Viser innlegg med etiketten Fjernsyn og Teknikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fjernsyn og Teknikk. Vis alle innlegg

mandag 18. oktober 2010

PLUG IT IN

My var med foreldrene sine på konsert i ei kyrkje her ein kveld. Lokale sangkrefter, salmer og rock`n roll på ein måte.... Forøvrig veldig bra. Ein digresjon, men: dette var på heimplassen min, der eg ikkje har budd på snart 20 år. Og det er utruleg fasinerande å sjå igjen gamle kjenningar frå "den gong då". Eg nevner i fleng: tupè, karnapp på magen, tomme ringfingrar osb.... Joda, det er sikkert berre eg som held meg så utruleg godt! Øh?
Nok om det.
Før konserten starta så var det dempa bakgrunnsmusikk i lokalene, fin stemning. Opphavet ville sitja langt framme, så me gjekk på rekkje me tri -eg bakerst. Og der, plutseleg forsvann bakgrunnsmusikken, samtidig med at eg snubla i ein ledning som var strekt ut der..... Skal sei eg var kjapp til å plugga i støpselet ja! Ingen merka at det var det som skjedde. :) Men det var utruleg morsomt å betrakta lydmannen som blei ein smule hektisk der. Han saumfòr heile scenen og alle koplingar. Eg? -lata som det snøa vel! Og om du lurar: jepp, lydmannen var den same, gamle. Hadde ikkje skifta jobb han dei siste tjue åra.

lørdag 15. mai 2010

INGENIØR-MY

Heldige meg har ennå 2 stk besteforeldre i live. Og etter at Frøene hadde reist til Drømmeland i kveld, avla eg desse veldig gamle ein aldri så liten visitt. "Har du ikkje ungane med deg?" (nei, det er sjeldan vellukka å bringa med seg overtrøytte barn til oldeforeldre). "Kan du skrua på fjernsynet for oss?" (Ja, - eller nei, for som tidlegare skrive må ein jo omtrent vera INGENIØR for å skrua på eit fjernsyn nå til dags). Men eg prøvde, etter beste evne. Med til historia høyrer at å vera nesten 100 år og administrera to fjernkontrollar, det kan lett bli too much... -i alle fall når sjølve APPARATET óg er slått av! (kan jo bli brann, må vite). Rart at stikkontakten i det heile teke var plugga i. Så sat eg der då, og lekte ingeniør. Og trykkte, og ladda opp kanalane og greier. (dei hadde nok manipulert littformykje med tastane på eigenhand....) Kjende eg blei varm rundt øyrene. Men SÅ- jammen fekk eg det til! Trur eg fekk stjerner i boka idag. :) Innimellom alt dette snakka me om laust og fast, om den og den som er så grei (men som har vore død i maaange år)... Jada, litt realitetsorientering måtte til. Greit nok det. Dei har i alle fall fjernsyn, og er VELDIG sjarmerande.

onsdag 28. april 2010

OM LEDNINGAR OG SLIKT

Er det berre meg, eller? FØR gjekk det nemleg an å skrua på fjernsynet, og vips, innan eit nanosekund (veit ikkje heilt kva eit nanosekund er, men trur det er raskt) så var biletet på skjermen. NÅ derimot, her i framtida, tek det opptil fleire skikkelege sekund frå ein trykkjer på stilaren (mi mor sitt ord for fjernkontroll...) til ein ser noko som helst i ruta! Kanskje det har noko med alle ledningane å gjera? -dei ledningane, du veit, som ligg og formeirar seg bak tv-benken. Kanskje det tek lengre tid fordi det er så mange og så lange ledningar nå til dags? Men nå er eg kanskje på djupt vatn. For eg har nemleg òg lettare for å forstå at det går an å snakka i ein telefon som har ledning inn i veggen, enn å snakka i ein trådlaus... Men egentlig så forstår eg ikkje det heller, korleis nokon på andre sida av kloden for eksempel, HØYRER det eg seier, både med og uten ledning. Heng du med? Og for ikkje å snakka om walkie-talkie! Hallo, DET er skummelt det. Er walkie-talkie gått av moten forresten? Det er mangt ein kan lura på ei kveldsstund.
Ynskjer meg eit heilt allminneleg fjernsyn eg, helst inni eit kabinett, med fjernsynsteater og prøvebilde og akvariefiskar.
Related Posts with Thumbnails