torsdag 29. november 2012

OVER TIL ZUMBA

Det er det eg alltid har sagt: folk lyg så det renn av dei! Eitt døme: folk som påstår at det er kjekt å pussa opp. Det kan og vil aldri bli kjekt.
Eitt anna døme: folk som seier at zumba er lett. Løgn og bedrag! Det er ein grunn til at eg har valgt spinning og pilates som treningsform. Grunnen er at der treng ein ikkje vera innehavar av koordinasjonsevne. Difor har t.d. aerobic aldri vore aktuelt for min del. (joda, eg har prøvd, maange gonger)
Men, nokon har altså klart å innbilla meg at i zumba, der er det så enkle trinn at ein ikkje treng noko særleg koordinasjonsevne, "det er berre å hiva seg med liksom, fylgja rytmen..." blablabla
Rytme har eg, takt har eg, trur tilogmed eg har tone. Men ikkje koordinasjonsevne, absolutt ikkje.
I kveld var eg på zumbatime, min fyrste (og siste). Planen min var at det var nok lurt å prøva noko nytt, og så lett som det skulle vera! Ein annan plan var at eg hadde tenkt å skjula meg i mengden. Desse timane er vanlegvis fulle av menneske ser du. Akk ja, akkurat i dag var me fem, F E M stk i den store salen... Å skjula seg i mengden gjekk difor ikkje an. Dessutan hadde eg atter ein gong bomma på antrekket....
Heller ikkje har eg for vane å gi meg så lett, striskapen lenge leve. Men veit du, eg gjekk ifrå timen, sånn cirka halvvegs. Då var dei kun fire stk igjen. Så det blei nok garantert ikkje lagt merke til. Trur du?
Det var jo ein veldig, eh, sexy danseform forsto eg. Litt av poenget var tydelegvis å rista lause deler.
Jaja, eg hadde nok ikkje dratt mannebein på min dans, det er sikkert.
Men mannebeinet i stolen heime fekk seg iallefall eit heilt gratis humorinnslag då eg kom heim. Det var ikkje meininga å vera morsom eingong, eg skulle berre visa han litt zumba! Og Mannen brast ut i krampelatter!! ? "det ser jo ut som du kan det, My!" Særlig.
Går og tar meg ein dusj, sånn for skams skuld.

onsdag 28. november 2012

HUS (1)

Der me byggjer nytt hus er eit stykke ifrå der me bur idag. Det betyr at me ikkje kan fylgja prosessen på nært hald heile tida.
Men me har "folk til slikt"....
I går hadde me feks direkteoverføring av sprengning, pr tlf.
"Høyr, høyr! Trafikken er stoppa og alt!!" biip-biip-biip, bipp-bipp-bipp, BANG!!
Festleg det der. Nesten som Odd Karsten Tveit, på dårleg linje frå vekkistan.
Men snålt er det. Og i min dialekt er ordet snålt ikkje det same som rart. ;)
Pukk, det er det det handlar om nett no, og platting, og nivilering.
Fundament, forskaling, karlslege greier ser du!

fredag 23. november 2012

BABYSANG

Skal eg overdriva litt? : Nå har eg gått på babysang kvar fredag kl 1030 i cirka 5 år. Festleg!
Var nok ein smule meir entustiastisk den gong då, for fem år sidan, då eg trappa opp på synginga med ein  seks veker gammal baby... Men det var kjekt, og litt rørande, der me sto der og sulla blant såpebobler og rytmeinstrumenter.
Storelitlesyster er vel den som har fått gått minst på babysang. Allikevel er ho den som syng mest her i heimen. Stakkar liten, då ho var i babysangalder låg mora kvalm på golvet/i senga med nytt Frø i magen. Det blei liksom ikkje heilt naturleg å syngja då.
Minstefrøken ruuule på babysang, iallefall gjorde ho det idag. Eg sjølv er blitt litt meir slik overlegen, blasert, og ser med eit skråblikk på alle desse nye mødrene som ennå har normal hudfarge under augene.
Men vaflene er gode ennå, og kaffien - i kafeen etterpå.
God helg!

fredag 9. november 2012

PÅ KRAMBUA

Idag er det fredag. (men det veit du kanskje, for ettersom eg forstår så blir ein informert om det på Facebook..)
På fredagar bør ein sørgja for at det er mat i hus til helga. My gjorde det idag. Kl 09 var eg på handelslaget. Stanken av Elnett-hårspray låg tung mellom varehyllene... Jada, for det var eg som var der, i tillegg til cirka alle pensjonerte damer i kommunen.
miniFrø blei omplassert ein times tid. Ho har det med å skråla fælt der oppi handlekorga, så det var befriande å gjera helgehandelen åleine.
Full handlekorg hadde eg sjølsagt. Den gamle dama bak meg hadde fire ting å betale. Ho spurde om ho kunne gå foran meg i køen.
"Nei, dessverre", sa eg. Dette var tydelegvis eit uventa svar for vedkommande. Og gjett om ho blei sur! For HO hadde nemleg nettopp stått i ein kø! (?) Stakkar. Livet er jammen urettferdig.
Mumlande tusla ho bort til ein annan kasse, og eg høyrde ho sa "der har du neste generasjon!"
Drittkjerring, spør du meg. Håpar ho sjølv synes ho representerar sin generasjon godt.

Det hender rett som det er at eg slepp folk foran meg i køen, då oftast ungdommar (dei har så korte friminutt, og må jo få sjans til å eta opp sjokoladen sin;) )
Men idag passa det meg ikkje. Har nemleg min eigen, litle krig mot frekke, gamle damer, som nektar å innretta seg i eit køsystem. Gamle menn gjer ikkje slikt.
Kanskje det har noko med hårsprayen å gjera?

tirsdag 30. oktober 2012

SVITSEN, TAXISJÅFØREN OG MY

Det var ein gong, dvs i går kveld, at My atter ein gong var på spinningtrening. Som alle moderne damer så køyrer ein til treningssenteret, med bil. Ikkje alle moderne damer tek med mobiltelefonen overalt. My er nesten avhengig av den dingsen, men i går låg den altså heime.
Etter treninga starta ikkje bilen. BMW og greier. Fint skal det vera! #%&$###!!
Eg var sveitt OG kald der eg luska meg inn på treningssenteret igjen for å oppdriva ein telefon til å ringja mannen med- slik at han kunne sveiva i gong nettverket- slik at eg kunne bli henta osb, osb...
Ei snill instruktørdame lånte meg telefonen sin. My ringde Mannen. Mannen tok ikkje telefonen. Mannen TAR ikkje telefonen når han ikkje kjenner nummeret. (neida, han har ikkje torpedoar etter seg).
My måtte gå dei tunge trappene opp til resepsjonen på treningssenteret og be dei ringja etter taxi for meg. Rundt slike resepsjonsskranker står det ofte kule folk og heng med vannflaskene sine. Det sto mange slike der i går, unge, vakre. Det tok cirka 15 minutt før taxisentralen tok telefonen.... Det tok ennå 15 minutt (eg venta i kulda) før taxien kom. Steike, svarte.
Jammen godt at taxisjåførar ofte har tilnærma lik psykologkompetanse. For han fekk høyra ALT, om bilen, treninga, Mannen. I tillegg hadde han slik fin blåtann i øyra, som blinka som eit middels juletre.
Forståelsesfull han der (men kunne han ikkje ha hjelpt meg med bilen?) - feks så sa han at eg måtte vera forsiktig med startkablane (!?), og at han hadde opplevd ein gong at konemor (skrekkeleg ord) ikkje fekk start på bilen med sin nøkkel, men at dottera sin nøkkel virka blablabla- hadde visst noko med startsperre på bilnøklane å gjera.
MIN svits er det vel ingenting i vegen med, tenkte eg. Ja, for uinnvidde: svits er det same som bilnøkkel på min dialekt. ;) (ordet kjem garantert frå junaiten eller deromkring, då som ein feilstavelse for twist, som jo er å vri... det trur eg nemleg). Nåja.
Mannen, som sat og ante fred og ingen fare, heime i stova, kom med det geniale spørsmålet då eg braste inn dørene: "du brukte vel rett nøkkel, eller?" Joda, han fekk SVAR. Typisk det der, at han trur det er meg det er noko i vegen med, ikkje bilen...
Ingen i nettverket kunne hjelpa oss. Mannen kjørte opp til havaristen med den andre bilen. Mannen kom køyrande tilbake i bilen som eg ikkje fekk start på. Kjepphøg var han.
Men trur du han fekk start med min svits? Nope! Ho-ho. Eg har vel aldri før vore så takknemleg for taxisjåførkunnskap som då.
Det endte godt, men min svits virkar ikkje.
Moralen er: legg aldri ut på trening utan mobil, eller slutt og tren kanskje.

lørdag 20. oktober 2012

ER DET MEG, ELLER?

