå har eg ikkje blogga meg gjennom ei advent og ei jul før, men eg kjenner på meg at dette sikkert er som å banna i kyrkja, i store delar av bloggeland. Akk ja, mangfald er vel bra? Berre ikkje heile jula gir bloggen min banesår, he-he..
Blir sikkert kjekt.

søndag 19. september 2010

NAKEN PIRAT

I kveld, etter badetid hadde me "besøk" av ein naken miniatyr-Kaptein Sabeltann.... Eller, han var ikkje HEILT naken, for hodeplagget var på plass, sjørøvarhatten. Slik gjekk det:
liten: "Hiv o hoi, nart er darten vår, så tan vi ta det rolig....." osb.
stor: "darten, ka er det?"
liten: "det er på englesk!!!"
Ikkje tapt bak ei vogn han der heller.
Vidare: "så tan vi lukte bæsj, derfor ror vi inn til land"
Kor skal det enda?

torsdag 16. september 2010

SJØLSKRYT


Det er INGEN fare for at denne bloggen konverterar til å bli ein hobbyblogg, og du kjem heller aldri til å finna ei krambu frå meg på Epla. SÅ talentfull er eg nemleg ikkje, men eg kan litt, dersom eg vil, og med assistanse frå tanter og slikt. ;)
Men dette teppet har eg faktisk spøta, heilt sjøl. Mønsteret var i eit gammalt vekeblad frå 70-80-talet. I tillegg har eg brukt enkelte mønsterstiper frå andre oppskrifter, alt etter kva som kan passa til eigaren av teppet. Dette teppet har ein nyfødd liten gut fått, han bur på ein gard der det er traktor, gulrøter og sauer. :)
Mine 2 barn har óg fått kvart sitt teppe, eldstemann eit litt større enn pikebarnet... så ja, dersom eg skulle få 10 barn så ville mest sannsynleg teppet til nr 9 og 10 ha blitt på storleik med ein gryteklut og ei glasbrikke.
Fritt fram for skrøyt i kommentarfeltet! He-he.

tirsdag 14. september 2010

7 TING


Takk til Pia, som gav denne til meg. Det var jo veldig kjekt, for då fekk eg fotografera og visa fram 7 duppedittar som er uunnværlige for meg. Om bloggen min er kul? Tja, kanskje det, sånn innimellom iallefall.

I tilfeldig rekkefølgje:




Spegl må ein jo ha! Sjøl om det av og til kan sjå ut som eg ikkje har det.





Mobiltelefon sjølsagt, eller TELEFON i det heile teke. Hadde nok hatt eit ytterst skralt nettverk utan denne dingsen tenkjer eg. Ok, småbrødre: UNNSKYLD for at eg lo hånleg og himla med augene då dåkke hadde "forstått det" lenge før meg - at mobiltelefon må ein ha... For det skulle eg ALDRI ha! Steinteit, mobiltelefon liksom?





Kaffikjel, med kaffi oppi. Den har redda mange situasjonar. ;)




Tørkerull. Eg er storforbrukar! Tørkerulljunkie, er det noko som heiter det? At det er en nyttig ting kan ingen komme fra.




Vippestol. Utan denne hadde eg aldri fått dusja for eksempel. Reknar med at vippestolen forsvinn ut av må ha-lista i framtida. Så ja, dette er ein midlertidig uunværlig ting. Jaja, skal aldri sei aldri, kanskje har eg 7-8 nye barn om 10 år? "Og lykken ville ingen ende ta, liksom?"



Pinsett. Er med overalt. Øyenbryn, skjegg, bart og det som verre er. Say no more. Ein får gjera det beste ut av det ein har fått, eh, tildelt. Neida, slapp av, eg går ikkje berserk - dersom nokon i dette øyeblikk skulle sjå for seg overnappa bryn i klovnefasong. ;)


Radio. På P1 eller Radio Norge.


