Viser innlegg med etiketten Gullkorn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gullkorn. Vis alle innlegg

fredag 19. oktober 2012

SER MAN DET

"Mamma, eg vil ikkje gifta meg med deg når eg blir stor, for då er du så gammal."

"Eg vil ikkje ha kjærast, for eg hatar kyssing."

Fint å vera fem.

fredag 12. oktober 2012

TRØBBEL?

etterskrift til gårsdagens:

Var nettopp i postkassen ilag med miniFrø (1). Postmannen sto og la oppi kassane medan me venta.
"PAPPA", sa ho.
Hm, eg har iallefall aldri sett han før. Kross på halsen.

lørdag 22. september 2012

HIMMELTING OG HØNS

Fint haustvèr her idag.
Fam. Lykke tok seg ein spasertur i nærmiljøet. Rettare sagt; bataljonen breidde seg ut langs vegane her.  I troppen var det tvillingvogn, sykkel, overblid mor og (om mogleg) endå blidare far, 3 stk menneske i alder 1-5 år..
Turen gjekk innom kyrkjegarden. Der "helste" me på ein del oldeforeldre, som me saknar, og ein liten slektning som aldri fekk veksa opp.
Rett så fint var det.
Så kjem det, spørsmålet frå storeFrø: "korleis klarer dei egentlig å komma seg or kista og opp til himmelen?"
Ja, sei det du.

På heimvegen gjekk me rundt eit vatn. I vatnet symde mange ender. Vakkert det òg.
litleFrø: "SJÅ!, badehøner!!"

miniFrø var rusa på ein is ho hadde fortært, så dei augene var happy.

Og alle var samde om at det var ein fin tur.

torsdag 5. januar 2012

GRATIS UNDERHALDNING

Gullkorna strøymer på, til underhaldning for ei sliten mor.
I kveld, på veg opp i badekaret:

"Jesus kan ikkje bada han." "Kanskje di e fattige og, Jesus og di."

Her har me altså ei salig blanding av fascinasjon for ein mann som kunne gå på vatnet og det at fattige sikkert ikkje har badekar.....

Joda, han prøvde forsiktig med foten då han skulle oppi karet, om han kunne gå på vatnet han og.
Fornøyeleg!

Greit for meg at han trur på historia. Me prøver jo febrilsk å få barn til å tru på Nissen, så kvifor ikkje? ;)

tirsdag 3. januar 2012

ROMJULSPRAT MED FIREÅRING

My: tenk alt det kjekke du og syster di har fått vore med på i jula: gått julebukk, vore på juletrefest.... Det får dei ikkje i India. (jfr u-landsprosjekt i barnehagen..) Dåkke er jammen heldige!

Fireåring: Ja, men i India har di heldige kuer.

søndag 27. november 2011

MENN MED SKJEGG

Av mystiske grunnar ligg det og sleng eit par tøynissar kring golvene her - kjekke småpakkar til småbarn frå små, gamle damer.
Toåringen kallar Nissen for Jesus. Her har me ein jobb å gjera skjønar eg...
I tillegg snakkar ho om at ho vil "gå hjem". Men me er jo heime.
Ein ting ho har rett i er svaret på spørsmålet om kva pappaen hennar heiter. (nei, det er ikkje Nissen eller Jesus).
Litt verre er det ho svarar på spørsmålet om kva mammaen hennar heiter: "Sintefjes", svarar ho.
Har kanskje litt rett i det og. Stakkar liten.

fredag 13. mai 2011

SMART

Vesle frøken på 17 mnd styrer med litt urolege netter for tida. Her ein morgon spurte eg storebroren om han hadde høyrt grininga om natta.
Nei, det hadde han ikkje, for han hadde "tatt av seg øyrene og lagt dei på nattbordet"!
Kanskje eg og skal begynne med det?
Men då må eg kanskje få innstallert slike lampar som blinkar dersom det skulle bli brann eller noko?
AT eg ikkje har tenkt på det før!
Må øyrer liggja i eit glas vatn, slik ein gjer med gebiss? Nokon som veit?

onsdag 2. mars 2011

SLIK ER DET/SLIK VAR DET

Frø: mamma, toffår får du så mange beibier?
My: eg veit ikkje, dei berre kjem...
Frø: eg vett! - du spise så mange nøtter, så blir di te frø neri magen, så vokse di frøene te beibier!