Eg fekk ikkje akkurat S i matematikk, MEN, dette skjønar eg ikkje;
For fyrste gong i livet har eg fått restskatt! Ikkje snakk om dei store summane, men likevel.
Eg er utan inntekt, og det har eg vore nokre år. Jaja, bortsett frå barnetrygd og kontantstøtte.
Kanskje det er den kraftige formua mi som spelar inn? (not). Kanskje at eg er gift? Kanskje det svarar seg, sånn reint økonomisk, å leva i synd? ;)
Kanskje eg er for blond til å forstå dette? Kanskje eg blir lurt?
Mange spørsmål, få svar.
Men ein ting er sikkert: nå har eg jammen meg skrive eit innlegg om privatøkonomi òg!
Her går det visst berre nedover. Null integritet igjen.
Å ta ein telefon til Skatteetaten for å finna svaret? -aldri, det er i same gate som å ringja til NAV/Posten/Legevakten o.l. Ein må ta vare på blodtrykket, så lenge ein har eit blodtrykk!
God laurdag!

fredag 19. oktober 2012

SER MAN DET

"Mamma, eg vil ikkje gifta meg med deg når eg blir stor, for då er du så gammal."

"Eg vil ikkje ha kjærast, for eg hatar kyssing."

Fint å vera fem.

onsdag 17. oktober 2012

HER SKJER DET TING

Ok, folkens. Hugsar du Godset? Godset er huset familien My har brukt til hytte dei siste fem åra.
Godset er ei slags rønne, bygd i 1926, dårleg vedlikeheldt dei siste åra. På Godset har mine besteforeldre budd, og mine oldeforeldre. Godset har mange historier å fortelja. Ting sit i tapeten.
Me snakkar mat, Bibel, glede, sjukdom, bekymring, kaffikoppar, komler, symaskin.

No riv me Godset. Neste veke skjer det. Straumen koplast av idag. Huset er tomt, tomt for ting og tang. Men det har sjel, og mange gode minner.
My og Mann brukte helga på å tøma hus og å fylla container. Herrejesuskristus kva me fann. : heimelaga lefser frå ca 15 år tilbake...., bøtte med lokk med ukjent flytande innhald... (kanskje fisk?, ingen vågde å opna, med fare for å døy umiddelbart av gassforgifting)
Min kjære pappa hjelpte til med rydding og kjøring av tilhengjar og slikt. Og aldri har vel sangen "Kjekt å ha" vore sannare! Han samla isaman dei utrulegaste ting - me er i kategorien "taustumpar og slikt", og lyspærer til juletre.. Trur sanneleg han blei kalla til å ta vare på brudebilete av skilde folk og. :)
Mi kjære mamma har eg advart mot å kikka i bagasjerommet hans, det er fare for nervesamanbrot dersom ho gjer det. Ho hadde forresten i oppgåve å gjeta hjorden imens, i lekeparken var dei, og på sundagsskulen sjølsagt. Ein må jo læra om Josef? - ikkje han "barnefaren", men han med kjortelen og brønnen og det. Jaja.

My er flink til å hiva, og det gjorde eg. Ting som me ville ta vare på blei frakta til Bror sin kjellar for oppbevaring. Sjøl seier han det er ein Fritzl-kjellar, men, men, eg såg berre ting der, og ein katt.
Den lokale brukthandelen blei òg forsynt med nye varer.
Og tre venninner kom og henta ting dei syntes var brukande. Ho-ho, værsågod seier berre eg!

Kvifor riving? Jo, det skal eg seia deg: familien My er på flyttefot. Innan eitt års tid har me nytt hus der Godset har stått. Draum går i oppfylling!! Me kjem HEIM. Gled, gled, gled. Byggjemøte var me på på måndag, rettare sagt på 39-årsdagen min. (gratulasjoner mottas med takk)
Så dersom alt går etter våre planar, så feirar eg 40 med havutsikt i retning England.
Ulemper? -jada, nokre. Fordeler? - ein del av dei ja.
Kanskje eg bør konvertera til husbyggingsblogg/interiørblogg? -trur ikkje det, men litt smakebitar blir det nok.

fredag 12. oktober 2012

TRØBBEL?

etterskrift til gårsdagens:

Var nettopp i postkassen ilag med miniFrø (1). Postmannen sto og la oppi kassane medan me venta.
"PAPPA", sa ho.
Hm, eg har iallefall aldri sett han før. Kross på halsen.

torsdag 11. oktober 2012

FAMILIEPLANLEGGING

Sidan eg har fått barn i 2007, 2009 og 2011, så bør eg vel vurdera å få eit til i 2013? Tvillingar kanskje, hadde ikkje det vore fint?
Fint å få barn annankvart år vel?
Slapp av, min venn. Det skjer ikkje, aldri.
Tidlegare syntes eg det var rart når menneske (kvinner) bedyra høgt og tydeleg at dei var så absolutt ferdige med sin reproduktive fase. Eg forsto ikkje korleis ein kunne vera så skråsikker. Og i lys av at mange slit med å vera ufrivillig barnlause, så syntes eg nesten det var litt frekt å vera så ferdig med å få barn.
Det var dengong då.
Nå slår eg meg (sjølvtilfreds) på brystet, og er skråsikker. Og veldig takknemleg, det er eg òg.
Skulle nok handtert 1 stk menneske til i familien, kanskje tilogmed 2. Men fleire svangerskap? -never.
Kvifor dette innlegget? Tja, ser at kalenderen tikkar mot 2013, og visst-at-om-dersom så hadde det vel vore dags? ;)

Ein deler vel alt på nettet, eller?
Kanskje neste innlegg blir om privatøkonomi, åreknuter, karrierevalg. Ein kan aldri vita.

tirsdag 9. oktober 2012

LUKSUSDAME

Ei god venninne har nok registrert dei blå ringane under augene og den trøytte stemmen i telefonen.
For ho inviterte på eit aldri så lite spa-opphald, 1 døgn på ferie på hotell, inkludert musserende..., spa, mat, mat, mat, shopping og prat. Deilig var det, og utruleg morsomt.
Kortversjonen: på spa får ein tildelt "truse", i papir. Eller, ikkje truse, men stringtruse, i papir. Akk ja, ein gjer som ein får beskjed om. Morgonkåpe og tøfler fekk ein òg. Klar for massasje, KROPPSmassasje, ikkje berre delar av kroppen. Kva ser du føre deg? Eg såg føre meg ei velpleid dame med kunnskap og  mild stemme som ville verka avslappande på ei sliten husmor.
Ho-ho, det er rart korleis ein av og til, i enkelte situasjonar, berre må ta ei total ommøblering i topplokket!
Min kroppsskrubbar og massør (der eg låg i all min pryd) var ein polsk mann.
Klart me taklar det! Eg er på ingen måte traumatisert. Men at det var litt rart? - jepp!
Dessutan så hefter ikkje menn seg med detaljar, dvs - den vesle skåla med frukt, som venninna mi fekk etter sin massasje, av kvinneleg massør, den skåla såg eg aldri. ;) Men eit glas vatn fekk eg, med sitron!
Dagen etter var eg på fotpleie.... same mann, ingen frukt, men vatn OG hodebunnsmassasje (!) - på fotpleie altså. Jajjamennsann.

søndag 23. september 2012

HANK, TAMMY AND DOLLY



Blame it all on my roots
I showed up in boots


 Cause I got friends in low places!

Flybårne saker dette, i str 29, 25 og 22. ;)

lørdag 22. september 2012

HIMMELTING OG HØNS

Fint haustvèr her idag.
Fam. Lykke tok seg ein spasertur i nærmiljøet. Rettare sagt; bataljonen breidde seg ut langs vegane her.  I troppen var det tvillingvogn, sykkel, overblid mor og (om mogleg) endå blidare far, 3 stk menneske i alder 1-5 år..
Turen gjekk innom kyrkjegarden. Der "helste" me på ein del oldeforeldre, som me saknar, og ein liten slektning som aldri fekk veksa opp.
Rett så fint var det.
Så kjem det, spørsmålet frå storeFrø: "korleis klarer dei egentlig å komma seg or kista og opp til himmelen?"
Ja, sei det du.

