fredag 30. juli 2010

HISTORIE FRÅ VIRKELIGHETEN

Familien My har framleis "ferie". Veldig godt i grunn. Når eg tenkjer meg godt om er faktisk bekymringane på eit minimumsnivå. Men klart, der er jo episodar. For litt sidan var eg ein tur i Byen. Dvs, alle var i Byen: 2 store og 2 små. Det var nesten heilt vellukka. Kanskje såg det litt rart ut med ei bagvogn med unaturleg mykje gynging i? Det har seg nemleg slik at det minste Frøet, som iflg kalenderen kun er ein liten baby, slett ikkje oppfører seg som ein baby skal i ei bagvogn utan selar (for selane ligg heime) (rar setning visst, jaja, dårleg nett her, berre skriv og slurvar med korrekturen). Det nemnde frøet står nemleg på alle fire oppi vogna, og gyngar fram og tilbake. Og rett som det er så stikk det opp eit lite fjes bak regntrekket - då står ho der på kne og kikkar ut! (regntrekket er på, i sola. Noko må jo gjerast for å prøva å helda "babyen" på plass oppi vogna...). Og det andre Frøet, som kan både gå og springa, var samarbeidsvillig ca 50% av tida. Slik er det.
Fekk nå handla litt likevel. Måtte jo sjekka om eg hugsa koden på kortet. Moahhahahaha. Særlig.
For å gjera lang historie kort: My kjøpte veldig fin tunika. Tunika var på veg til strykebordet idag. Tunika skulle brukast i selskap etter stryking. TUNIKA HADDE INTAKT MAGNET-ALARM!!! #!!#"!##!! (Kvifor peip ikkje "alarmen" etter at eg hadde KJØPT tunika?) Jepp, det er mange mil tilbake til butikken. Men superlure My ante hjelp i sikte: Godset har jo eit kjøpesenter i nærleiken. Der kan sikkert nokon hjelpa med å få av alarmen, utan at blekket sprutar. Som tenkt, så gjort. (er det forresten sant at det er blekk inni desse alarm-greiene?) Joda, dei fleste butikkdamene prøvde å hjelpa meg, men dei hadde sjølsagt eit anna alarmsystem enn butikken i Byen.... så det var fånyttes. Ikkje alle var like velvillige, trudde nok eg hadde stjelt plagget. På toppen av det heile har eg faktisk kasta kvitteringa! Og gjett om eg forklarte, i opp og i mente. Resultat: alarmen er framleis på, rykter om kleptoman-My på bygda i morgon, og sist men ikkje minst: endring av planane om antrekk i selskap! Vanskelige greier. ;)
I det minste så fekk nå Mannen noko å bryna seg på i denne kveldsstund. Ser ut som han driv ein form for magnet-terapi der borte i stolen sin. Lite kjeltring-gener i han der.

mandag 26. juli 2010

KRAKK


Finn mykje fint på Epla. Denne krakken her til dømes. Ein liten nevø fekk ein slik i dåpsgåve nettopp. Kan klatra opp til mange ulovlege skap med den etterkvart. :)
Vil du ha krakk, så kan du kikka her. Fint håndtverk og rask levering.
Dette diktet skreiv me inni kortet til dåpsbarnet:

BARN
Barn
er det beste jeg vet
De setter seg midt i alle
samtalene våre og hamrer med
knyttnever på all middagshvil

Barn
er det beste jeg vet
De dukker opp bak Dagbladet
og river alle dårlige nyheter
i stykker

Barn
er det beste jeg vet
De stabber tvers gjennom
dagdrømmene mine og skriker
store hull i mine nattedrømmer
De legger seg med sprellende kropper
midt mellom meg
og min elskede

Barn
er det beste jeg vet

av Tore Coward



tirsdag 20. juli 2010

OM VÈR OG VIND

Nå skal eg ikkje skryta på meg at eg har lang lunte, men sånn vèrmessig er nok lunta lengre enn -eh- forventa.. Joda, eg kan godt bruka dagar på badestranda eg, frå morgon til kveld, det er deilig det - spesielt når stranda er i gangavstand frå huset/Godset. Men akkurat nå, i denne fasen av livet, er det liksom like greit med rufsete vèr, synes iallefall My. Det er nemleg då det er godt med vafler, inne. Reiseradioen er festleg uansett regn eller ei. Ein kan til dømes dikta opp sin eigen dans (!)... det gjorde storeFrø og eg idag :) Og den gjekk slik: fireskrittfram-fireskrittbaklengs-snurrerundt-3klappihendene !! Ikkje akkurat Glow-dansen heller, men ok nok.
Fint å sleppa sandkorn i foldene, både mine og litleFrøet sine. Og kva skal ein baby på ei sandstrand? Pøh!
Kanskje du trur det er sjølvaste Polly Anna som sit her og skriv? Du hugsar vel henne? -Det var ho som leika være-glad-leken. Polly Anna ynskte seg ei dukke til jul, men ho fekk ei krykke. Men Polly Anna handterte det så fint: ho var glad ho slapp å bruke krykka! Sludder og vås, spør du meg. Nei, være-glad -lek er eg dårleg på.
Heilt ærleg: eg kosar meg på Godset (eller TomGodset, som Mannen likar å kalla det), uansett høgtrykk eller lågtrykk. I trekkfulle hus har me faktisk ein suveren klestørk innandørs! Tji-hi. :)

