tirsdag 11. mai 2010

RIKT NATTELIV

Kanskje eg er blitt sjuk? Sånn oppi toppen, du veit. Og sidan eg ammar, KAN mjølka ha gått til hovudet på meg? (det skjedde nemleg, med tipptippoldemor eller kven det nå var, etter kvar av alle 15 fødslane så fòr mjølka rett og slett opp i topplokket på henne, blir det sagt/kviskra). Eller kanskje eg berre manglar INPUT frå menneske som seier andre ting enn fis-bæsj-rompe eller arøøøøøø? Kanskje har eg vore for lenge innandørs i vinter, vèrfast pga snø kombinert med mangel på piggdekkhjult vogn og dårleg brøyting?
Takk Gud for denne bloggen! Og det er her "problemet"/sjukdommen ligg, for eg har nemleg begynt å DRØYMA (ein stad inni den avbrotne søvnen vel å merka) om hu som bur innerst i ein vei, om fjase-Bergljot, om Trine med tvillingane, om Pia sin forunderlige verden..... Er det og normalt kanskje? I alle fall er det litt pinleg, at blogginga lever sitt eige liv når eg altså søv... Og nå trur du kanskje at eg ikkje har venner her i VIRKELIGHETEN. Joda, plenty venner òg ser du. Alle sorter venner i grunn - svarte, kvite, tjukke, tynne, morsomme, venner inne i skap og venner ute av skap, gode venner, dårlege venner (jepp, det og). Men eg kan i grunnen ikkje gjera greie for nokon av desse draumane, ingenting spennande, berre vas, men drøymer gjer eg like fullt. Så, nå har eg fortalt det.

mandag 10. mai 2010

KORPS

Kanon-tøff-i-trynet-My er EGENTLIG veldig lettrørt og oppimot grensa til sentimental - av og til. Begynte nesten å stortuta har nettopp, på grunn av eit stakkar skulekorps som øver til 17.mai!! Klart det rører eit gammalt korps-hjerta. Grin KVAR 17.mai eg, til sure tonar og Ja, vi elsker og trommevirvel. Og alt dette har skjedd i mange år. Hadde liksom forstått det dersom eg var MOR til ein av desse snottungane i altfor stor/altfor liten uniform. Men det er eg ikkje. Grin allikevel. Sikkert ikkje normalt? Drit i, normalt eller ei. Synes berre det er så flott, sjøl om det er surt- både tonane og været (som regel). Korpset eg nettopp høyrde var ei form for DIREKTEOVERFØRING pr telefon, frå foreldra mine sin hage. (Ja, eg har ein far som er dirigent for desse små håpefulle :) ) Og då er det heilt sikkert normalt at ho som serverar kake etter "hagekonserten", ringjer meg opp og let meg få DELTA på ein måte.... I alle fall veldig sjarmerande, synes eg. Naturligaste ting i verden i grunn ;) Og som min gode venn Bjørnsen brukar å seia: ALT er normalt.

fredag 7. mai 2010

VAKSENLIVET

Det er høgsesong for konfirmasjonar. Og med Villa, Volvo og Voff-Voff (neida, eg har IKKJE hund, ikkje Volvo heller forsåvidt, men eg har avisabonnement!) så er ein liksom vaksen, og må fylgja med på ting som VAKSNE skal fylgja med på. -Deriblant eventuelle konfirmasjonar i nabolaget... Og ja, me har visst det, opptil fleire -og gåver må sjølsagt ungdommen få. Stas det der. Hugsar sjøl eg syntes det var ein stor dag. Mat, talar, bunad, presangar og gjester - fin tid i grunn. Bortsett frå alle kompleksene, alle leksene (det rimte jammen!), alle avstandsforelskelsane, alle kvisene. Men ganske ok i grunn, å vera femten og ha SVARET på det meste (var obsternasig ser du), og ha god tid til alt ein drøymde om å gjera. Og å vera midtpunkt i sitt eige univers, DET var deilig det! (er på ein måte i mitt eige univers ennå, men midtpunktet? -tja). Jaja, alt har si tid, som Skrifta seier. Fint no òg. :)