På heimvegen gjekk me rundt eit vatn. I vatnet symde mange ender. Vakkert det òg.
litleFrø: "SJÅ!, badehøner!!"

miniFrø var rusa på ein is ho hadde fortært, så dei augene var happy.

Og alle var samde om at det var ein fin tur.

torsdag 20. september 2012

POTETSLANG

Potetbinge, er det heilt utgått på dato eller? I min barndom, for snart hundre år sidan, var det mange som hadde potetbinge i kjellaren, og nokon hadde eigen potetkjellar utandørs -under ein slags haug på ei mark... Kanskje dette berre var på mine heimtrakter?
Uansett, miniFrø burde ha vore barn då, på den tida. Ho har nemleg funne ut av kor potetene blir oppbevarte her i huset, i ein pose på vaskerommet. Der går ho og forsyner seg kvar dag, med 1 stk potet, som ho forøvrig kallar "ball". (kva skal ein med alle desse flotte lekene?)
Heilt greit forsåvidt. Det er berre det at ei uoppmerksom mor ikkje alltid får med seg kor desse potetene hamnar i løpet av dagen.... Men det vil vel visa seg til slutt, for dei spirer vel etterkvart med nye skudd?
Mange heite poteter blir det uansett i denne heimen, for dei blir gode og varme etter eit par timar i dei små nevane. ;)
Tenk om ho vèl å svelgja poteta. Får me ei dansktalande i familien då?

fredag 7. september 2012

BUDDHA OG HANDLEKORGER

Jammen godt at eg aldri utdanna meg til (thailandsk) massør. Om så hadde vore, så hadde det vore stor fare for bruddskader på kunden... Ein set seg nemleg oppå kunden, medan ein masserar.
Heldigvis er eg god til å tenkja at alt er normalt. Det hjalp meg idag, då eg låg der i mageleie på ein benk, med ei thailandsk dame sitjande på kne på bakenden min!!
Men le kunne eg ikkje, ein oppfører seg jo fint. Skulle gitt mykje for å fått sjå det der på film.
Stiv nakke hadde eg visst, i kategorien betonghard. Så eg fekk instruksar om "å la mannen hjelpa meg 5-10 minutt pr dag", eller så kunne eg feks nekta han mat. :) Det vil visa seg.

Dessutan syntes eg det var litt rar plassering av ei skål med epler der inne: høgst oppe på ein hylleseksjon. Men det var nok Buddha sine epler. Han sat ved sidan av der oppe.

Etterpå var eg på handel. På lista stod bl.a. handlekorg/samanleggbar korg. I ein butikk fekk eg tilbod om å kjøpa ei slik blå plastikk-korg som ein brukar når ein handlar i den butikken... Skulle tatt seg ut, å gå rundt med ei butikk-korg i byen? Har eg ikkje vore i kasjotten/lukka avdeling før, så hadde eg definitivt vore i risikosona for det då.

Ein spennande dag for Josefine altså.

søndag 26. august 2012

TIL INFORMASJON

Eg har kjøpt fire julegåver.

mandag 13. august 2012

NY LÆRDOM

Det kan hende eg har misforstått alt. Eg gjer ofte det. Ikkje er eg den smartaste kniven i skuffa heller.
Men, høyr her: på spinningtimen fekk me beskjed om at me gjorde oss sjølve ei bjørneteneste ved å driva med spinning.... For, me trente då den aller viktigaste muskelen, altså hjarta, og det blei sagt å vera ei investering.
Er eg uhøfleg dersom eg tar mitt eige headset på neste gong på spinning? Så slepp eg å høyra?
Symjarane i OL gjer jo det. Men det er nok ikkje bjørnetenester dei driv med.

søndag 12. august 2012

SKO

På ferie i 1 døgn, åleine! :-)
Då har ein minst 4 par sko i bagen.
Fruer gjer slikt. ;-)

lørdag 11. august 2012

FAMILIEIDYLL

kl 0500: litleFrø ropar om hjelp grunna amputert bein på dokka. miniFrø vaknar. My blir ortoped og fiksar avrive bein.

kl 0505: My beordrar Mann opp til å leggja ned miniFrø (det er mest hensiktsmessig at menneske utan melk gjer slikt)

kl 0530: miniFrø sin morgon "startar". My ammar.

kl 0610: storeFrø: "mamma, sko du ønskt atte du hadde Ben Ten-dynetrekk?"


Er verkeleg alt normalt? Eg er i tvil.

onsdag 1. august 2012

HAZY, LAZY DAYS OF SUMMER

Litt kvardagsfilosofi her: korleis merkar ei skarve husmor at det er ferie? Eller rettare sagt, ein merkar jo når resten av familien har ferie...., men kor, og i kva, ligg skilnaden for oss som berre går rundt her heime?
Ferie er å gjere noko anna, seier ein. Javel, då er det veldig sannsynleg at My har restferie til gode. ;)
Nok syting. Eg har det fint, og godt, og ein smule kaotisk innimellom.
Godset har blitt besøkt dette året òg. Og der treng ein ikkje gjera reint, og rause venner og familie inviterar på middag og tilbyr barnevakt og, og, og. På Godset er det faktisk koseleg å finna halvtomme kaffikoppar bak gardinene. Der sit me langs glaskarmane, i diverse sofaer, utan bord føre, men med glaskarm+flåger (fluer) bak ryggen. DET er sjarmerande det!
Dessutan har me ete biologiske tomater. Heilt sant, dei seier så.
I tillegg har eg blitt teke for å vera kona til far min... (og hadde det ikkje vore for at personen som babla om det var svært dement, så hadde eg blitt botox-kunde sporenstreks!)
Elles har Mannen blitt informert om skilnaden på feriekoloni og arbeidsleir. He-he.
Og me har stått 1,5 time i bilkø med 3 stk bil-uvennlige barn i baksetet. Grunn til køen? -syndefloden på vestlandet/pytt i vegen som førte til kolonnekjøring. Same for meg om det heiter haustferie eller sommarferie.
Muligens har me òg vore i kontakt med eit stk spøkelse, men det er ei heilt anna historie.

torsdag 19. juli 2012

FERIEGJEREMÅL

Idag har me pitla ripsbær, to gonger. Fyrste gongen henta me frå treet. Andre gongen henta me ut or øyrene til litle-Frø....
Elles har me høyrt på Dolly Parton, I believe in Santa Claus.
Og alt er framleis heilt, heilt normalt.

mandag 9. juli 2012

40 (neida, ikkje eg!)

Hm, eg hadde dessverre ikkje bilete av Mannen med gullsko eller med plaster på knærne....
Ænivei, denne forunderlege Mannen er faktisk 40 år gammal/ung idag!
Og eg må seia at han held seg godt til å vera sååå gammal. Ho-ho.
Ingen førtiårskrise registrert i heimen i skrivande stund.
Det er ein stødig kar ser du.
Og han har eg valgt. Og han har valgt meg. Er det ikkje flott?
Dersom me skal bruka det royale språket, så kan eg jo nemna at han kan få meg adrenalinsint. Så var det noko med nokre lysfontener? Har eg aldri merka.
Kanskje me berre er heilt normale, vanlege?
Veit du, du Mannen - eg er stolt av deg og eg er svært glad i deg, elskar heiter det visst.  :-*

Säg till om jag stör
Säg till om jag stör,
sa han när han steg in,
så går jag med detsamma.