Synes du at du har ein kul blogg, så fritt fram - vis oss 7 uunnværlige duppedittar. :)

mandag 13. september 2010

S(T)INK

Besøk i My-heimen: "har du fått deg sinkbøtte? Akkurat ei slik som "Kari til Per" brukte til toalett! Ho hadde lokk på altså. Og ryktene seier at ho oppbevarte bakst rett i nærleiken av sinkbøtta."

Grmpf. Interessant informasjon i grunn. Og eg som trudde eg var så moderne og hipp og kul med lysgrøn sinkbøtte til nødvendig oppbevaring! SÅ feil kan ein altså ta..
Ja, "besøket" kom frå ein generasjon OVER. Av mødre og barn og fulle folk.......trur eg me seier.


tirsdag 7. september 2010

TVILLINGAR

Det går eit par flinglinger i barnehagen til Frøet. Han fortalte det. Så då er det vel sant.

mandag 6. september 2010

BOMULL


I dag har me vore Kone og Mann i 2 år. Jepp, heilt sant. :) Det går forbausande bra. Trur me visste kva me gjekk til etter å ha hengt isaman sidan det Herrens år 1993! Jøss.

På internettet står det at det heiter bomullsbryllup etter 2 år. Etter 3 år står det at det heiter lærbryllup (upps!, lær?). Same kva det heiter i grunn, uansett så gjekk me inn i dette ekte skapet, eller ekteskapet. Fint skap å vera inni det, saman - så lenge ein toler kvarandre, likar kvarandre, er interesserte i kvarandre, og med fare for å bli svulstig: elskar kvarandre. Ofte lett, ofte vanskeleg.
Ei klok dame sa at dersom du spør ei kvinne om bryllupet hennar, eller om fødslane hennar, så får du svar, om ho så er 100 år og har ein fot i grava. Ein kan ikkje bli ferdig med å fortelja om det. Og nå kom det nettopp ut ein stemme frå bloggen min, som sa: Fortell litt om bryllupet, My! Høyrt på maken? Kan alle ting den her bloggen visst.

Nesten 100 gjester, utandørs vigsel-i havgapet her vest, 19 varmegrader og lett blafring i sløret, trekkspel istadenfor orgel, Deilig er jorden, sangerinne, Alt-ALT stemde! Det var vakkert, magisk, fantastisk. Rett og slett!!!

Etterpå: god mat, gode talar, vals, gåver, latter, tårer, Glede.

Du kom til meg frå grybleike strender
drøymd av Gud inni æva ein gong
Eg har bore deg på mine hender,
eg har gitt deg min djupaste song.
(Jakob Sande, Hymne)

Kunne fortalt meir, mykje meir, men stoppar her. :) Forresten, bloggen spør kva sang me dansa brudevalsen til? DET skal eg fortelja deg: Lars Demian -Man får vara glad att man inte faller ned och dør. (he-he) (Sjekk Lars Demian nederst i bloggen min, by the way) Og sjølsagt: Leonard Cohen - Take this waltz.
Sånn, nå har eg røpt mykje. Og ja, eg har fått roser til bomullsdagen, raude. ;)

eg tenke på mysteriet deg, og under over alle under: at du elske meg...... (Bjørn Eidsvåg)

søndag 5. september 2010

UTENDØRS IGJEN

I dag: ut på tur med vogner, solbriller, kjeks, saft, pølser i termos, pølser i sylvpapir (veldig lite hol i opningen på dei termosane. Grr.), ketchup, kamera, vinterkledd Mann, sommarkledd Kone, og 2 stk vakre barn.
Me fant eit vatn, med ender og sikkert frosk (!). Me fant ein benk og litt skygge. Me (dvs storeFrø) fant PINNAR. Me åt og drakk, nokon amma. Reine idyllen.
Spørsmålet blei stilt: "var det kjekt å gå på tur og eta ute?"
Frøet sa: "mm, akkurat som ein familie." :) :)
Han har så rett, så rett.

