onsdag 30. juni 2010

LUNSJ

I dag var litleFrø og eg på eit slags bedriftsbesøk. Dvs. me tok turen til Mannen sin arbeidsplass, på eit slags tilsyn. Me troppa opp i lunsjen. Kunne nesten tru at besøket var uanmeldt, men DET var det slett ikkje. Allikevel, på pauserommet deira, på Mannen sin faste plass, låg liksom lunsjmaten hans klar til han. Bildet oppe i venstre hjørnet her viser det nemnde. My forvandla seg ein augneblink der til tante Sofie, og kryssforhøyrde kollegaen om matvanane til Mannen. Og nei, han kjøper ikkje den daglege sjokoladen sjøl. Han har "folk til slikt". Herremann. Kanskje eg skal bli ei betre kone, og smørja matpakke til guten? Kanskje eg skal leggja små, søte beskjedar på lapp oppi matboksen? Kanskje ikkje.

tirsdag 29. juni 2010

BAKING


50% av familien My, dvs den maskuline halvparten, har fødselsdag om sommaren. Og gutta boys skal feirast, må vite! Den eine blir 3, den andre blir 38, eller deromkring ;)
Slengte liksågodt i hop ei risbolle-røre eg då, på morgonkvisten. Høyrtes ikkje DET lettvint og husmoraktig ut?
Eg er van med risboller heile året, men er klar over at for mange andre er det ein av dei sju sortene..



Her er oppskrifta:

1 pk Delfiafett
1 plate kokesjokolade
6 ss kaffi
2 egg
6 ss sukker
1 pakke puffet ris

Slik gjer du:

Smelt Delfiafett og sjokoladen, i lag med kaffien, i vannbad eller over svak varme.
Lag eggedosis av egg og sukker. Bland alt. Ha i puffet ris.
Fordel i muffinsformer. Ferdig!


mandag 28. juni 2010

"VI LEVER FOR Å LEVERE"

Treng ikkje skriva lesarinnlegg i avisa eg. Får jo gitt uttrykk for frustrasjonar og gleder her i denne bloggen. Her i huset har me ein slags tradisjon når det nærmar seg ferietid. Då er me i kontakt med postvesenet, for omadressering/oppbevaring av post. Og snart, ganske snart, kan det henda at vesenet må ta rekninga for alle reseptane eg kan komma til å trenga pga høgt blodtrykk og magesår!! Posten sine tjenester fungerar ALDRI, har styrt på med dette i sju år, skal snart skriva bok. Eller, det finst nok bokmateriale i posten sin kunde"service" sin logg.... Har ringt mykje dit eg. Kva det går i? Eit par eksempel: brevet om tildelt barnehageplass fant me på trappa, ein rekning med forfall neste dag fant naboen i hekken, bryllaupsinvitasjonar har gått oss hus forbi, me får posten til menneske som me ikkje anar kven er, osv. osv.
Så var det idag då, eg skulle bruka 5 minutt til å melda ferieadresse for husstanden, på internettet. Jaja, nå har eg brukt nesten 2 timar- fungerte sjølsagt ikkje systemet deira. Og kundeservicen? -dårleg, mildt sagt. Og arrogant. Men eg har jo fått meg ei "venninne" i Posten, som eg har direktenummer til, og ringer (dessverre) årleg til. Ho hjalp meg. Slepp til og med å betala for tjenesten, for som ho sa: "på bakgrunn av historia". Det seier litt. Ein eller annan burde nok hatt ein fot i baken her i distriktet. For det er absolutt lavmål. Ein slags verna bedrift, i ordets rette betydning.
Hugsar FØR eg, i Bergen, på postkontoret der. Det var nesten høgtid å tre inn i dei lokalene, marmorsøyler og høge skranker og god plass til å sitja i kø. :) Men nå? - ei eller anna kiwi-dame som må springa mellom kassaapparatet og konvoluttane. Pøh! Hadde forresten posten si raude bankbok òg eg, då eg var student i Bergen. Tok vel ut hundre kroner om gongen, tenkjer eg. Minibank-kort og mobiltelefon?? Hæ, hm? -hadde vel knapt høyrt om det.
Noko av det som frustrerar meg mest her i verda, er når menneske ikkje gjer jobben sin skikkeleg, med ære på ein måte - uansett kva jobb det er. Vaskar ein toaletter, ja så er det viktig med etterfylling av tørkepapir, jobbar ein på kafè - så skal ein tørka av bordene innimellom, skal du spikra eit hus for nokon-så møter du opp etter avtalen, betjenar ein ein servicetelefon- så skal ein yta service.....
Har høner å plukka med Nav og eg, men det er ei anna historie. Iallefall må ein vera over
middels intelligent for å klara å fylla ut alle skjemaene dei har. Ikkje for amatørar det der. Godt eg har permisjon. Då har eg god tid til slikt. ;)
Sånn. Ellers har eg det bra!