Du inte bara stör,
svarade jag,
du rubbar hela min existens.
Välkommen
Eeva Kilpi

søndag 8. juli 2012

5 ÅR


Denne flotte guten er 5 heile år idag!
Det feirar me på alle tenkelege vis såklart.
Han lurar på mykje han her... om planetar, dinosaurar, skyer, sniglar, kroppen....
Av og til (ofte) blir me svar skuldige. :)
At det skulle vera sååå kjekt med barn, det hadde aldri eg trudd.
Flotte storebroren til to stk rosa. Du er nok ein Helt for dei, innerst inne, oftast.
Eg likar deg, mykje, MYKJE.

tirsdag 3. juli 2012

1 ÅR


Dette vesenet, med gullsko, er 1 år idag! 365 dagar, eller kanskje 366?
Det har vore innhaldsrikt dette året. Innhaldsrikt, det er ei fin skildring synes eg.
Lenge sa eg at dette barnet var "det fredligaste eg hadde". Det utsagnet må nok modererast litt. ;)
Men flott, det er ho. Og deilig, og blid, og omtrent tannlaus.
Ho er nemleg den beste eittåringen i verda akkurat no!!
Då Gud skapte henne, eller kven det nå var (?), då er eg sikker på at vedkommande henta inspirasjon frå Ivo Caprino sitt dukkelager. :) Du veit, slike auger....
Heeeei, kan ho seia. Og så ler ho på dei rette plassane.
Meir objektiv skildring enn dette finn du ikkje.

"Når masser av leker, mas
og våkenetter trekkes over
meg som en tung dyne, er
jeg for deg fremdeles som
en Sareptas krukke."

R. Tangen og K. Bech-Sørensen

søndag 1. juli 2012

ÅRETS


Hadde det ikkje vore for at Posten er ein form for verna bedrift, så ville dei få utvalgte, som årleg får sommarkort frå fam. My, allereie ha motteke dette kortet....
Denne sommaren er ein evig fest! Egentlig burde det, ilag med alle lysa, vore avbilda ein del koppar med vatn - for me er inne i tredje runde med vannkoppar nå. Eg lovar: no skal eg slutta å tyta om desse berømte vannkoppane, for det har eg nemleg messa om sidan midten av april.... Men nå, nå er det ferdig, forever! ;)

Altså, eg ergra meg jo ein smule då eg i hine hårde dage oppdaga at eg hadde delteke i å produsera eit desemberbarn.... Men det er jo fantastisk å ha eit desemberbarn, sett i lys av at 3 av 5 personar i heimen feirar fødselsdag i løpet av ei juliveke!! To av dei har eg født, tre har eg oppdradd... ;)
Så no går eg her og sender varme tankar til han der bakarmester Snipp. Han gjekk rundt og fabulerte om desse 1000 smultringane han skulle baka til ein eller anna happening i Skomakargata ein gong.
Her er det nesten likeeins. Ikkje akkurat smultringar som surrar i hovudet mitt, derimot alskens andre kaker, cirka 13 stk kom eg fram til.
Akk ja, så lenge ingen ber om dinosaurkake eller noko i den duren, så kjem me vel i mål. Men rett skal vera rett: eg har trass alt eit nettverk, og deler av nettverket bidrar med kaker. ;)

More to come.
God sommar til alle i dette kjekke Bloggland!

mandag 18. juni 2012

MEIR NORMALT

Neste gong eg går på spinning, då skal eg ha truse på meg, kun truse.
Joda, eg har alltid truse, men eg brukar bukse oppå...
Trur det må bli ein slik hipster-sak. For dersom eg har sett rett, så er det det som er på moten nett no.
Ikkje nok med velpleide tær på pilates altså. Stønn, tek til å bli travelt dette her.
nå fekk eg sagt at eg trenar framleis ja, dritflink, det er det eg er
Lurar forresten på om det er mine tresko som står på treningssenteret? Hm, lenge sidan eg har sett dei i vindfanget her iallefall. Blir litt vanskeleg for meg dette med utesko, innesko, bare tær... krev ein heil del tankevirksomhet å treffa blink, på ein måte. Og tanken min er tom.

red. anm.: Mannen blandar seg inn her, og kan avsløra at truse brukar ein IKKJE når ein syklar! (det visste eg egentlig, men det har eg fortrengt) Og han syklar mykje. Mykje! Alt ein skal ha på netthinna...

fredag 8. juni 2012

DIRTY MY

My har vore blant folk igjen, nærmare bestemt på sommarfest med jobben.
Stas er det, å treffa kollegaer, pynta seg litt, skru på hjernenivået ein level over husmormodus, ta med veska si og trippa avgårde....
Reint triveleg var det, og mette blei me. (denne typen festar sluttar alltid før midnatt, men det er ei heilt anna historie)
På tide å gå heim, då hadde me sunge både Kostervals, Bedre og bedre dag for dag og Det blir atter sol og sommer..... (you bet!)
Det er då det skjer: My skal fiska bilnyklane opp frå veska, tar tak i metallet eg kjenner, og drar opp eit sett handjern. Jepp!
(skulle ikkje sagt noko dersom det var på sommarfest med husmorjobben eg var)
Og tanken er fri, og ein kan forklara seg i hel og alt det der. Dette var vel juicy stuff?
Eg flasha handjerna eg. Ho-ho. Litt ryggrad har ein jo.
Sanninga er at storeFrø fekk desse handjerna til jul. Handjerna har tydelegvis blitt oppbevarte i mi veske og blablabla.
Dette kan du velja om du vil tru på. ;)

fredag 1. juni 2012

DETT VAR DETT

Ein epoke er over: nattamming er historie for mitt vedkommande. Innsatspokal fortjent!
Me benytta oss av den såkalte skrikekuren, eller det gjorde me ikkje - Ferbers metode heiter det. Og slik eg har forstått det så utvikla ein mann ved namn Ferber denne metoden, som eit alternativ til å gå frå eit barn og la det skrika til det kapitulerte.. Javisst kan Ferbers metode innehalda skriking, men barnet får regelmessig og kontrollert oppmerksomhet, med vennlig og bestemt tone. Minefelt dette her, det veit eg. Men det er lov å bruka sunn fornuft, og ein må sjølve finna ut kva som er best for sin situasjon.
miniFrø nærmar seg 1 år og har knekt koden med matinntak på dagtid. Ho er frisk og sunn, og har fram til nå hengt fast i puppen, som ei igle, store delar av natta.
Dette måtte bli Mannen sin jobb. (ikkje å overta igle-rolla altså)
My "flytta" ned i kjellaren i 3 netter, Mann rigga seg til med penn, papir, klokke, bok, og psyka seg opp til 3 netter med h.....
miniFrø fekk parallelt med dette sitt eige rom, dvs "rom"- ho søv der garderoben er. ;)
Resultat: menneskebarnet tok hintet. Ein gong vakna ho, ein enkel gong, fyrste natta, blei lagt ned igjen og that´s it!
Ingen skriking, ingen teljing av minuttar, ingen søvnlaus Mann. (kan det vera at han ikkje har høyrt ho? Neppe ;) )
Og My er eitt skritt nærmare polvottpupper. Jippi!
Dette gjorde me òg då litleFrø var nesten eit år gammal. Det same skjedde då, isi pisi - og den gongen fekk eg nesten kjeft av Mannen for å ha måla fanden på veggen på førehand, og så gjekk det så knirkefritt!
Så eg tenkte at denne gongen blir det verre, og måla dermed fanden ein gong til. :)))
storeFrø? nei, han trengde ingen Ferber eller denslags. Han sov frå 19-07 frå han var åtte veker gammal. Men desse jentene derimot...

onsdag 30. mai 2012

SAVONAROLA

"Eg trur på mennesker som brenne. Det knitre djupt i de ei meining...."

Strofene er frå Vamp sin sang Savonarola, der teksten er skriven av Kolbein Falkeid.
Engasjerte menneske er flott. Menneske som brenn for noko, og som bidrar til nytte for fellesskapen, det har eg sansen for!
Menneske som kun har nok med seg sjøl, sitt og sine - skeptisk!

Men, ein kan vel ikkje vera engasjert i alt?
Sjøl ser eg på meg som ein engasjert person. Men det er eit stort, svart hol der, og fornuften seier eg burde skamma meg... Men eg klarer berre ikkje å bli engasjert i miljøvern! Det bit liksom ikkje på.
Nevner nokon ord som co2-avgift, global oppvarming, ja, då er eg avlogga i topplokket før setningen er ferdig.
Eg burde vel bry meg? Ja, sikkert det.
Allikevel har eg min eigen miljøkapanje, ein svært innsnevra ein, med logisk brist:
Eg legg igjen pappemballasjen i butikken når eg kjøper topakningar med Pampers-bleier! :)))
Ingen annan emballasje, berre denne.
Trur ikkje det er miljøhensyn som motiverar meg, det er nok heller det at papirdunken stadig vekk er full her i huset. For joda, sjølsagt kildesorterar me. Nokon har bestemt det.