lørdag 4. september 2010

ADVARSEL

I My-heimen laurdag føremiddag, før My og storeFrø tar seg ein bytur:

Mannen, til sønnen på 3år: nå må du passa deg så du ikkje havne i ein blogg!
storeFrø: hvilken blogg? (ja, han snakkar bokmål!, innimellom. Sikkert barnehagen sin "feil", eller kanskje fjernsynet? )
Mannen: sånn som er på internett
storeFrø: eg vil seee den bloggen

Humre, humre. Han har mykje å læra. DEI har mykje å læra.
Men, ja, me VAR på kafè, og i lekebutikk, og i tingforretningar. Så var me visst på Skjeive Dagar òg, men pyttsann.
Fint vèr var det òg! Sol og skyfri himmel, og litt medgangsbris. :)

onsdag 1. september 2010

STILIG DER ÒG

Sjekk desse kanonkule ammeinnlegga!! Jepp, kjøpt på internettet sjølsagt, nærmare bestemt på Epla.
Skal gi dei som barselgåve, etterkvart.... og tippar mottakaren blir glad for dei ;) Joda, My ammar òg, men lite lekkasjer for å sei det på den måten. Eh, kalven, eller barnet sørgjer for at ingenting går til spille. Slik kan me seia det ja. Døgnopen sjølbetjening er det me har, som ei purke i sideleie om natta ligg eg, og rett og slett innbyr til å kopla seg på ved behov. Djiises Kraist. Kan ikkje gjera greie for noko eg, på morgonkvisten. Ser berre mjølkebarten og eit tannlaust smil der ved sidan av meg. Ho ligg som ein liten strek heilt, heilt inntil. Alt har si tid. Sjarmerande greier i grunn. :)

lørdag 21. august 2010

MARKENS GRØDE


Nå står ikkje verda til påske! Eg har nemleg sylta idag... Plommesylt. Mm, nok eit delvis vellukka prosjekt i My-heimen. Husmorlivet er oppskrytt. Har ikkje husmorskulen på CV-en ser du. Så då blir det livets harde skule..
Plutseleg stakk ein svoger innom, med ein bærepose plommer. Ja, me kunne ha ete dei rå, for å seia det på den måten. Men ved nærmare ettertanke så fann eg ut at eg orka ikkje konsekvensene - frukt omdannar seg jo, i den fantastiske kroppen må vite. Og ein heil bærepose? Say no more. Og sidan eg har GOD tid, og sidan eg kjenner meg rett så opplagd for tida (lygekross), så syltar me litt. Det er nok gjort i ei handvending ? (med til historia høyrer at litleFrøet driv terrorvirksomhet på nettene for tida. Vaknar minst eingong i timen, og står og kaukar i senga, og har ikkje vèt til hverken å leggja seg ned igjen eller til å suga på noko anna enn puppen!!! EG BLIR SNART GAL).
Internettet hadde ei grei forklaring på plommesylt -----> iverksett. Det blei rett så triveleg stemning der på kjøkenet, varm, god plommelukt, musikk på radioen, litt kaffi i kruset. Men SÅ:
Mannen: "skal syltetøy silast?"
My: "NEI!"
For eg silte nemleg. Det eg hadde i gryta var nok meir ei plommesuppe. Han var klok nok til å skifta rom akkurat då, Mannen.
Nå har eg plommesyltetøy OG saft. -det vil seia - i den grad ein kan kalla det saft når det inneheld Certo eller kva det nå i himmelens namn heiter. Kunne liksom ikkje jevna med mjøl heller, sjøl om mjøl- det har eg.

