Viser innlegg med etiketten GivvAwardStuff. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten GivvAwardStuff. Vis alle innlegg

onsdag 23. februar 2011

EIT LITE INTERVJU


Dama med bloggen Insomnia har gitt meg denne festlege awarden, tusen takk! Det innebèr at eg skal svara på fylgjande 7 spørsmål:


1. Ta opp nærmeste bok og slå opp på side 18, linje 4. Hva står det der?

- "Etter at det befruktede egget slo seg ned i livmorslimhinnen, flyttet noen av cellene......" (Jada, det er ei slik svangerskapsbok som ligg her og sleng).


2. Hva var det siste du så på TV?

- Jungelhjul på Playhouse Disney. Hm.


3. Bortsett fra datamaskinen, hva hører du nå?

- Oppvaskmaskinen vel!


4. Når var du sist ute, og hva gjorde du da?

- Ute? Jo, eg trur eg har vore i postkassen i dag.


5. Hva har du på deg nå?

- omstendighetsklær og skjerf


6. Hva var den siste filmen du så?

- "En ganske snill mann." Anbefales.


7. Skulle du overveie å flytte til utlandet?

- Neppe, i så fall kun for ein periode.


Svar i veg du og, dersom du har lyst. God kveld! :)

torsdag 4. november 2010

FEST OG BASAR

eller, basar iallefall. Festen får bli ein annan dag. Men det har seg slik at i løpet av dei 8 siste månadene, så har eg ifylgje teljaren hatt over 10 000 treff på bloggen min! Og det er vel bra? Sanninga er nok at My sjøl sikkert kan stå inne for minst eit par tusen av dei treffa. Åtte månader i denne rare, kjekke verda! Er vel eigentleg for eit spebarn å rekna ennå eg då. Men har nå planar om å bli eldre i bloggeland.... Det er mykje rart eg har klart å produsera i løpet av denne tida, og ammetåka kan ha skulda for mykje av det. Her er det fyrste innlegget mitt: her Jaja. Skikk og bruk i bloggeland seier at ein då markerar med give away, eller basar, som eg likar å kalla det. Egentlig er eg/har eg vore skikkeleg ambivalent til heile givvavei-opplegget. Litt funderingar om det kan du lesa her.
Uansett, eg loddar ut 3 par med lekre leggvarmarar, eller varmeleggarar som eg kalla det sist gong det var på moten... Trur dei kan vera forebyggjande på blærebetennelse, katarr og denslags- Eg har ikkje laga dei sjøl, men eg har kjøpt dei sjøl, så det så. Du får 1 lodd for kommentar til dette innlegget, og 1 lodd for link i din blogg. Følgar kan du òg få lov å bli, men det får du ikkje lodd for. Moahahahaha. Då blir det basar, tja 23.november for eksempel? (dersom du ikkje har blogg, bør du skriva ei adresse eller noko til meg)

tirsdag 14. september 2010

7 TING


Takk til Pia, som gav denne til meg. Det var jo veldig kjekt, for då fekk eg fotografera og visa fram 7 duppedittar som er uunnværlige for meg. Om bloggen min er kul? Tja, kanskje det, sånn innimellom iallefall.

I tilfeldig rekkefølgje:




Spegl må ein jo ha! Sjøl om det av og til kan sjå ut som eg ikkje har det.





Mobiltelefon sjølsagt, eller TELEFON i det heile teke. Hadde nok hatt eit ytterst skralt nettverk utan denne dingsen tenkjer eg. Ok, småbrødre: UNNSKYLD for at eg lo hånleg og himla med augene då dåkke hadde "forstått det" lenge før meg - at mobiltelefon må ein ha... For det skulle eg ALDRI ha! Steinteit, mobiltelefon liksom?





Kaffikjel, med kaffi oppi. Den har redda mange situasjonar. ;)




Tørkerull. Eg er storforbrukar! Tørkerulljunkie, er det noko som heiter det? At det er en nyttig ting kan ingen komme fra.




