Viser innlegg med etiketten Blogging. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Blogging. Vis alle innlegg

fredag 1. februar 2013

HEI


Lenge sidan sist! Har vore oppteken med andre ting enn blogging i det siste. Kva skjedde eigentleg etter den der grusomme zumba-timen i november? Kort oppsummert så har det skjedd alt og ingenting..
Litt kryptisk den der, men poenget akkurat nå er: det skjøre livet går vidare, me er friske (bortsett frå omgangssjuke i hus), me er glade i kvarandre, me byggjer hus, jula er over, julekorta er ikkje rydda vekk, februarsol skin inn i støvet osb, osb. :)

Me har feira 3-årsdagen til litleFrø, på sjølvaste Luciadagen. Lussekattar denne gongen og. Heile selskapet måtte kompromissast fram. Du veit, når ein er 3 år så har ein veldig sterke meiningar... Og det denne vesle Luciajenta meinte, var at ho kun ville ha 1 stk gjest i selskapet sitt! Ingen andre, kun bestevennina frå bhg. Sært? Men eg klarte å overtala henne til to gjester til (med fare for at dei ville bli avviste på trappa..). Eg var berre så redd for at den eine gjesten plutseleg ikkje kunne koma, og det hadde blitt eit stussleg selskap.
Akk ja, me halte det i land.

Slapp unna juletre nok eit år. Men kanskje eg må til neste jul, i nytt hus?
Apropos huset; der er det bånn gass med bygging.
 K J E K T !!!
Min nypensjonerte pappa syrgjer for daglege bilder, via mail, frå byggjeprosessen.
Håpar det er ok for snikkarane med ein mann som kjem og fotograferar med I-pad (uttalt med iii) kvar dag....
Men dei har garantert bygd hus for rarare folk enn oss. ;)

Ynskjer deg ei god helg.

lørdag 4. september 2010

ADVARSEL

I My-heimen laurdag føremiddag, før My og storeFrø tar seg ein bytur:

Mannen, til sønnen på 3år: nå må du passa deg så du ikkje havne i ein blogg!
storeFrø: hvilken blogg? (ja, han snakkar bokmål!, innimellom. Sikkert barnehagen sin "feil", eller kanskje fjernsynet? )
Mannen: sånn som er på internett
storeFrø: eg vil seee den bloggen

Humre, humre. Han har mykje å læra. DEI har mykje å læra.
Men, ja, me VAR på kafè, og i lekebutikk, og i tingforretningar. Så var me visst på Skjeive Dagar òg, men pyttsann.
Fint vèr var det òg! Sol og skyfri himmel, og litt medgangsbris. :)

onsdag 23. juni 2010

I TÅKEHEIMEN


Javel, då har det manifestert seg i bloggen og. Svart på kvitt, eller svart på lyseblått. AMMETÅKA, meinar eg, og viser til gårsdagens innlegg, der eg var hellig overbevist om at det var måndag! (og det var før vinglaset)
Syntes det blei litt vèl mange kommentarar om vekedag. Og levde i trua på at det var måndag, heilt til eg la meg i går.. DÅ oppdaga eg det -at det var tirsdag. Det var nesten som eg måtte stå opp igjen for å forklara meg i cyberspace. ;) Men idag, idag er det onsdag, trur eg.

torsdag 3. juni 2010

TIDSFORDRIV

Har visst altfor god tid eg. -not! Ser berre slik ut. Har nemleg stæssja og pimpa opp denne bloggen her nettopp. Fått meg både fisk og etikettar. ha-ha-ha
Dei fiskane er nok dei einaste husdyra eg kan ha omsorg for. Var medlem i dyrebeskyttelsen, men det var FØR, ikkje nå.
Allslags ekstrautstyr å få tak i til bloggen sin jomann! Godt eg ikkje har Opel Manta eller noko, hadde nok falt for fristelsen å "staila" grenselaust då. Blodharry greier kanskje?

tirsdag 11. mai 2010

RIKT NATTELIV

Kanskje eg er blitt sjuk? Sånn oppi toppen, du veit. Og sidan eg ammar, KAN mjølka ha gått til hovudet på meg? (det skjedde nemleg, med tipptippoldemor eller kven det nå var, etter kvar av alle 15 fødslane så fòr mjølka rett og slett opp i topplokket på henne, blir det sagt/kviskra). Eller kanskje eg berre manglar INPUT frå menneske som seier andre ting enn fis-bæsj-rompe eller arøøøøøø? Kanskje har eg vore for lenge innandørs i vinter, vèrfast pga snø kombinert med mangel på piggdekkhjult vogn og dårleg brøyting?
Takk Gud for denne bloggen! Og det er her "problemet"/sjukdommen ligg, for eg har nemleg begynt å DRØYMA (ein stad inni den avbrotne søvnen vel å merka) om hu som bur innerst i ein vei, om fjase-Bergljot, om Trine med tvillingane, om Pia sin forunderlige verden..... Er det og normalt kanskje? I alle fall er det litt pinleg, at blogginga lever sitt eige liv når eg altså søv... Og nå trur du kanskje at eg ikkje har venner her i VIRKELIGHETEN. Joda, plenty venner òg ser du. Alle sorter venner i grunn - svarte, kvite, tjukke, tynne, morsomme, venner inne i skap og venner ute av skap, gode venner, dårlege venner (jepp, det og). Men eg kan i grunnen ikkje gjera greie for nokon av desse draumane, ingenting spennande, berre vas, men drøymer gjer eg like fullt. Så, nå har eg fortalt det.

mandag 22. mars 2010

Joda, det ante meg. Er sveitt på ryggen, og tilogmed på framsida av lårene! Nå skal eg ikkje ta æra for å ha funne opp dei djupe tallerkane, men at det skulle vera SÅ vanskeleg å forstå dette språket inni denne maskinen. Er det EDB det heiter? Trur me kunne ha EDB i valgfag då eg gjekk på ungdomsskulen. Men eg hadde ikkje det, EDB meinar eg. For eg hadde "personlig hygiene" som valgfag! Til gjengjeld blei eg jysla god på hårfjerning for eksempel. At det er en nyttig ting kan ingen komme fra.

søndag 21. mars 2010

Hallo? Hallooo, -alle der ute i cyberspace ein plass! Er eg inne nå, eller ute kanskje? Prøver meg på blogging eg iallefall. Sikkert kjekt det. Eller?
Trur ikkje du kjem til å få sjå lampettene mine. Heller ikkje baderomsflisene mine, eller det eg har på tallerken.
Men eg kan dela store og små tankar, så det så.
Related Posts with Thumbnails