Etter ei morgonstund, og natt, utan gull i munn var det dags for ei slags befaring på huset for My og Mann. Tre barn blei avleverte tre forskjellige stader: den med spysjuke hjå ei bestemor, den utan spysjuke i bhg, den minste hjå ei anna bestemor.
Me skulle sjå på Huset! Anstand hadde me òg med oss, representert ved 1 stk pensjonist.
Joda, der var mykje fint å sjå, både av levande og daude, eh, ting. Snikkarar og greier. Men eg såg ingen spikring, derimot liming. (?) Dei har vel greie på det, tenkjer eg. ;)
I same rennet fekk me valgt ut ein del baderomsinteriør, og ein aldri så liten kakkelomn.
Så det dreg seg til.
Forresten, er det normalt å ha klessnor? Ute.
Nokon ba meg tenkja kor eg ville ha klessnora. Har ikkje tørka klede ute på klessnor dei siste tjue åra eg iallefall. Folk som foreslår klessnor har kanskje aldri budd på hybel? Folk som foreslår klessnor kjenner nok nokon som kan ta inn klesvasken dersom regnet kjem og ein sjøl er på jobb og kleda heng ute på ei fin snor?
Hm, joda, eg skal vurdera det.
Og ein ting til: kvifor i all verden er toalettene dei aller fleste stadene så låge. Ein treng vel ikkje plent gå i hockey? Planen er jo å bli gammal og hoftesvak i dette huset, og Gud forby eit slikt doringhøgdestativ over toalettskåla frå hjelpemiddelsentralen! Så eg startar min eigen vesle kampanje for høge toaletter.
Ein annan ting eg har grubla på: kvifor står aldri oppvaskmaskinar i normal arbeidshøgd?
Neida, eg er ikkje ergoterapeut.
Har du klessnor, ute? Tørkestativ gjeld ikkje.
Foreldreblogging på TikTok: Slik vokser du og når tusenvis av norske
foreldre
for 3 måneder siden