lørdag 15. mai 2010

INGENIØR-MY

Heldige meg har ennå 2 stk besteforeldre i live. Og etter at Frøene hadde reist til Drømmeland i kveld, avla eg desse veldig gamle ein aldri så liten visitt. "Har du ikkje ungane med deg?" (nei, det er sjeldan vellukka å bringa med seg overtrøytte barn til oldeforeldre). "Kan du skrua på fjernsynet for oss?" (Ja, - eller nei, for som tidlegare skrive må ein jo omtrent vera INGENIØR for å skrua på eit fjernsyn nå til dags). Men eg prøvde, etter beste evne. Med til historia høyrer at å vera nesten 100 år og administrera to fjernkontrollar, det kan lett bli too much... -i alle fall når sjølve APPARATET óg er slått av! (kan jo bli brann, må vite). Rart at stikkontakten i det heile teke var plugga i. Så sat eg der då, og lekte ingeniør. Og trykkte, og ladda opp kanalane og greier. (dei hadde nok manipulert littformykje med tastane på eigenhand....) Kjende eg blei varm rundt øyrene. Men SÅ- jammen fekk eg det til! Trur eg fekk stjerner i boka idag. :) Innimellom alt dette snakka me om laust og fast, om den og den som er så grei (men som har vore død i maaange år)... Jada, litt realitetsorientering måtte til. Greit nok det. Dei har i alle fall fjernsyn, og er VELDIG sjarmerande.

2 kommentarer:

Anonym sa...

:)) heldige de som har eit sånt duganes barnebarn som deg! Håpe både de og du og dine får ein aldeles strålandes 17 mai :) sjøl så glede eg meg mest te 18 mai, men det e ein aen historie. Klem K

Anonym sa...

Må barra sei meg 100% enige med K. God 18.mai til alle som synst at 17.mai er oppskrytt. Vår tid kjeme vel eingong, der me kan få barnebarn til å stilla inn kanalane, så at me kan sitta i gostolen å sjå barnatogene på riksdekkande tv! Mvh. Din gode venn Bjørnsen.

Related Posts with Thumbnails