- dei som høyrer på radio
- dei som ikkje høyrer på radio
imaget mitt tilseier at eg høyrer mest på P2. Men eg har prøvd, og prøvd -utan å lukkast. Synes det gir litt kred å kunna visa til noko ein har høyrt på "Verdibørsen" eller "Sånn er livet" eller noko i den dur. Men der har eg ingenting å skilta med, dessverre. For kvar gong eg prøver meg på P2, så er det merkeleg nok enten sami-radio eller opera. Prøver P3 óg innimellom. Det er jo hipt og kuult. Men nei, altfor bråkete, og eg blir nesten flau av alle detaljane i "Juntafil" for eksempel. Skikkeleg kjerring altså. Og P4? - ein tanke masete med all den reklamen. Så ja, det er og blir P1 for meg. Det er trygt og godt det, heilt ufarleg, med lokalsending, morgonandakt, Lirekassen, Ønskekonserten ogsåvidare... For ikkje å snakka om trafikkmeldingane som dukkar opp i tide og utide! Fine svisker spelar dei óg. Kanskje dei til og med drar til med ein Dolly Parton-låt!! Fine greier det.
FØR, i gamle dagar, kunne laurdagen fortona seg slik: Ukeslutt 12:30, Radioteateret med Jernvognen og liknande, Verdt å vite, Trafikk og Musikk med UP-Olsen, Korpskonserten, og SÅ kl 17: Barnetimen for de minste. NÅ: Pop-Quiz, Øde Øy, Ukeslutt, Englefjes, 20 spørsmål.
Har jobba i radio óg eg.....kremt, nærradio altså. Brukte helst sendetida til å fortelja over eteren kva klokka var, og slike viktige ting, MED bakgrunnsmusikk! Herreminhatt.