Sånn, då har eg skrifta for det.

mandag 28. mai 2012

SYDENFØLJETONG, 8

Epilog

Aldrande mann av lokalbefolkningen då han såg gjengen med "bambinos" me hadde:
"maschine kaputt!" sa han, og peika nedanfor beltespenna si.

søndag 27. mai 2012

SYDENFØLJETONG, 7

Andre viktige spørsmål og Syden-refleksjonar.

Nokon gong lurt på kvifor skular og barnehagar kvar haust sender ut lappar om lus?
Nå er eg kanskje kresen av meg, men A L D R I  om mine småjenter skal få fletta håret på stranda!!
Same kammen, på alle! Ingen desinfeksjonsmiddel å sjå. Æsj, seier berre eg.. Men flettene er fine, berre så det er sagt. ;)

Når det gjeld fri tilgang på slike brus-dispensarar - er det ikkje å rekna som double-dip når du står ved automaten, fyller i glaset, drikk, og fyller glaset på ny? Atter æsj.

Er det normalt at damer på 65+ står ved felles druefat og et druer, OG legg stilkene frå seg på buffe-bordet?

Dersom ein har to fungerande armar og soler seg topplaus på framsida av kroppen, er det då normalt å få hjelp av mannen til å smørja inn brystene?

Er det berre nordmenn som knipsar på kelneren?

Kanskje det berre er My og Mannen i heile verda som ikkje har ein einaste tatovering?

Hotellet hadde morsomme klovnar som dukka opp rundt omkring, til stor begeistring for søte små! :)
Korleis klarer enkelte foreldre å ikkje eingong dra på smilebåndet, men sitja med halvopne, måpande munnar når deira barn blir underholdt så kraftig? Uforståeleg for meg...






lørdag 26. mai 2012

SYDENFØLJETONG, 6

Lei nå? -det kjem meir, du må hugsa på at det er sjeldan me er utanlands ;)

Kvar dag gjekk me i tog! -med Bamse, Verdens Sterkeste Bjørn. Festlige greier det der. Toåringen var veldig fasinert av figuren. Ho sprang ukritisk etter bamsen, for å klemma han, heile tida. Storebror derimot, hadde verden beste kommentar når det gjeld Bamse: "eg såg glidelåsen, mamma, eg såg glidelåsen!!"

Forresten , det var eit tog til som me gjekk i.... syttandemai-tog sjølsagt! Det var verdt heile turen å sleppa å stryka 5 bunadsskjorter dette året. I tillegg var det ingen ulempe sånn reint vèrmessig. ;)
Sanninga er at dette året hadde me tenkt å hoppa direkte over heile 17.mai-feiringa. Reknar med å komma sterkt tilbake når pliktene kallar om nokre år...
Og er det ikkje litt freidig å feira den norske grunnlovsdagen når ein er i eit framandt land, eller?
Uansett, eg hadde høyrt rykter om nordmenn i syttandemaitog langs bassengkantane før, så eg lurte to små flag med meg i kofferten, i tilfelle me "måtte"...
Jammen måtte me!
Svensk syttandemai trur eg me kallar det! Det skal dei ha, dei svenske guidane - dei slo i bordet med eit sceneshow utan like: Fairytale, La det Swinge og YMCA..... Trur ikkje eg utbroderar det vidare, din tanke er fri. ;)

fredag 25. mai 2012

SYDENFØLJETONG, 5

Mat og drikke.

I vårt Syden var ein kopp cappucino det same som svart kaffi med tårn av fresekrem. Joda, eg drakk ein del av dei.
All inclusive er genialt for ei sliten husmor. Armbandet me fekk tildelt gav fri tilgang til flotte buffetar med søtt, salt og syrlig.
INGEN blei dårlege i magen. Toåringen og fireåringen fekk kvar sin "Syden-tablett" kvar dag (Ido-form Travel). Me andre klarte oss med bakteriekulturen me har frå før.
Minstefrøkenen har framleis sin eigen kost: graut, fruktmos, middagsglas og pupp.
Litt irriterande å ha teke med for lite graut heimanfrå.... Og grauten eg fann i butikkane der nede, skulle mixast med melk. Det var uaktuelt å introdusera henne for ny melk på ferie. Endå meir uaktuelt var det å pumpa ut morsmelk. DET er historie for min del! (sann mine ord)
My måtte ut på grautjakt, til å blanda med vatn. Kanskje Lidl hadde? Iallefall var det interessant å hiva seg  i ein taxi ei kveldsstund med destinasjon Lidl. Bomtur!
Men på a p o t e k e t, der hadde dei sorten. :)

torsdag 24. mai 2012

SYDENFØLJETONG, 4

My i Syden.

Heldigvis hadde eg stilt inn forventningane til ferien på rett kanal.
Stakkar meg dersom eg hadde trudd at eg skulle driva dank på ei solseng, og snu meg kvar halvtime.
Stakkar meg dersom eg hadde sett føre meg natteliv og a lot of hanky panky.
Dette var ferie der barna sine behov var i sentrum. Difor var det "ferie", ikkje ferie.
MEN, eg bevilga meg 45 minutt fotpleie på eit slags spa. Pausen det gav var av betre kvalitet enn sjølve fotpleien. Akk ja.
My er fornøgd, My er brun (ikkje bak på leggene), My fekk testa den lekre Spar Kjøp-bikinien, og My fekk tilfredsstilt eit snev av shoppeabstinens ved å investera i fotsid kjole med påfuglmønster (det hadde Ari likt) frå den lokale krambua ved hotellet...
My har leid ein hest med 1 stk barn oppå.... Eg likar ikkje dyr, og eg er redd hestar. Sjølsagt fekk me tildelt den hesten som eg vil definera at "skapte seg". Fasiken! Me overlevde, og "rytteren" var storfornøgd!

onsdag 23. mai 2012

SYDENFØLJETONG, 3

Mannen i Syden.

Det viste seg at Mannen har sitt heilt eige system på saker og ting.
Han brukte skinnjakkelommen til toalettveske (!).
Han hadde sitt heilt eige oppbevaringssystem for skittentøy.
Han blei uoppfordra servert leskedrikk av konemor (ekkelt ord) kvar dag ved lunsjtider. Den eine dagen me hadde eit aldri så lite rollebyte ang. leskande servering, då fann han juice til barn OG leskedrikk til seg, seg sjøl. Den ammande og tørste Kjærleiken lot ikkje tabben bli forbigått i stillhet! ;)

tirsdag 22. mai 2012

SYDENFØLJETONG, 2

I fly.

storeFrø: pappa, ka skjer visst vingene dette av?
Mannen: det vil me ikkje finna ut....
(humring på benkeraden foran)

Det skal nemnast at snart-femåringen var i fyr og flamme over å reisa med fly!! (bortsett frå eit lite stunt på heimturen då han ville ned! nå! .... Men det var midt om natta, og guten var overtrøytt).

Takk for maten! ropte han høgt til flypersonalet då han var på veg utav flyet for å setja beina på spansk jord. :)
Ikkje alle som er imponerte av flymat.

mandag 21. mai 2012

SYDENFØLJETONG, 1

Då var eg cirka til botnen av haugane med skitne sommarklede.... Å leggja inn i allereie overfyllte skap gjenstår.
Familien My har altså gjennomført, med stil ?, den store Sydenturen, i 2 veker var med på "ferie".
Kor me var? Sjølsagt til det heilt opprinnelege, ekte Syden: Mallorca. Ho-ho.
Joda, me gjekk ut i pluss, og å reisa med 3 barn under 5 år var akkurat så travelt som forventa. ;)
Visst du vil høyra, så skal du få lesa til du blir kvalm om all denne familieidyllen.
Dette innlegget får me kalla Prologen:

Du kan tru me gleda oss!! Mannen og My var skikkeleg motiverte til å visa barna våre at sol finns.
Sidan februar har me gleda oss. Logistikken vil eg seia var på profesjonelt nivå..
Ingenting kunne vel stoppa oss? Me fortjente vel virkeligt denne turen?
Har du høyrt om vannkoppar? Varicella på fint? Inkubasjonstida for vannkoppar er 10-20 dagar.Ingen av mine Frø har hatt vannkoppar, ennå.
Tru det eller ei, nøyaktig 16 dagar før me skulle reisa hang det lapp i barnehagen om at vannkoppar var observert....
Eg ville til å grina. Skulle turen bli avlyst på grunn av vannkoppar kanskje?
Dei kunne vera smitta allereie, det var berre å venta i spenning. Ein ting eg kunne gjera for å førebyggja  at dei blei sjuke, var å oppretta ei slags karantene.. Som tenkt, så gjort. Lang historie kort: særdeles friske barn var heime frå barnehagen i to veker, og dette var då altså før ferien starta.
Så det var ei frisk og opplagt og tålmodig mor som forlot fedrelandet ein vakker maidag d.å.
(og aldri har eg vel "sett" så mange prikkar som i dei to vekene før turen! Saumfarte blei dei, desse små.)
Skikkeleg nervepirrande var det dette opplegget.
Neste gong vannkoppar tar turen i området her, då skal dei oppsøkjast.

onsdag 25. april 2012

EIN SKAL SJÅ MYKJE FØR AUGENE DETT UT

Nå har eg sett det òg, i ein blomsterforretning i ettermiddag: Personalet jobba tydelegvis med bestillingar til ei gravferd, bårebukettar og den slags. Er det vanleg å oppbevara kistelokket i butikken, for å pynta der og då? Herreminhatt seier berre eg. Fekk meg ein liten støkk der.
Joda, eg er ikkje av den urealistiske typen som synes døden er tabu. Men dette minna litt om latmannstråd. Veit du ikkje kva latmannstråd er? Det er slik altfor lang tråd som formingslærerinna kommenterar at eleven har klippt seg for å sleppa å skifta tråd så ofte, til eit broderi for eksempel.
Latmannslokk?

onsdag 18. april 2012

ORDSPILL

Kor mange gonger kan ein egentlig bli "besøkende nr 999 999" (eller noko i den duren) med sjans til å vinna noko i reklamen, mellom ordlegging i Wordfeud?! Hæ? Hm?
Kanskje det berre er teljaren deira som har hengt seg opp? ;)
Og jada, eg spelar Wordfeud, men eg er ikkje nyfrelst, for eg har nemleg spela på Aftenposten sitt ordspill.no i maaaange år. Så det så. Men nå har liksom alle "sett lyset"? (må berre tøffa meg litt, for det er ein smule irriterande når dette liksom er blitt ei greie, og ingen gadd å høyra då eg misjonerte om ordspill.no før....)
Vil du tapa mot meg? Eventuelt vinna? Eg heiter spøt.

My, besserwisser

lørdag 14. april 2012

DEN DÅRLEGE HYRDEN

Som de veit så er familien My ein heil bande blitt. Denne banden er noko uhandterleg når han opptrer ilag, blant folk. Og sjøl om 3 små Frø er cirka like i alder, så har dei enno svært ulike behov. To brukar bleier, ein skal kvila to gonger til dagen, ein bør kvila ein gong til dagen - men gjer det ikkje (og kvilen, som burde vore, heng saman med at dagen til denne personen startar i 05-tida), ein blir veeldig sliten av å gå langt, ein vil ha sparkesykkel med overalt, to bør transporterast i vogn, ein vil ha pupp innimellom, ein hatar (!) butikkar, ein frys, ein er varm, ein vil bærast, ein vil utforska alle småsteinar og insekt, ein vil ha sommarhatt oppå hua osv, osv.
Alt dette, pluss litt til, gjer at me deler oss i helgene og på fridagar - akkurat som ein heilt moderne splitta familie altså! ;)
Så idag: My, storeFrø og litleFrø til byen for "adspredelse". Mann og miniFrø heime i hjemmets lune rede, ilag med Nestle.
My kom på den geniale ideen å visa desse små ein "morsom labyrint-butikk". (dette var sjølsagt ein luremetode for sjøl å få kunna snusa litt inne på søstrene Grene)
Det viste seg å vera ein heller dårleg ide.... for me lagde ein scene der inne. Fireåringar synes tydelegvis det er kjekt å springa tilbake i slike labyrintar, noko som fører til at mindre sysken spring etter og forelderen blir lynsint! Eg blei på ein måte bondefanga, for dei fann ikkje vegen tilbake med det same, og eg (og alle andre i butikken) høyrde dei - det kan du trygt seia! Så eg måtte stilla meg ved utgangen, slik at ingen kunne komma seg ut iallefall. Då var eg varm i toppen, helst av sinne, fasiken. Dei fann meg til slutt...
Før dette skjedde spurte guten så kjekt: "hvilken musikk e dette, mamma?"
"Det e klassisk musikk", svara eg. (kva er egentlig greia med den der klassiske musikken hjå desse søstrene?) "Nei, det e spøgelsesmusikk", sa fireåringen.
Kanskje det. Skummelt blei det, for nokre av oss.

fredag 13. april 2012

UTSIKT FRÅ GLASET 07:40

Ein skule er rett ved sidan av der me bur. Kvar dag ser eg barn som tuslar/sluntrar/går to skritt fram og eitt tilbake på skulevegen.
Og det er lett å fella i tankar når ein betraktar desse vesena. Store ranslar som når nesten til bakken for dei minste. Diverse hodeplagg (fy, så mykje rare huer som finst! Jaja, sikkert betre enn dei syntetiske me måtte bruke på tidleg 80-tal....). Gutar som har dunjakkene på slep når ettermiddagen er "kokvarm". Festlege desse, og litt frekke i trynet nokon.. ;)
Men idag, nå nettopp, såg eg noko aldeles vakkert: ei jente hadde fått kjedet av sykkelen sin, ein gut bøygde seg ned og fiksa kjedet for henne. Olje på fingrane etterpå, det kunne eg sjå heilt herifrå. Så smilte dei til kvarandre. Gentleman in spe han der.
Jammen er det håp for framtida! Ha ein fin dag.

mandag 9. april 2012

TYDELEGVIS LENGE SIDAN SIST

My og venninne tillot seg ein luftetur i påsken. Me snakkar bytur, ein edrueleg sådan, det var trass alt langfredag. ;) Så me gjekk på kafe, om kvelden.
My si mamma fekk snusen i dette, eller: eg sendte ein glad tekstmelding av typen "juhu, nå blir det bytur!"
My si mamma, dagen etter: "var det nokon som fulgte etter dåkke i går da?"
??
Punkt 1: eg nærmar meg 40, og har dermed vore ute om natta før
Punkt 2: sjuseteren stod parkert i kort gangavstand frå kafeen
Punkt 3: hadde nokon fulgt etter oss så hadde me mest sannsynleg ikkje fatta poenget, for
Punkt 4: me er om ikkje akkurat gått ut på dato, så er me iallefall ute av trening på eh, kjøttmarkedet, dessutan så
Punkt 5: var det altfor mørkt i kafeen, vanskeleg å lesa meny i lyset av eit telys liksom, og musikken var altfor høg til å prata i og alle dei andre var yngre enn oss og ingen utan My hadde stor handveske med bleier oppi og discjockeyen (!) hadde raud bukse-fiskarcaps-bluse-og skjerf på seg og ein bodyguardliknande vakt sjekka stadig toalettene
Punkt 6: var det kafe eg var på? Kanskje litt meir nattklubb? Serverar nattklubbar mat?
Punkt 7: ingen spurte etter leg. ....

lørdag 31. mars 2012

VEGA ORD PÅ GULLVEKT

Dersom ein får fin rumpe i ei bukse, feks inne i eit prøverom, betyr det at ein ikkje hadde fin rumpe frå før?

My, eigar av ny bukse

onsdag 28. mars 2012

EGG, IGJEN

Til husmor med opprykk.

Kan ein bruka egg som har, eh, vore frosne? (neida, eg driv ikkje med prøverør og slikt)
Eg synes å hugsa så sikkert at eg kjøpte ein kartong med egg på Rema-besøket mitt idag. Storhandel og greier.
Nå har eg leita ein heil ettermiddag, som ei kaklande høne på jakt etter genene sine. Det var rett før eg sette Viggo Valle på saka, han er jo kjend for å løysa slike påskemysterier.
Men eg fann dei, i fryseboksen. Er det mulig?