mandag 16. august 2010

MENN OG MJØL

Det ser ut som om Mannen har misforstått heile opplegget.... Sendte han nettopp på butikken for å kjøpa eit par småting, deriblant 1 kg mjøl. ("ka gjørr du? blogge du mjølet? fekk du någe å gjørr på hvertfall")
Nå har eg 10 kg mjøl!!! TI KILO!!! Kanskje han trur han er gift med Bakermester Harepus? Kanskje han trur at me har ekstra god plass i kjøkenskapene? Kanskje han trur at det snart er tid for julebakst? Kanskje han aldri har høyrt om at det kan bli insekter i mjøl som står for lenge ubrukt? Kanskje han har tenkt å skaffa seg boller i omnen? Kanskje det var eit hint? Kanskje han har fått solstikk? Gudane veit. Forklaringane er mange, og rare: det var så billig (!), me må ha meir pannekaker, du spør alltid om me har mjøl....
Herreminhatt- seier dette noko om kvinnesynet hans, eller er det å dra det for langt? På alle dei åra me har vore på førenamn, så har eg aldri, aldri , aldri sett han bruka mjøl til noko som helst på eget initiativ!
Eg mistenkjer at han ikkje fant dei små eittkilosposane i butikken, og eg mistenkjer at han ikkje gadd å opna plasten rundt dei fire 2,5kilospakkane han faktisk fant....
Akkurat nå kan du få Mannen billig. Trur eg legg ut ein givvavei på han, eller på mjølet. Djiises Kraist.

lørdag 14. august 2010

HODEKRÅLL

Eg anar at me kan ha ein 3 år gammal Picasso i hus, eller Michelangelo. Guten har kjøpt seg teiknebrett i sommar, og skapartrangen er stor. (berre så synd at alle kunstverka blir konfiskerte i ei handvending...) Jaja, blir nok metta på diverse teikningar og malerier etterkvart tenkjer eg. Men dette er altså eit HODEKRÅLL! Såg du det? Forklaring: insektet heiter på mammamyspråket potetrådel (potettroll, red.anm.), altså eit godt gammaldags skrukketroll/tussalus/kaffebille.
Kanskje sonen er miljøskada? Det var nemlig mange hodekråll på Godset i ferien. Og enkelte av dei låg, eh, med buken i vèret om du skjønar....eller klarare sagt: dei hadde "sovna inn", og låg der rundtomkring og kreerte rett og slett polkadottmønster på vinylen! ;) Vakkert og knasande. storeFrø sin forklaring på desse livlause skapningane: "di harsje batteri di hodekrållene". Sant det.

tirsdag 10. august 2010

EIN FODLING

Nok eit blinkskudd frå interiøret på Godset! Dette bildet har farmor brodert. Ho seier den dag idag at mannen bak i bildet er full. ! He-he. Sikkert det. Tanken er som kjent fri.
Såg forresten ein ekta/gammeldags/forskikkelig fodling eg i ferien. (dialektord for overstadig alkoholberusa mann). Og det var lenge sidan sist altså! Joda, det drikkes og nytes alkohol både her og der i min omgangskrets, og enkelte gonger kan det nok resultera i noko ustø koordinasjonsevne.... Men fodlingen har på ein måte ein gange av eit anna kaliber. Iallefall klarte han eg såg å stoppa trafikken, i begge retningar, midt på lyse dagen. Fin i tøyet var han òg. Kanskje morsomt. Kanskje tragisk.

mandag 9. august 2010

EKSTERIØR (tji-hi, bakvendtland dette vel, i bloggeland)



Skrotnisse og vennene hans hadde sikkert likt seg her, i hagen på Godset. For der står det nemleg ei brakke! Har nok sett sine beste dagar den ja. (slapp av, den skal reisa til brakkehimmelen snart, eller eingong).
Har gjort mang slags nytte denne brakka: bakebod, steike-fisk-bod, husing av eit russisk balalaika-orkester m.m. At det er en nyttig ting kan ingen komme fra.



