torsdag 7. februar 2013

BÅL

Sånn, nok eit kapittel over: forever-never-again!
Kanskje eg skulle fyra opp eit slikt bål her ute på plenen? Brenning av amme-bhar? Og DEN kolleksjonen er ikkje liten! Joda, sikkert liten i cup og slikt, men i mengde så snakkar me eit middels stort St.Hans-bål. Eller ein blir kanskje taua av slikt? "Småbarnsmor sette fyr i boligfelt".

Ja, det er amming eg snakkar om. Syntes det passa så fint i anledning Nylanders 70-årsdag å avslutta denne form for foring. miniFrø er trass alt 1,5 år, og for min del så er det lenge nok.
Når diebarnet snakkar, om ikkje heile, men iallefall halve setningar, så var det på tide å gi seg synes eg. Og når i tillegg ammestunda blir etterfulgt av eit krav om å få låna I-paden ("padd!" "padd!"), då skurrar det litt i overkant for min del. Sjarmerande var det slett ikkje.

Flink har eg jammen meg vore! For det var faktisk eit strev å få det til - alle 3 gongene. Tilsaman har eg amma i 46 månader, det er nesten 4 år...
Ja, eg slår meg litt på brystet nå. Men ikkje bli irritert/lei deg dersom du er ein av dei som av ein eller annan grunn ikkje amma ditt/dine barn. Det er O K. Sjøl fekk eg aldri morsmjølk, kun flaskemjølk, og graut frå eg var 6 veker (!). Og eg blei heilt normal. ;) (cirka normal, eventuelle avvik skuldast ikkje ernæringa) Ho-ho.

Nå: ut på handel, undertøysavdelinga. Det finns garantert noko med magiske egenskaper- pushditdetpassarbest.

6 kommentarer:

Shy sa...

Hohoho! Dagens latter. Først pupp, så iPad!! Hahaha!
Det lengste eg amma var 1 år og 2 mnd.
Lykke til i undertøysavdelingen!

Bergljot sa...

Dei har mykje gjevt på Sørbø og Tjølsen.... Og har du vorte litt slunken, er det berre å byggja opp bysten med lausfiletar i silikon :-) Du har vore flink. Eg klarte ikkje å venne av ho yngste før ho var nesten tre år, ho var veldig standhaftig og eg var veldig sliten...

Pia sa...

Ha ha, likte også pupp pluss ipad:) Jeg har amma over dobbelt så lenge som deg, tenk det... Sjøl tror jeg at jeg fikk mye nypesaft. Mamma begynte å jobbe da jeg var seks uker, så da ble det nypesaft hos dagmammaen. Og jeg, som deg, har jo blitt heeelt normal og fin!

Anonym sa...

Du kunne jo invitert oss på grillings med deg samme! Hilsen Inger

Mammarie sa...

Hehe, lykke til med både ammeslutt og bål.

Anonym sa...

yeezy
kyrie 9
supreme
hermes
palm angels outlet

Related Posts with Thumbnails