Eggande helsing frå husmor utan opprykk

mandag 19. mars 2012

SNART DRITLEKKER

Bikini frå Spar Kjøp til 44 kr, dvs 22 kr for overdel (str. inimini, ok da - kan plussa på litt for den der amminga, enn så lenge. Polvottefasong next) og 22 kr for underdel (str. giga/bombe).
Kjem til å ta Syden med storm i denne her. Og oransj, som eg faktisk mislikar!
Men, men, greit å ha eit skift til den andre panserbikinien eg har.
Ennå er det cirka 3 kilo til me reiser.

torsdag 15. mars 2012

TEIT MOR

At eg ikkje hadde tenkt på det før! - at det var kyllingsuppe med epler løk og karri den vesle tannlause frøkna ville ha....
Der sat eg i barselgruppe og klagde mi naud over dette vesle barnet som ikkje vil eta. Men det var før kyllingsuppa blei servert, på barseltreffet. Eg lot ho smake, og det smakte!
Det var nesten litt flaut slik som ho hòlte i seg, nett som om eg nettopp hadde sete der og fortalt skrøner.
Rett etterpå fant ho ut at ho kunne sitje, av seg sjølv, på golvet. Hm, rivande utvikling i løpet av eit par timar.
Kanskje ho har tenkt å på neste barseltreff, eller kanskje lesa høgt for dei andre? Ikkje veit eg. Forunderleg heile vesenet.

tirsdag 13. mars 2012

LUSKING MED MORD I BLIKKET

Stakkar nabo som var så uheldig å ta feil (les: vår) søppeldunk her ein dag. Snøft!
Ein dag pr veke er det bosstømming, og heile "gata" plasserar dunken på felles areale. Og dei fleste hentar den tomme dunken sin når han er tom. (jaja, det er alltid nokon som lar sin stå der ein fire-fem dagar til)
Det er utruleg kor pisseforbanna veldighyggeligeMy kan bli når nokon har tatt feil dunk! Dette kan lett skje til trass for at dunken er tydeleg merka av eigar.
På med jakke og sko. På med mordarblikket. Lusking rundt i nabolaget. Litt frekk lusking- inn i garasjar og trappeoppgangar, DER står han, fint laina opp langs ein nabovegg. Dunken blir med heim, og eg høyrer frå sigarettrøykande kjerring i kjellarholet der ho tydelegvis leiger bustad: "har eg tatt feil?"
"JA", svarar My, og går.
Nei, ikkje rom for feil når My er på krigsstien! Makan!
Elles er eg oppteken av krig og fred og sånt.

lørdag 10. mars 2012

KAPPLØP

MiniFrø er allereie blitt 8 mnd gammal. MiniFrø er eit bestemt lite vesen. Lenge sa eg kjekt (og tilbakelent, slik berre ei skråsikker trebarnsmor kan) : "nei, ho er grei, er nok den fredligaste av mine....bla,bla,bla"
Men det vesle damemennesket har "rått utav" som dei seier i min dialekt. For jammen er ho ikkje fredeleg heller! O V E R A L T er ho, sånn generelt sett. Meir spesifikt: alle ledningar og stikkontaktar er oppdaga og utforska. Stønn. Kan ikkje minnast at det har vore slik før?
Maten er òg eit kapittel for seg, og det er her kappløpet kjem inn. Iflg miniFrø er fast føde oppskrytt. Graut er oppskrytt, frukt er oppskrytt, middag er oppskrytt, skive er oppskrytt, alt på tutekopp/flaske er oppskrytt. Alle triksa i hakkespettboka har eg prøvd!
Og det er ikkje det at ho direkte mislikar maten, men ho gapar ikkje opp, den tannlause frøkna. Jo forresten, leiker og denslags, det kan ein putta i munnen. Så då sit eg klar med maten, som ein hauk/som ein katt utføre museholet, og når munnen går opp for å putta inn ei leke så må eg kappast med den leika ser du. Av og til vinn eg, av og til taper eg. Kjekt. Denne aktiviteten er vanskeleg gjennomførbar andre stader enn her, heime, i hjemmets lune rede.
Men kanskje eg treff folk ein annan gong i livet?
Forresten så har eg jo pupper, med melk - det er nok det ho blir så himla lubben av! ;)

torsdag 23. februar 2012

DET HJARTA ER FYLLT MED....

...det renn bloggen over av. Og nå altså: trening.
Veit du korleis du kan handplukka kven som er nybegynnarar på pilates? - Det er dei (ho) som møter opp i pilates-salen med kraftige joggesko på beina.
Ingen sa til meg at ein bør ha nystussa tær før ein går på pilates! My hadde litt slitne sokkar på matta der. Lekkert, som så mykje anna.
Og veit du, fisemysteriet frå spinningtimen er løyst: null-niks-nada fiselukt idag (og det i seg sjøl er imponerande). Litt "mor Nille er en sten-logikk her": på pilates var det kun damer, på spinning var det damer OG menn, ergo: lukta kom ifrå? Ho-ho.
Du veit korleis det kjennes ut å bli forbirennt av ein treåring i slalåmbakken? Den der følelsen er akkurat den same som dukkar opp når du på ein måte blir utklassa av oldemorgenerasjonen på pilates..... dobbelt så gamle som meg sikkert. Hrmpf.
Men, me sparkar ikkje oppover, me sparkar nedover - det vil seia at eg må bli betre enn dei som er dobbelt så unge (?) som meg. Forstår? Oldemødrene skal på ein måte ha cred, synes eg. Men dei der spinkle tjueåringane som var der, dei skal eg utklassa, med tid og stunder.
Hm, ingen fortalte meg at pilates var ein konkurransesport heller. ;)

onsdag 22. februar 2012

MALPLASSERT

På min veg mot ei ny og betre (les: sprekare) utgåve av meg sjølv har eg nå audmjuka meg til å besøka eit treningssenter. DEN sat langt inne skal eg seia deg! Klippekort og greier.
Flaske med vatn og sko i ein pose. (ingen andre som hadde slikt blomstrete plastnett med seg? Det gjekk meir i anatomiske ryggsekkar og gymbagar..)
Javisst, eg kan med overbevisning helda tale framføre hundre mann. Men plasser meg i ei gruppe med treningskåte folk, då blir eg usikker.
Spinning var eg på, i går. Har høyrt om damer som trur dei er døden nær under barnefødslar. Det har eg aldri kjent på dei tre gongene eg har vore der. Men på spinning derimot! -trudde min siste time var komen... Men eg gjennomførte, om ikkje akkurat med stil.. Eg er på nippet til å tru at det der kan umogleg vera sunt. Allikevel, nokre livsløgner skal ein vel ha.
Sveittelukter var eg førebudd på, men all den fiselukta i den der salen?? Stønn. Mangt skal vi møte, mangt skal vi mestre.

torsdag 16. februar 2012

EKS FOR SEKS OG SEKS FOR SJU

My, i kveld: på måndag er det bollesundag

Mann: ja, og julaftan kjem på fredag den 13. dette året...

Hjernesvinn? Ammetåke? Bør eg skaffa meg eit liv liksom?

tirsdag 14. februar 2012

MR. VALENTINO HIMSELF?

Det blir nok to soler på himmelen i morgon: eg har fått Valentin-bukett!!!! Flotte roser kom denne forunderlege Mannen heim med. Det har aldri skjedd før, aldri. Valentinsdagen feirar me liksom ikkje.
Men eg skal innrømma at det var gledeleg, veldig. Overraskande og totalt uventa, ekstra kjekt då. :)
(med til historia høyrer at Mannen hadde blitt inspirert av ein yngre bror. Ungdommen veit du, dei kan det)

tirsdag 7. februar 2012

KARMANNSKARI

Den nesten nye vaskemaskina vår hadde seg ei nær-døden-oppleving her i forrige veke. Dette skjedde sjølsagt akkurat den dagen eg hadde laga haug av sengeklede. Maskina var full av klede, og vatn, då ho gjekk inn i eit slags teknisk koma... Fasiken! Me prøvde etter beste akademiske evne å finna ut av det, men gav opp.
Reparatør blei bestilt. Reparatør kom ikkje. My forvandla seg straks til ei slik KarmannsKari, du veit, ei slik dame med Cola på baklomma.
Så tok eg til å dirka opp deksel, løysna på slangar, tappa vatn manuelt (karsleg ord), fjerna meir deksel, vri på ein slags turbin (?), fjerna nokre myntar og eit par hårklemmer, kopla alt på plass igjen, og: maskina var friskmeld!!
Dritkry var eg. Triumferande sms til Mannen.
det kunne ikkje passa betre enn akkurat no å ha vaskemaskin som virkar, for me slapp sjølsagt ikkje unna omgangssjuka. Men det er berre ein bagatell..