onsdag 23. juni 2010

I TÅKEHEIMEN


Javel, då har det manifestert seg i bloggen og. Svart på kvitt, eller svart på lyseblått. AMMETÅKA, meinar eg, og viser til gårsdagens innlegg, der eg var hellig overbevist om at det var måndag! (og det var før vinglaset)
Syntes det blei litt vèl mange kommentarar om vekedag. Og levde i trua på at det var måndag, heilt til eg la meg i går.. DÅ oppdaga eg det -at det var tirsdag. Det var nesten som eg måtte stå opp igjen for å forklara meg i cyberspace. ;) Men idag, idag er det onsdag, trur eg.

tirsdag 22. juni 2010

#!"##"!/


Det er jammen meg godt eg har denne bloggen! Ved å sjå på dagens bilde kan nok enkelte tru at det har rabla for meg. - Bilde av det som var i handleposen liksom? Ja! Det VAR rett før det sa pling i topplokket i ettermiddag, på Handelslaget, nemlig! Derfor treng eg å debriefa. Her, nå, i bloggen.
Ok, la oss ta det frå starten: My var på krambua. På handlelappen stod det blant anna epler, juice, alkoholfritt øl (nei, EG likar ikkje øl, hverken med eller uten). Men idag skulle altså Mannen ha det, i tillegg til ostepop og denslags. (ergo: eplene er til My).
Litt fredleg òg å surra rundt med ei handlevogn, på ettermiddagstid, utan vedheng. :) So long..
Det var i kassen det skjedde, etter at eg hadde betalt, og var i ferd med å pakka varene i posen. (ser du at det kun er 5 brune flasker på bildet? du veit at det vanlegvis er 6 stk som heng i ein slik IDIOTISK papp med hol i, sant?) På ein eller annan måte klarte eg å knusa ei slik flaske, i tusenmillionarbitar!!! Det var VELDIG flaut. Det var mange folk på handel. Det var veldig vått, alle klærne mine, frå topp til tå frå ytterst til innerst. Det var veldig seigt. Det var litt farleg. Det blødde frå fingeren. Det lukta fyll og spetakkel. Så stod eg der då, som ei and. "Be like a duck: Below the surface- look calm and unruffled. Under the surface-paddle like hell." Og eg kjende SÅÅÅ kraftig på eit forklaringsbehov. Hadde liksom lyst å ropa ut til heile butikken at det var alkoholfritt altså! -som om det skulle ha noko å seia?
Det blei eit par "kjekke" kommentarer. Den framande mannen ved sidan av sa: "har du fest?" Ein annan mann: "her skal du få ein pose av meg."... Og jepp, det var kjensfolk der: 2 stk avholdspersonar frå svigerfamilien, 4 stk av dei du møter i garderoben i barnehagen, 1 stk frå barselgruppa, i tillegg til personen eg vanlegvis kjøper gateavisa hjå (som blant anna har utbrodert for meg om delir og alle ting... ) Eg tusla meg blødande, seig, luktande, våt heim. DET ER GRUNNEN til at varene står på eit handklede, måtte skyljast ser du.
Er det lov å ta eit glas vin på ein måndag?

fredag 18. juni 2010

NARRETUT


Desse er til salgs, svært pent brukte:


Desse er òg til salgs, kanskje, snart. (dersom ikkje Kaptein Sabeltann eller Julenissen eller Treet stikk av med dei...) :



Eller kanskje dette er materiale til ein framtidig givvavei.

ØNSKEBRØNN


Tusen takk Elisabeth, innerst i veien - for denne her! :)

Enten så har eg gått tom for idear, eller så har eg alt ein kan ynskja seg, he-he, for eg synes det var vanskeleg å komma på 7 ting eg ynskjer meg....
Så, kva gjer ein då? -Jo, spør Mannen sjølsagt! Kanskje han har ei aning om kva mammaMy ynskjer seg? Tok spørsmålet på alvor han, med kulepenn og greier. Berre sjå her:


Joda, eg ynskjer meg både nytt hus og ny bil. Ikkje kravstor i det heile tatt.... Og reine vinduer, har han skrive, men det fekk eg i går, og det fikste eg sjøl - I STIGE til og med! men det var ei avsporing...
Men nå forstår eg ingenting!!!! FOR PLUTSELEG BLEI SKRIFTA BLÅ? -etter at eg la inn bilde liksom. Hæ? Sikkert ho der My som manipulerar inni datamaskinen her. Felslige greier. Ok, då får eg ha BLÅ skrift vidare då.
Ser du godt etter, så er det eit handskrive ynskje til på lappen (jada, eg HAR stygg handskrift) : men eg ynskjer faktisk å bli invitert til middag på Slottet. Helst for å glo då sjølsagt. Aschehougs hagefest kunne eg òg tenkt meg invitasjon til. :) Og nå trur du nok eg er ein stormannsgal gold-digger. Er ikkje det, ser du.
Hm, kor mange ynskje er me oppe i nå? 6, javel. ogsåynskjeregmegeiRadoklokke. Sånn.

Så trur eg me seier det slik: har du blogg, har du lyst til å dela 7 ynskjer med lesarane dine: VÆRSÅGOD, her er ein award til deg frå mammaMy.
God helg alle!
Related Posts with Thumbnails