torsdag 25. mars 2010

Det blir garantert vanskelig å IKKJE vaska håret på 5 dagar! Men doktoren har sagt det. Har nemlig skaffa meg eit blodig bakhode, og to fine sting, rett der ved flettene veit du. Og mot doktoren er ein lydig åff kårs. Det var ikkje noko drama altså, berre ein liten prikk, som forfengelege mammaMy ville ha vekk. Forgjeves å vera forfengeleg når eg allikevel må gå rundt med HYTTEHÅR halve påsken. Fasiken.

2 kommentarer:

Bergljot sa...

Stakkar deg! Du får hekle deg ei nett lue, i gildt påskegult (eller kanskje ikkje). Vonar såret gror bra. God påske, forresten:-)

mammaMy sa...

-gult ilag med mjølkekvitt (les:hudfarge) er jo som kjent ein uslåeleg kombinasjon ;) Og hekling, jada. God påske til deg og, Bergljot!

Related Posts with Thumbnails