Helsing Erle, mammaen til Guro

torsdag 2. februar 2012

EGG BESTILT!

Det har vore ein lang vinter. Trur me har hatt 9-10 stormar her vest? Ærleg talt så har eg ikkje brydd meg særleg med det. Veret kan ein som kjent ikkje gjera så mykje med. Dessutan har eg nok å henga fingrane i, så eg legg vel ikkje så mykje merke til dette veret... Men sur, det kan eg bli, veldig sur, men aldri versjuk - det skal eg ha!
Plutseleg, ein vakker dag, sa Mannen: nå er det nok! Nå må me ha sol!
Hæ? Høyrte eg rett? Mannen er av typen som helst set seg i skuggen på solskinsdagar. Kanskje han er sjuk? Tydelegvis versjuk.
Ja, han ville til landet Syden, alle me, heile banden!!!
Og mine prinsipp har det med å forsvinna, det eine etter det andre.... For på langtur, i fly, med små barn, nei DET var uaktuelt. Eg hadde ikkje tenkt å rikka meg før alle arvingane kunne eta sjøl og gå på do sjøl og oppføra seg sånn nokolunde inni eit fly. "eg gjer aldri ting som kostar meir enn det smakar", liksom...
Men jammen sette han reisegriller i hovudet på meg.
Så nå skal me altså til Syden. Det blir ein gong før "sommaren".
Me kjører idiotsikkert opplegg med all inclusive. Dersom nokon lagar alle måltidene til meg og reier opp senga mi, så må me vel mestra å passa våre eigne barn ved bassengkanten der? Det kan lett gå godt, både flytur og alt.
Hm, må Mannen ha ei slik Speedo forresten? Eller kanskje ein slik klinkekulepose?
Eg trur eg køyrer itsibitsitinvini-bikini. Det blir lekkert!
Ja, tannhjulet i hjernen kvernar kan du tru - eg er spent som eit lite barn.
I reising er hverken eg eller Mannen amatørar, men i reising med BARN, der er me noviser.
Og det er rart kor smånevrotisk ein kan bli når ein skal gjera noko for fyrste gong.
Dei egga ja - ved bestilling av ferien så kunne ein kryssa av dersom ein ynskte at kjøleskapet på rommet var fyllt opp før me kom. :) Såklart me ville det: vatn, øl, brød, sylt, -og egg!
Kan jo aldri veta når ein får trang til å koka seg eit egg i Syden liksom.... Ho-ho.

onsdag 25. januar 2012

SJÅ

Eg har kjøpt meg ny neglelakk. Rosa.

lørdag 21. januar 2012

TRETTEN-ENOGFEMTI RUD

Såg du Trim for Eldre då du var liten?
My har vore på trim. Kiropraktoren lata som det var heilt naturleg at eg skulle læra meg ryggøvelsar til heimebruk, i eit treningsstudio, MED ein ung herremann som instruktør i 45 minutt!! Eg måtte jo berre møta opp.. Fann ein lekker tights i skapet og ei dekkande t-skjorte i Mannen sitt skap. Så var det å lata som det snøa, ta på steinansiktet, og sjå kul ut. Blei vippa av pinnen allereie i resepsjonen - der sat ei berte som sa: "bare bjynn å sykla du, så komme an!"
Neida, det var ikkje han der Yngvar...
Lang historie kort: eg låg og kavde oppå ein slik pilatesball medan han der karen kom med "begeistra" skryt liksom...
Faktisk så fekk eg beskjed om at eg hadde sterke magemusklar! I all verden? Sterkt fett trur eg me seier.
My passar ikkje inn på eit slikt treningsstudio. Men må man, så må man.
Kanskje det hadde vore kjekkare dersom tecnomusikken var bytta ut med ei slik pianospelande dame i bakgrunnen? -I tillegg til ho der dama som seier: "og stans!"

torsdag 12. januar 2012

MIN KAMP NÅ

Med fare for å tapa lesartal pga altfor mykje syting i My-bloggen...
I beste fall kan ein sjå på all sytinga som eit forsøk på å skapa ein slags balanse i bloggverda, som ei motvekt til all glamouren liksom. ;)
Uansett, eg debriefar Livet i bloggen, så here we go:
Den skrøpelege Kroppen har lagt inn nok ei protest. (men det er vel ikkje meir å venta, etter 4-5 år med kvalme, 3 fødslar på rappen -med konsekvensane av det, forkjølelse sidan september, dobbeltsidig lungebetennelse sidan desember - med påfylgjande ribbeinsbrist pga hoste -dritvondt by the way).
Og nå: skiveutglidning i ryggen!!! Er det mulig? Heller ikkje dette døyr ein av, men himla upraktisk, det er det, og ein smule smertefullt. Joda så, neida så.
Det var ein vakker laurdag føremiddag. My skulle på bytur med sine to eldste barn. Målet var kakao på kafe. Kjødet var cirka i form, og Ånden var villig (for å vera litt bibelsk her). Glade fòr me av stad. (nå blir dette snart ein andakt) Men Eva var som kjent ikkje lenge i Paradis.
Då eg skulle lyfta toåringen or vogna, inne på kafeen, då sa det PANG i ryggen!! Og der "sto" eg, som eit åttetal. Utruleg nok klarte eg å skaffa kakao til bordet, så me fekk benka oss cirka ned der. Det flaut rundt oss av jakker og huer på golvet. Golvet var liksom ikkje innan rekkevidde frå stolen eg sat på... Barna knèkte rundt meg, og datt litt på golvet og slikt - mora deira sat like godt planta på sin stol.
Heldigvis hadde eg litt Paracet i veska.
Mannen blei ringt etter, Mannen og Baby kom og henta oss, My fant ein dugandes kiropraktor, og resten av helga var eg omtrent pleiepasient. Festlig!
Dersom ein klarer å le av det heile så har me befunne oss i mange rare situasjonar den siste veka.
Blant anna har Mann og My hatt frukost og kaffi, ståande, PÅ BADET! (jada, badet er i andre etasje, og det var der pasienten måtte helda hus) det var etter at Mannen hadde manøvrert meg inn og ut av dusjen, bedt meg ta ekstra såpe under armane (!) og hjelpt til med tørking i diverse folder.(djiises)
Mannen har òg opptrådt som sjølvaste Gro Nylander. Har jo framleis ein baby som kun likar morsmjølk, til alle døgnets tider. Og det å bøya seg og lyfta opp ein baby, DET kunne ikkje eg.

No er eg iallefall på beina, mørbanka, men dog..
Nettverket har vore i sving. Mødre og venner har gitt og tilbydd hjelp, og no er det lys i tunnelen. Eller, litt å bekymra seg for skal ein alltid ha: lapp på veggen i barnehagen - om spysykje i anmarsj. Måtte me berre sleppa....
Kva blir det neste? - jo, det skal eg seia deg: dette var overbevisande motiverande med tanke på å komma i form. Marit Bjørgen sine armar? Pøh!, berre vent seier nå eg.
Og han der Knausgård? - Kampar er det nok av. ;)

torsdag 5. januar 2012

GRATIS UNDERHALDNING

Gullkorna strøymer på, til underhaldning for ei sliten mor.
I kveld, på veg opp i badekaret:

"Jesus kan ikkje bada han." "Kanskje di e fattige og, Jesus og di."

Her har me altså ei salig blanding av fascinasjon for ein mann som kunne gå vatnet og det at fattige sikkert ikkje har badekar.....

Joda, han prøvde forsiktig med foten då han skulle oppi karet, om han kunne gå på vatnet han og.
Fornøyeleg!

Greit for meg at han trur på historia. Me prøver jo febrilsk å få barn til å tru på Nissen, så kvifor ikkje? ;)

tirsdag 3. januar 2012

ROMJULSPRAT MED FIREÅRING

My: tenk alt det kjekke du og syster di har fått vore med på i jula: gått julebukk, vore på juletrefest.... Det får dei ikkje i India. (jfr u-landsprosjekt i barnehagen..) Dåkke er jammen heldige!

Fireåring: Ja, men i India har di heldige kuer.
Related Posts with Thumbnails