Godset har stor hage, eller jungel. Og i løpet av ferien så manifesterte fylgjande seg der ute:


Dette er visstnok ein mobil båtgarasje... Sikkert himla praktisk det i grunn. Og joda, My har godkjent "bygningen" -inntil vidare. Det tok cirka 3-4 veker i ferietempo å få satt det opp. Resultatet ser du her:


Hm, lurte eit sekund på om nokon arrangerte evangeliske teltmøter i hagen min. Eller var kanskje hagen plutselig blitt eit åsted? Likna skummelt mykje på eit Kripos-telt, spør du meg..
Dei får ta seg ut!

Utsikten på Godset er i det minste fin:




fredag 6. august 2010

GLIMT FRÅ GODSET





Som du kanskje har forstått, så har me ikkje akkurat gullkranar på Godset.... Heller ikkje driv me revejakt frå ryggen på ein hest. Men denne klokkestrengen her er vel fin? For ikkje å snakka om denne flotte stålampen:




Eller desse nydelege:


Litt for ein kvar smak.... Har nesten ikkje affeksjonsverdi eingong. Jo, kanskje klokkestrengen har, for den har mi kjære mamma brodert ein gong i sin grøne ungdom. Og portierene fungerte som kjekk gøymestad då me var små, så kanskje ein slags verdi på den måten. ?
Men desse her skumle då:



Porselensdokkene mine!! Felslege greier. Hugsar vel Malstrøm? (vågar iallefall ikkje å hiva desse dokkene) Samla på slike eg, då eg var fjortis. Trur ikkje det er så mange fjortisar nå til dags som samlar på porselensdokker. Uff, nå kjende eg meg gammal og utdatert.
Jaja, har jo litt fint òg, Green Gate til dømes:


Uansett, stygt eller fint - ingenting er betre enn gjestene og pølsefestane på Godset!

torsdag 5. august 2010

SPØRSMÅL

Traff tilfeldigvis på ei tidlegare kollega idag. Og ho serverte meg denne festlige replikken: "så du er i omstendigheter ja?" Nei, svara eg, eg HAR fått baby.... Frekkheten stoppa ikkje der, for ho fortsatte: "ganske nylig då ja?" Er det mulig? Rett nok har eg litt polstring rundt magen, men ikkje nok til at ein bør spørja om eventuell graviditet. Det er 7 mnd sidan, svara eg. "Åja, så du ammar då vel?"
Angrar på at eg ikkje spurte om korleis ho hadde tenkt å feira 70-årsdagen sin neste år... eller noko i den dur (dama er rett over 60). Kjem oftast på eit godt svar lenge etterpå.
Og i omstendigheter da gitt! Er ikkje det eit veldig gammaldags ord? Men, men- fekk brev frå jobben òg her ein dag - om at eg var innvilga eit års ekstra, ulønna nedkomst-permisjon. Er det noko som har komt ned? -Har ikkje eg merka noko til.... men kan svakt erindra at det var noko som kom ut. ;)

Kva meinar du? Er det lov å spørja om ei dame er gravid?
Sjølv synes eg det er mange gode grunnar til ikkje å spørja.

onsdag 4. august 2010

SÅNN. DER!

Då var me heime, etter nesten 5 veker på Godset. Bildet over viser ein brøkdel av rotet som fylgjer med ei slik heimkome... Vaskemaskina jobbar tappert, høyrer eg. Joda, me har vaskemaskin på Godset òg, men du skal ikkje sjå vekk frå at klærne får seg ein runde her òg. -Synes nemleg eg kjenner ein snèk av lukta etter gammalt hus i tøyet. Jau, jau, enkelte tvangshandlingar får ein jo ha.
Me har hatt det kjekt, og godt. Badevekta seier me har hatt det litt for godt. Pøh- må jo ha litt å tæra på til vinteren vel? "Til seters for å gjøre seg fet...." Skjønt seter, tja? Ikkje akkurat seter det der - lite budeier og denslags. Trur me heller seier Temptation Island. ;)
Frøene likte tilsynelatande å koma heim. Plutseleg hadde litleFrø større areal til å farta rundt på, og gjensynsgleden var stor då storeFrø oppdaga lekene sine på ny. Eit pittelite drama før leggetid i kveld: storeFrø påsto han hadde stappt ein motor opp i nasen (!).... Og då me spurte etter grunnen til det, så var den enkle forklaringa at "litlesystera ikkje skulle ta motoren".. Så me lekte litt øre-nese-hals-lege her i stova, med lommelykt og greier - utan resultat (heldigvis, får ein vel seia). Så det var nok kun ei skrøne det der. ;)