Enn så lenge.

søndag 27. februar 2011

TRUSSEL

Frø: "mamma, tan du sei unnskyld for at du va så strenge nettopp?"
My: " av og til må mammer vera litt strenge når guttane ikkje er lydige, veit du"
Frø: "men du MÅ sei unnskyld ellers så ska eg issje teina te deg mær"

Eg ynskjer meg fleire teikningar i framtida, så ja, eg sa unnskyld, heilt uberettiga. ;)

onsdag 9. februar 2011

KYSSING FORBUDT

"Ikkje kyss meg mamma, for då blir eg til ein frosk!" (Frø -3,5år)
Og eg som ikkje eingong brukar å titulera barna mine som prinsar og prinsesser...
Men som Erik Bye sang: mangt skal en møte, mangt skal en mestre.

søndag 19. september 2010

NAKEN PIRAT

I kveld, etter badetid hadde me "besøk" av ein naken miniatyr-Kaptein Sabeltann.... Eller, han var ikkje HEILT naken, for hodeplagget var på plass, sjørøvarhatten. Slik gjekk det:
liten: "Hiv o hoi, nart er darten vår, så tan vi ta det rolig....." osb.
stor: "darten, ka er det?"
liten: "det er på englesk!!!"
Ikkje tapt bak ei vogn han der heller.
Vidare: "så tan vi lukte bæsj, derfor ror vi inn til land"
Kor skal det enda?

tirsdag 7. september 2010

TVILLINGAR

Det går eit par flinglinger i barnehagen til Frøet. Han fortalte det. Så då er det vel sant.

søndag 5. september 2010

UTENDØRS IGJEN

I dag: ut på tur med vogner, solbriller, kjeks, saft, pølser i termos, pølser i sylvpapir (veldig lite hol i opningen på dei termosane. Grr.), ketchup, kamera, vinterkledd Mann, sommarkledd Kone, og 2 stk vakre barn.
Me fant eit vatn, med ender og sikkert frosk (!). Me fant ein benk og litt skygge. Me (dvs storeFrø) fant PINNAR. Me åt og drakk, nokon amma. Reine idyllen.
Spørsmålet blei stilt: "var det kjekt å gå på tur og eta ute?"
Frøet sa: "mm, akkurat som ein familie." :) :)
Han har så rett, så rett.

lørdag 14. august 2010

HODEKRÅLL

Eg anar at me kan ha ein 3 år gammal Picasso i hus, eller Michelangelo. Guten har kjøpt seg teiknebrett i sommar, og skapartrangen er stor. (berre så synd at alle kunstverka blir konfiskerte i ei handvending...) Jaja, blir nok metta på diverse teikningar og malerier etterkvart tenkjer eg. Men dette er altså eit HODEKRÅLL! Såg du det? Forklaring: insektet heiter på mammamyspråket potetrådel (potettroll, red.anm.), altså eit godt gammaldags skrukketroll/tussalus/kaffebille.
Kanskje sonen er miljøskada? Det var nemlig mange hodekråll på Godset i ferien. Og enkelte av dei låg, eh, med buken i vèret om du skjønar....eller klarare sagt: dei hadde "sovna inn", og låg der rundtomkring og kreerte rett og slett polkadottmønster på vinylen! ;) Vakkert og knasande. storeFrø sin forklaring på desse livlause skapningane: "di harsje batteri di hodekrållene". Sant det.

torsdag 13. mai 2010

GOD BLANDING

I dag har me vore hjå mor og ete far sine verdens beste kjøtkaker. Mor og far er svært populære for storeFrø, sikkert òg for litleFrø. ;) Dei har blant anna to spennande bøker. Den eine er om Donald Duck, eit spøkelse og fire-fem flaggermus. Den andre boka er "om dei som sloss" (les: Den Barmhjertige Samaritan). Du hugsar kanskje desse nitriste, halvskumle bøkene med diverse bibelforteljingar? (ja, boka er frå 70-talet eller deromkring). DEN boka ville guten bli lest for (i dag og). Trur han synes det er frykteleg spennande med dei 3 røvarane, presten og levitten ogsåvidare... Og eit esel, og bandasje, og salve, og herberge. Heng du med? Sundagsskulelærdom dette. Og eg MÅTTE berre: lata som SAMARITAN er eit heilt naturleg ord i vårt vokabular. Håpte eg skulle klara å utvida ordforrådet ser du. Men det blei litt for komplisert. Heile samaritanen enda opp med å bli Brannmann SAMaritan!!! Men han er jo snill han og.

søndag 18. april 2010

TALE

<--- leketøy

NISK! sa Frøet, då han skulle overbevisa om uviljen sin. Slike herlege talefeil tar på ein måte brodden av budskapet. Stakkar liten, SÅ overbevist om at det var niks han sa. :) Like kjekt når han svarar med eit Jepp, Jepp! -og då er i tillegg meininga positiv. Og det hender at han, på dei raraste stader i huset, finn leketøy som er sette vekk ( Ja, me gøymer av og til vekk leiker med ALTFOR mykje lyd i) og overraska bryt ut : "Har du sett på maken?" Fint å vera toogeithalvt år berre, og på ein måte ha rett -i alt. Ein skal som kjent høyra mykje før øyrene dett av.
Related Posts with Thumbnails