Vippestol. Utan denne hadde eg aldri fått dusja for eksempel. Reknar med at vippestolen forsvinn ut av må ha-lista i framtida. Så ja, dette er ein midlertidig uunværlig ting. Jaja, skal aldri sei aldri, kanskje har eg 7-8 nye barn om 10 år? "Og lykken ville ingen ende ta, liksom?"



Pinsett. Er med overalt. Øyenbryn, skjegg, bart og det som verre er. Say no more. Ein får gjera det beste ut av det ein har fått, eh, tildelt. Neida, slapp av, eg går ikkje berserk - dersom nokon i dette øyeblikk skulle sjå for seg overnappa bryn i klovnefasong. ;)


Radio. På P1 eller Radio Norge.


Synes du at du har ein kul blogg, så fritt fram - vis oss 7 uunnværlige duppedittar. :)

fredag 18. juni 2010

ØNSKEBRØNN


Tusen takk Elisabeth, innerst i veien - for denne her! :)

Enten så har eg gått tom for idear, eller så har eg alt ein kan ynskja seg, he-he, for eg synes det var vanskeleg å komma på 7 ting eg ynskjer meg....
Så, kva gjer ein då? -Jo, spør Mannen sjølsagt! Kanskje han har ei aning om kva mammaMy ynskjer seg? Tok spørsmålet på alvor han, med kulepenn og greier. Berre sjå her:


Joda, eg ynskjer meg både nytt hus og ny bil. Ikkje kravstor i det heile tatt.... Og reine vinduer, har han skrive, men det fekk eg i går, og det fikste eg sjøl - I STIGE til og med! men det var ei avsporing...
Men nå forstår eg ingenting!!!! FOR PLUTSELEG BLEI SKRIFTA BLÅ? -etter at eg la inn bilde liksom. Hæ? Sikkert ho der My som manipulerar inni datamaskinen her. Felslige greier. Ok, då får eg ha BLÅ skrift vidare då.
Ser du godt etter, så er det eit handskrive ynskje til på lappen (jada, eg HAR stygg handskrift) : men eg ynskjer faktisk å bli invitert til middag på Slottet. Helst for å glo då sjølsagt. Aschehougs hagefest kunne eg òg tenkt meg invitasjon til. :) Og nå trur du nok eg er ein stormannsgal gold-digger. Er ikkje det, ser du.
Hm, kor mange ynskje er me oppe i nå? 6, javel. ogsåynskjeregmegeiRadoklokke. Sånn.

Så trur eg me seier det slik: har du blogg, har du lyst til å dela 7 ynskjer med lesarane dine: VÆRSÅGOD, her er ein award til deg frå mammaMy.
God helg alle!

mandag 24. mai 2010

BASAR


For ei lita stund sidan melde eg meg på ein slags "blogg-basar" hjå Trine. Spennande og kjekt. I alle fall så resulterte det i at eg fekk pakke i posten: fin kjole til eit Frø, og pose til vinflaske - begge deler sjølsagt sydd av flotte Trine. Tusen takk!
På bloggespråket har eg fått med meg at det heiter "Pay it Forward".... Men for meg, som kjem frå bondelandet, er det like greit å seia at det er ein form for basar. Har du vore med på ein payitforward, så lovar du egentlig å laga ein payitforward sjøl. Ok, då går me i gang: dei 3 fyrste/dei 3 einaste (?) som legg til ein kommentar på dette innlegget får ein pakke i posten frå mammaMy, innan eit år. :) Enkelt og greit. (og då treng eg adressa di. Adressa kan du feks senda til meg på e-posten min). Tji-hi, kjekt dette. Symaskin har eg, pent brukt sådan. Har sydd 2 firkantar på han ein gong, og DÅ hadde eg inntatt vin. Sløyd er eg heller ikkje god i. Klarer meg sånn middels i heimkunnskap. Men er til dels svært god i O-fag. Så det ser dårleg ut med heimelaga ting frå mi side, men pakke skal eg fiksa uansett. Me har jo landhandel her eg bur! Så hiv deg rundt, og kommenter i veg!
Som eit lite apropos: Mannen synes mammaMy sin blogg er stas. Men ein ting ler han seg krokete av- slike ting som dette, altså giveaways og payitforwards og awards og gud veit kva.
Han samanliknar det med jentene i klassen frå då han gjekk på barneskulen: "rekk opp handa dei som vil HA!" Kva det var dei hadde å tilby seier soga ingenting om. Men ok, kan kanskje verka litt latterleg, kjøpdegvennerliksom. Forstår den, MEN: eg synes presangar er kjekt. Å gjera nokon glad er kjekt. Så då får det berre vera så latterleg som det vil. :)