fredag 30. juli 2010

HISTORIE FRÅ VIRKELIGHETEN

Familien My har framleis "ferie". Veldig godt i grunn. Når eg tenkjer meg godt om er faktisk bekymringane på eit minimumsnivå. Men klart, der er jo episodar. For litt sidan var eg ein tur i Byen. Dvs, alle var i Byen: 2 store og 2 små. Det var nesten heilt vellukka. Kanskje såg det litt rart ut med ei bagvogn med unaturleg mykje gynging i? Det har seg nemleg slik at det minste Frøet, som iflg kalenderen kun er ein liten baby, slett ikkje oppfører seg som ein baby skal i ei bagvogn utan selar (for selane ligg heime) (rar setning visst, jaja, dårleg nett her, berre skriv og slurvar med korrekturen). Det nemnde frøet står nemleg på alle fire oppi vogna, og gyngar fram og tilbake. Og rett som det er så stikk det opp eit lite fjes bak regntrekket - då står ho der på kne og kikkar ut! (regntrekket er på, i sola. Noko må jo gjerast for å prøva å helda "babyen" på plass oppi vogna...). Og det andre Frøet, som kan både gå og springa, var samarbeidsvillig ca 50% av tida. Slik er det.
Fekk nå handla litt likevel. Måtte jo sjekka om eg hugsa koden på kortet. Moahhahahaha. Særlig.
For å gjera lang historie kort: My kjøpte veldig fin tunika. Tunika var på veg til strykebordet idag. Tunika skulle brukast i selskap etter stryking. TUNIKA HADDE INTAKT MAGNET-ALARM!!! #!!#"!##!! (Kvifor peip ikkje "alarmen" etter at eg hadde KJØPT tunika?) Jepp, det er mange mil tilbake til butikken. Men superlure My ante hjelp i sikte: Godset har jo eit kjøpesenter i nærleiken. Der kan sikkert nokon hjelpa med å få av alarmen, utan at blekket sprutar. Som tenkt, så gjort. (er det forresten sant at det er blekk inni desse alarm-greiene?) Joda, dei fleste butikkdamene prøvde å hjelpa meg, men dei hadde sjølsagt eit anna alarmsystem enn butikken i Byen.... så det var fånyttes. Ikkje alle var like velvillige, trudde nok eg hadde stjelt plagget. På toppen av det heile har eg faktisk kasta kvitteringa! Og gjett om eg forklarte, i opp og i mente. Resultat: alarmen er framleis på, rykter om kleptoman-My på bygda i morgon, og sist men ikkje minst: endring av planane om antrekk i selskap! Vanskelige greier. ;)
I det minste så fekk nå Mannen noko å bryna seg på i denne kveldsstund. Ser ut som han driv ein form for magnet-terapi der borte i stolen sin. Lite kjeltring-gener i han der.

mandag 26. juli 2010

KRAKK


Finn mykje fint på Epla. Denne krakken her til dømes. Ein liten nevø fekk ein slik i dåpsgåve nettopp. Kan klatra opp til mange ulovlege skap med den etterkvart. :)
Vil du ha krakk, så kan du kikka her. Fint håndtverk og rask levering.
Dette diktet skreiv me inni kortet til dåpsbarnet:

BARN
Barn
er det beste jeg vet
De setter seg midt i alle
samtalene våre og hamrer med
knyttnever på all middagshvil

Barn
er det beste jeg vet
De dukker opp bak Dagbladet
og river alle dårlige nyheter
i stykker