onsdag 5. mai 2010

BANNSKAP

Ok, inspirert av Trine og Bergljot sine innlegg frå idag, så fleskar eg til med eit i same gata:Eg blir nervøs av flate pakkar. Du veit, slike det hender ein handlar på Ikea og liknande stader. Flate pakkar inneheld bruksanvisning/monteringsanvisning. Ikkje alle menneske LES slike anvisningar. Men EG kan ikkje (dvs VIL ikkje) skru med umbraco-nøkkel. Men eg kan lesa, og hadde valgt å gjera det dersom eg skulle skru. Skjønar du kor eg vil hen? Altså, det hender rett så ofte at noko skal skruast i saman/monterast her i huset. Og gong etter gong blir eg frynsete i nervene. Eg listar meg rundt åstaden så stille som mus, medan eg sveittar i alle hudfoldene og ber ei stille bøn om at det snart er ferdig.... Joda, som tidlegare skrive, så HAR eg ein fingernèm mann. Men allikevel: det finst ikkje ein gjenstand her i huset som ikkje er blitt BANNA OPP!! Heilt sant. Resultatet blir som regel bra, til slutt. (men ein gong VAR faktisk botn i skuffene ØVERST! Og det kan eg lova deg var morsomt). :) Og me har brukt ein heil påske på soverommet (i oppussingsøyemed altså) -for å tapetsera ein (les:1 stk!) vegg..... Den gongen gjekk eg meg berre ein tur ut av huset. Då eg kom tilbake låg det fleire tapetlengder krølla saman i ein krok. På baksida av tapeten i kroken stod det, med blyant: faen. Slike scenarioer er ein av grunnane til at me IKKJE har juletre. (men det kan eg skriva om ein annan gong) ;)

tirsdag 4. mai 2010

SCENAR FRÅ EIT KJØLESKAP

Dette hadde eg aldri trudd. Og med fare for å utlevera meg sjøl... (drit i, let`s go) : Saken er nemleg den, at eg er på slank. Og DET er kjedeleg det! Det kjedligaste samtaleemnet ein kan ha er, etter mi meining, folk (les:damer) som snakkar om kalorier! Gjeeesp. Men nå viser det seg at eg ikkje er eit hakk betre sjøl. Har vel egentlig ein slags dysleksi for heile kaloriteljinga, og gram og milligram på kjøkenvekt?! Hadde ikkje akkurat S i matte heller. FØR drakk eg fløyte for å bli tyngre (og det bør ein vel når ein er nesten 2 meter, og 50 kilo?) Those were the days, my friend. Lett å lura til fysisk fostring er eg og, ser du. Opplegget opererar nemleg med "trimpoeng"! Så eg går og går, og kryssar av det eine trimpoenget etter det andre, skikkeleg pedagogisk ho der Grete i grunn.
Og nå er det maiogskjøntogmildtogalt, og isogkakerogpølseroggrillogkake. Er det ein ide å flytta mai, slik at han ikkje ligg rett før bikinisesongen liksom? Eg berre lurte.

PS. Blir ikkje akkurat BLID heller, av dette. Forklaring: Mannen et ostepop til kvelds, OG sviskekompott sjølsagt -med fløyte.

søndag 2. mai 2010

PYNT

Har pynta litt på toalettet eg idag. Sjekk den kuule asjetten eg har handla på internettet! Fekk du lyst på, så kan du sjå her.
Upps, dette likna jo pittelitt på eit interiørinnlegg. Men eg har jo tross alt eit MØBLERT HJEM. Kanskje overmøblert tilogmed. Kan jo berre sitja i EIN sofa om gongen liksom. Likeeins kan ein jo òg berre drikka av ein KOPP om gongen, og eg som har såååå mange koppar. Fant forresten ut i går at mange av koppane mine slurpar, -utidige greier det der. Men det gjer ingen skade, å ha både mange stolar/sofaer og koppar, for då er det alltid plass til alle, -og kopp til alle.

lørdag 1. mai 2010

OM MÅLEBÅND OG HOBBYAR


FØR låg målebåndet mitt i handarbeidsposen min. (ja, eg HAR handarbeidspose. Mange.) Har faktisk ein heil pult med handarbeidsposar/vesker/korger. Ein del uferdige prosjekt der ja. Og eg nevner i fleng: 2 stk halvspøta genserar til meg sjøl, 1 stk halvferdig kjøkenhandkle, diverse ENKLE pulsvarmarar, babyskjerf som manglar litt på å bli ferdig, BRODERI (jepp! -påbegynt i 1996), og mykje anna. For hobbyar har eg visst, sjøl om IMAGET mitt er særs hobbyfritt. Er det noko som heiter smugspøting? (spøt=strikk) Kan faktisk spøta, ser du, men dritjobben (dvs montering og liknande) -den må tante gjera, og let seg gladelig bestikka til det. Har vore innom mange hobbyar eg: perling (! djiises kraist), klipping og liming av kort..., akvarellmaling, porselensmaling (hahahahahoho), OG såpekoking!!!!! (no for tida lagar eg såpe på andre måtar visst)
Sannheten er at Mannen som regel må redda dei fleste prosjekt i land, ein fingernem type det der ser du ;)
NÅ ligg målebåndet mitt oppå ei bok om kalorier.
Related Posts with Thumbnails