Etterskrift kl 2155: Mannen kjem ut til bloggeplassen og lurar på fylgjande: "har du fått någe respons på givvstuff, stuffaway, payback, givvforward, My?" Mrsmt. Hm, lurar på om han har hatt seg leskedrikk attåt fotballkampen.

mandag 19. april 2010

POKAL


Og DER kom det igjen- sveittinga på framsida av lårene. For eg har fått pokal. Kry som ein hane!! Men litt angstframkallande. For det betyr at eg må avansera i EDB-kunnskapene mine. Linking og greier. Fram til nå har LINK for meg betydd "tablettar som bestemor har i skapet"..... Men me prøver. Tusen takk for pokal i bloggeland frå Elisabeth, og frå Bergljot. To kloke og morsomme damer som er Skybert-venner :) Anbefales! Har pokal i virkeligheten og eg, helst frammøtepokalar frå skulekorpset altså. Kanskje eg skal få Mannen til å spikra (!) eit fint pokal-skap til meg forresten? Og nå skal eg fortelja sju ting om meg sjølv. For det må du når du får pokal i cyberspace. Ok, here we go:

  1. I hjemmets lune rede heiter eg faktisk My. Dvs. det er det namnet Mannen brukar på meg, og har tilogmed gravert det inn i gifteringen sin... Grunnen han gir for kallenamnet er at eg er like sint/tverr/skadefro (og kanskje søt?) som ho i Mummidalen.
  2. Eg diktar sangar til "anledningar". (denne egenskapen er nesten litt plagsom å ha. For eg likar IKKJE slike sangar, av typen densomstårpådetgulearket, i konfirmasjonar og liknande. Blir ille berørt når folk blir imponerte av at ein klarer å få festen til å rima på presten liksom).
  3. I eit anfall av dialektforvirring har eg faktisk spurt ein mannleg kollega fylgjande spørsmål: "har du ronkt?" eh, æh. Flaut dette og. Det eg EIGENTLEG skulle spørja om, var om han hadde RINGT. (til opplysning så nemner eg at han svarte nei på spørsmålet, at DET hadde han ikkje gjort.) Så det så.
  4. Og eg har vist fingeren til berykta kriminelle. (og har fortsatt kneskålene i behold).
  5. Eg har spelt horn i Frelsesarmeen sitt blåseorkester....
  6. Eg har gitt pengar i hatten til det eg trudde var ein tiggar. Men det viste seg at han berre lufta håret litt, og heldt hatten framføre seg.
  7. Eg skal aldri, aldri, aldri lesa om Knausgård sin kamp. Makan! Skaff deg ein blogg, Knausgård, det er her kampen for tilværelsen foregår.
og mykje, mykje meir :) Er medlem i Noregs Mållag òg, om du lurte.
Pokalen gir eg vidare til:
  • Anita - det er alltid kjekt å vera i same rom som deg
  • Anne-Laila - fordi du alltid er i godt humør
  • AnneGrete -fordi du har ein blogg som kun er positiv
  • guttemamma- fordi du har sydd fin syttnemaivimpel til meg
  • mammarie- festlig å lesa i bloggen din
Nesten som kjedebrev dette. Slik me hadde i ungdommen. Reine foryngelseskuren heile bloggen. Puh! Der! Klarte det!!

Related Posts with Thumbnails