Barn
er det beste jeg vet
De stabber tvers gjennom
dagdrømmene mine og skriker
store hull i mine nattedrømmer
De legger seg med sprellende kropper
midt mellom meg
og min elskede

Barn
er det beste jeg vet

av Tore Coward



tirsdag 20. juli 2010

OM VÈR OG VIND

Nå skal eg ikkje skryta på meg at eg har lang lunte, men sånn vèrmessig er nok lunta lengre enn -eh- forventa.. Joda, eg kan godt bruka dagar på badestranda eg, frå morgon til kveld, det er deilig det - spesielt når stranda er i gangavstand frå huset/Godset. Men akkurat nå, i denne fasen av livet, er det liksom like greit med rufsete vèr, synes iallefall My. Det er nemleg då det er godt med vafler, inne. Reiseradioen er festleg uansett regn eller ei. Ein kan til dømes dikta opp sin eigen dans (!)... det gjorde storeFrø og eg idag :) Og den gjekk slik: fireskrittfram-fireskrittbaklengs-snurrerundt-3klappihendene !! Ikkje akkurat Glow-dansen heller, men ok nok.
Fint å sleppa sandkorn i foldene, både mine og litleFrøet sine. Og kva skal ein baby på ei sandstrand? Pøh!
Kanskje du trur det er sjølvaste Polly Anna som sit her og skriv? Du hugsar vel henne? -Det var ho som leika være-glad-leken. Polly Anna ynskte seg ei dukke til jul, men ho fekk ei krykke. Men Polly Anna handterte det så fint: ho var glad ho slapp å bruke krykka! Sludder og vås, spør du meg. Nei, være-glad -lek er eg dårleg på.
Heilt ærleg: eg kosar meg på Godset (eller TomGodset, som Mannen likar å kalla det), uansett høgtrykk eller lågtrykk. I trekkfulle hus har me faktisk ein suveren klestørk innandørs! Tji-hi. :)

mandag 12. juli 2010

HEIME

Fint å vera på Godset. Dette er heime for meg, sjøl om det snart er 20 (gulp) år sidan eg budde her. Må alltid rekna minst ein halv time ekstra når eg skal eit lite ærend på ein butikk eller noko. -For ein treff ALLTID "kjensfolk", og då slår ein sjølsagt av ein prat. Jovisst, dette er bygda, sjøl om nokre av plassene, i namnet, har fått bystatus. Men blodharry, det er sikkert og visst. Ikkje for å hovera, er blodharry sjøl eg av og til. Kan tilogmed strekkja meg til å synast at menn i singlet, MED bart er fint. Men då strekkjer eg meg langt altså. ;) Likar country-musikk òg innimellom, karaokemaskin eig eg visst òg. Er ganske internasjonalt her, lite burka, men faktisk heile 3 thai-take-away-boder innan ein radius på 200 meter..... Jajjamensann. Litt spenning har me òg i ferien: feks har eg vore ute på haugane her, på trusejakt! -Jepp! Sterk vind her ved havet, og klestørk ute, utan klesklyper, gir spennande scenar -i det minste for naboen, som ser på feriefolket som leitar etter undertøyet sitt....
Trudde faktisk taket på Godset skulle fyka av her ein kveld. -Berre ei "vindråsa" sa dei, dei som har greie på slikt. Men nå er eg cirka aklimatisert til å vera her heime, i ordets rette og i overført betydning. Så nå er det vel rett før eg syklar bort til den lokale puben for å: a) bli beglodd b) drikka meg dritings c) høyra på Øystein/Per/Jonny synga coverlåtar i dunkel belysning (dårleg med etternamn på plakatane her..) Den som lever OG syklar får sjå. ;)
Fortsatt god ferie/sommar folkens!