mandag 12. juli 2010

HEIME

Fint å vera på Godset. Dette er heime for meg, sjøl om det snart er 20 (gulp) år sidan eg budde her. Må alltid rekna minst ein halv time ekstra når eg skal eit lite ærend på ein butikk eller noko. -For ein treff ALLTID "kjensfolk", og då slår ein sjølsagt av ein prat. Jovisst, dette er bygda, sjøl om nokre av plassene, i namnet, har fått bystatus. Men blodharry, det er sikkert og visst. Ikkje for å hovera, er blodharry sjøl eg av og til. Kan tilogmed strekkja meg til å synast at menn i singlet, MED bart er fint. Men då strekkjer eg meg langt altså. ;) Likar country-musikk òg innimellom, karaokemaskin eig eg visst òg. Er ganske internasjonalt her, lite burka, men faktisk heile 3 thai-take-away-boder innan ein radius på 200 meter..... Jajjamensann. Litt spenning har me òg i ferien: feks har eg vore ute på haugane her, på trusejakt! -Jepp! Sterk vind her ved havet, og klestørk ute, utan klesklyper, gir spennande scenar -i det minste for naboen, som ser på feriefolket som leitar etter undertøyet sitt....
Trudde faktisk taket på Godset skulle fyka av her ein kveld. -Berre ei "vindråsa" sa dei, dei som har greie på slikt. Men nå er eg cirka aklimatisert til å vera her heime, i ordets rette og i overført betydning. Så nå er det vel rett før eg syklar bort til den lokale puben for å: a) bli beglodd b) drikka meg dritings c) høyra på Øystein/Per/Jonny synga coverlåtar i dunkel belysning (dårleg med etternamn på plakatane her..) Den som lever OG syklar får sjå. ;)
Fortsatt god ferie/sommar folkens!

torsdag 8. juli 2010

3 ÅR

I dag er storeFrø 3 heile år! Og sjølsagt er han verdens beste, flottaste, klokaste, vakraste gut. Me er heldige.
Han kom seilande til oss med Storken (jada, særlig!). Det var ein kald sommardag, ein sundag midt i kyrkjetida. Han kom til vaksne folk, som hadde venta lenge på han, og me var så glade, og ER så glade.
Jovisst har me vore trøytte, leie, slitne, utålmodige, bekymra. Men det høyrer vel med til foreldreskapet? Eg var slett ikkje sikker på om det å vera mor var noko kjekt i det heile teke, var faktisk i stor tvil om det. Men jo, det er kjekt, og givande og morsomt. Heldigvis, med handa på hjarta.


BARNET
Ingen er vakrere, mer
sjarmerende, blidere eller
mer fornøyelig.
Ingen er mer skrikete, sint,
slitsom eller krevende.
Ingen gjør oss svakere,
sterkere, mer fortvilet
eller gladere
Ingen elsker vi høyere
Det er et under
(ukjent)

fredag 2. juli 2010

SUMMERTIME

Sånn, då er det ferie maaange veker, iallefall for det store Frøet. Siste dag på småbarnsavdeling i barnehagen idag, ein av milepælane. Barnehage-Crocs og Mikke har fått ein runde med grønsåpevatn, og heng der og kviler seg litt dei òg.
Me ynskjer ein sommar full av gode minner, gode venner, gode syskenbarn, kanskje eit par skrubbsår, grøne krabbar i ei bøtte, is, solrev (veit du ikkje kven Solreven er, seier du? Det er han som kjem på besøk etter ein lang dag i sola, og får varme barn til å venda vrangsida ut. "Ja, nå har solreven tatt han", sa dei alltid om bror min då han var liten.)
Kanskje blir det litt blogging òg? Sikkert nok av tema å ta av. Finn kanskje ei fungerande nettlinje på Godset, kven veit?
Skal vel grilla litt òg, tradisjonen tro. Kan hende vankar det vin. Uansett, varmt eller kaldt vèr, på kalenderen er det sommar! Og eg ynskjer deg ein GOD.
Related Posts with Thumbnails