fredag 30. juli 2010

HISTORIE FRÅ VIRKELIGHETEN

Familien My har framleis "ferie". Veldig godt i grunn. Når eg tenkjer meg godt om er faktisk bekymringane på eit minimumsnivå. Men klart, der er jo episodar. For litt sidan var eg ein tur i Byen. Dvs, alle var i Byen: 2 store og 2 små. Det var nesten heilt vellukka. Kanskje såg det litt rart ut med ei bagvogn med unaturleg mykje gynging i? Det har seg nemleg slik at det minste Frøet, som iflg kalenderen kun er ein liten baby, slett ikkje oppfører seg som ein baby skal i ei bagvogn utan selar (for selane ligg heime) (rar setning visst, jaja, dårleg nett her, berre skriv og slurvar med korrekturen). Det nemnde frøet står nemleg på alle fire oppi vogna, og gyngar fram og tilbake. Og rett som det er så stikk det opp eit lite fjes bak regntrekket - då står ho der på kne og kikkar ut! (regntrekket er på, i sola. Noko må jo gjerast for å prøva å helda "babyen" på plass oppi vogna...). Og det andre Frøet, som kan både gå og springa, var samarbeidsvillig ca 50% av tida. Slik er det.
Fekk nå handla litt likevel. Måtte jo sjekka om eg hugsa koden på kortet. Moahhahahaha. Særlig.
For å gjera lang historie kort: My kjøpte veldig fin tunika. Tunika var på veg til strykebordet idag. Tunika skulle brukast i selskap etter stryking. TUNIKA HADDE INTAKT MAGNET-ALARM!!! #!!#"!##!! (Kvifor peip ikkje "alarmen" etter at eg hadde KJØPT tunika?) Jepp, det er mange mil tilbake til butikken. Men superlure My ante hjelp i sikte: Godset har jo eit kjøpesenter i nærleiken. Der kan sikkert nokon hjelpa med å få av alarmen, utan at blekket sprutar. Som tenkt, så gjort. (er det forresten sant at det er blekk inni desse alarm-greiene?) Joda, dei fleste butikkdamene prøvde å hjelpa meg, men dei hadde sjølsagt eit anna alarmsystem enn butikken i Byen.... så det var fånyttes. Ikkje alle var like velvillige, trudde nok eg hadde stjelt plagget. På toppen av det heile har eg faktisk kasta kvitteringa! Og gjett om eg forklarte, i opp og i mente. Resultat: alarmen er framleis på, rykter om kleptoman-My på bygda i morgon, og sist men ikkje minst: endring av planane om antrekk i selskap! Vanskelige greier. ;)
I det minste så fekk nå Mannen noko å bryna seg på i denne kveldsstund. Ser ut som han driv ein form for magnet-terapi der borte i stolen sin. Lite kjeltring-gener i han der.

3 kommentarer:

Anonym sa...

hahahaha eg ler eg, ikkje fint å le av andre sin fortvilelse, eg vet det men eg ler lika vel eg :) kose meg med bloggen din etter mange ukers opphold, har nemligt ikkje nett tilgang på hytta eg...men nå ønske eg meg sånn ein telefon med "datamaskin på" for min telefon tok seg ein ufrivillig dukkert i sjøen - likte vist ikkje det den, selv om temp va ganske grei - merkeligt... Klem K

yanmaneee sa...

curry shoes
air yeezy
converse outlet
nike shoes
cheap jordans
yeezy shoes
nike air max
adidas superstar
nike air max 97
lebron 10

Anonym sa...

kyrie irving
off white
palm angels outlet
off white
travis scott jordan
jordan 11
palm angels
cheap jordans
bape hoodie
cheap jordans

Related Posts with Thumbnails