torsdag 8. juli 2010

3 ÅR

I dag er storeFrø 3 heile år! Og sjølsagt er han verdens beste, flottaste, klokaste, vakraste gut. Me er heldige.
Han kom seilande til oss med Storken (jada, særlig!). Det var ein kald sommardag, ein sundag midt i kyrkjetida. Han kom til vaksne folk, som hadde venta lenge på han, og me var så glade, og ER så glade.
Jovisst har me vore trøytte, leie, slitne, utålmodige, bekymra. Men det høyrer vel med til foreldreskapet? Eg var slett ikkje sikker på om det å vera mor var noko kjekt i det heile teke, var faktisk i stor tvil om det. Men jo, det er kjekt, og givande og morsomt. Heldigvis, med handa på hjarta.


BARNET
Ingen er vakrere, mer
sjarmerende, blidere eller
mer fornøyelig.
Ingen er mer skrikete, sint,
slitsom eller krevende.
Ingen gjør oss svakere,
sterkere, mer fortvilet
eller gladere
Ingen elsker vi høyere
Det er et under
(ukjent)

fredag 2. juli 2010

SUMMERTIME

Sånn, då er det ferie maaange veker, iallefall for det store Frøet. Siste dag på småbarnsavdeling i barnehagen idag, ein av milepælane. Barnehage-Crocs og Mikke har fått ein runde med grønsåpevatn, og heng der og kviler seg litt dei òg.
Me ynskjer ein sommar full av gode minner, gode venner, gode syskenbarn, kanskje eit par skrubbsår, grøne krabbar i ei bøtte, is, solrev (veit du ikkje kven Solreven er, seier du? Det er han som kjem på besøk etter ein lang dag i sola, og får varme barn til å venda vrangsida ut. "Ja, nå har solreven tatt han", sa dei alltid om bror min då han var liten.)
Kanskje blir det litt blogging òg? Sikkert nok av tema å ta av. Finn kanskje ei fungerande nettlinje på Godset, kven veit?
Skal vel grilla litt òg, tradisjonen tro. Kan hende vankar det vin. Uansett, varmt eller kaldt vèr, på kalenderen er det sommar! Og eg ynskjer deg ein GOD.

onsdag 30. juni 2010

LUNSJ

I dag var litleFrø og eg på eit slags bedriftsbesøk. Dvs. me tok turen til Mannen sin arbeidsplass, på eit slags tilsyn. Me troppa opp i lunsjen. Kunne nesten tru at besøket var uanmeldt, men DET var det slett ikkje. Allikevel, på pauserommet deira, på Mannen sin faste plass, låg liksom lunsjmaten hans klar til han. Bildet oppe i venstre hjørnet her viser det nemnde. My forvandla seg ein augneblink der til tante Sofie, og kryssforhøyrde kollegaen om matvanane til Mannen. Og nei, han kjøper ikkje den daglege sjokoladen sjøl. Han har "folk til slikt". Herremann. Kanskje eg skal bli ei betre kone, og smørja matpakke til guten? Kanskje eg skal leggja små, søte beskjedar på lapp oppi matboksen? Kanskje ikkje.

tirsdag 29. juni 2010

BAKING


50% av familien My, dvs den maskuline halvparten, har fødselsdag om sommaren. Og gutta boys skal feirast, må vite! Den eine blir 3, den andre blir 38, eller deromkring ;)
Slengte liksågodt i hop ei risbolle-røre eg då, på morgonkvisten. Høyrtes ikkje DET lettvint og husmoraktig ut?
Eg er van med risboller heile året, men er klar over at for mange andre er det ein av dei sju sortene..



Her er oppskrifta:

1 pk Delfiafett
1 plate kokesjokolade
6 ss kaffi
2 egg
6 ss sukker
1 pakke puffet ris

Slik gjer du:

Smelt Delfiafett og sjokoladen, i lag med kaffien, i vannbad eller over svak varme.
Lag eggedosis av egg og sukker. Bland alt. Ha i puffet ris.
Fordel i muffinsformer. Ferdig!


Related Posts with Thumbnails