mandag 16. august 2010

MENN OG MJØL

Det ser ut som om Mannen har misforstått heile opplegget.... Sendte han nettopp på butikken for å kjøpa eit par småting, deriblant 1 kg mjøl. ("ka gjørr du? blogge du mjølet? fekk du någe å gjørr på hvertfall")
Nå har eg 10 kg mjøl!!! TI KILO!!! Kanskje han trur han er gift med Bakermester Harepus? Kanskje han trur at me har ekstra god plass i kjøkenskapene? Kanskje han trur at det snart er tid for julebakst? Kanskje han aldri har høyrt om at det kan bli insekter i mjøl som står for lenge ubrukt? Kanskje han har tenkt å skaffa seg boller i omnen? Kanskje det var eit hint? Kanskje han har fått solstikk? Gudane veit. Forklaringane er mange, og rare: det var så billig (!), me må ha meir pannekaker, du spør alltid om me har mjøl....
Herreminhatt- seier dette noko om kvinnesynet hans, eller er det å dra det for langt? På alle dei åra me har vore på førenamn, så har eg aldri, aldri , aldri sett han bruka mjøl til noko som helst på eget initiativ!
Eg mistenkjer at han ikkje fant dei små eittkilosposane i butikken, og eg mistenkjer at han ikkje gadd å opna plasten rundt dei fire 2,5kilospakkane han faktisk fant....
Akkurat nå kan du få Mannen billig. Trur eg legg ut ein givvavei på han, eller på mjølet. Djiises Kraist.

10 kommentarer:

Hello Baby Lou sa...

Hihi, det blir MANGE pannekaker

Anonym sa...

Eg trur han har fått seg hobby.... Trolldeig!

Pia sa...

Enten så har han veldig dårlig begrep om hva en kilo egentlig er, eller så er det nok som du mistenker, at han ikke gadd å rive av den plasten.

Trine sa...

"det står 1... men hun mente sikkert 10... ja...?....ja!"

Shy B sa...

Hehe! Berre ler...Kanskje du hadde skrive 1@ (altså krusedull, fordi pennen ikkje virka), på handlelista :))

FruFly★Heidi sa...

Hahaha...utrolig vittig! Bakemester Harepus ja...haha!:)

elisabeth sa...

Ler så jeg griner.

Bergljot sa...

Jeg tror han legger opp til bolle i ovnen:-)

sundal sa...

Ei kvar god husmor kjøper 10 kilo mjøl, kan du vite! Din mann ville bare vise dei andre kundene i butikken at han også har ei bakeglad husmor heima...?

Janet sa...

Hehe. Fantastisk! Og mandig ;)

Related Posts with Thumbnails