onsdag 25. januar 2012

SJÅ

Eg har kjøpt meg ny neglelakk. Rosa.

lørdag 21. januar 2012

TRETTEN-ENOGFEMTI RUD

Såg du Trim for Eldre då du var liten?
My har vore på trim. Kiropraktoren lata som det var heilt naturleg at eg skulle læra meg ryggøvelsar til heimebruk, i eit treningsstudio, MED ein ung herremann som instruktør i 45 minutt!! Eg måtte jo berre møta opp.. Fann ein lekker tights i skapet og ei dekkande t-skjorte i Mannen sitt skap. Så var det å lata som det snøa, ta på steinansiktet, og sjå kul ut. Blei vippa av pinnen allereie i resepsjonen - der sat ei berte som sa: "bare bjynn å sykla du, så komme an!"
Neida, det var ikkje han der Yngvar...
Lang historie kort: eg låg og kavde oppå ein slik pilatesball medan han der karen kom med "begeistra" skryt liksom...
Faktisk så fekk eg beskjed om at eg hadde sterke magemusklar! I all verden? Sterkt fett trur eg me seier.
My passar ikkje inn på eit slikt treningsstudio. Men må man, så må man.
Kanskje det hadde vore kjekkare dersom tecnomusikken var bytta ut med ei slik pianospelande dame i bakgrunnen? -I tillegg til ho der dama som seier: "og stans!"

torsdag 12. januar 2012

MIN KAMP NÅ

Med fare for å tapa lesartal pga altfor mykje syting i My-bloggen...
I beste fall kan ein sjå på all sytinga som eit forsøk på å skapa ein slags balanse i bloggverda, som ei motvekt til all glamouren liksom. ;)
Uansett, eg debriefar Livet i bloggen, så here we go:
Den skrøpelege Kroppen har lagt inn nok ei protest. (men det er vel ikkje meir å venta, etter 4-5 år med kvalme, 3 fødslar på rappen -med konsekvensane av det, forkjølelse sidan september, dobbeltsidig lungebetennelse sidan desember - med påfylgjande ribbeinsbrist pga hoste -dritvondt by the way).
Og nå: skiveutglidning i ryggen!!! Er det mulig? Heller ikkje dette døyr ein av, men himla upraktisk, det er det, og ein smule smertefullt. Joda så, neida så.
Det var ein vakker laurdag føremiddag. My skulle på bytur med sine to eldste barn. Målet var kakao på kafe. Kjødet var cirka i form, og Ånden var villig (for å vera litt bibelsk her). Glade fòr me av stad. (nå blir dette snart ein andakt) Men Eva var som kjent ikkje lenge i Paradis.
Då eg skulle lyfta toåringen or vogna, inne på kafeen, då sa det PANG i ryggen!! Og der "sto" eg, som eit åttetal. Utruleg nok klarte eg å skaffa kakao til bordet, så me fekk benka oss cirka ned der. Det flaut rundt oss av jakker og huer på golvet. Golvet var liksom ikkje innan rekkevidde frå stolen eg sat på... Barna knèkte rundt meg, og datt litt på golvet og slikt - mora deira sat like godt planta på sin stol.
Heldigvis hadde eg litt Paracet i veska.
Mannen blei ringt etter, Mannen og Baby kom og henta oss, My fant ein dugandes kiropraktor, og resten av helga var eg omtrent pleiepasient. Festlig!
Dersom ein klarer å le av det heile så har me befunne oss i mange rare situasjonar den siste veka.
Blant anna har Mann og My hatt frukost og kaffi, ståande, PÅ BADET! (jada, badet er i andre etasje, og det var der pasienten måtte helda hus) det var etter at Mannen hadde manøvrert meg inn og ut av dusjen, bedt meg ta ekstra såpe under armane (!) og hjelpt til med tørking i diverse folder.(djiises)
Mannen har òg opptrådt som sjølvaste Gro Nylander. Har jo framleis ein baby som kun likar morsmjølk, til alle døgnets tider. Og det å bøya seg og lyfta opp ein baby, DET kunne ikkje eg.

No er eg iallefall på beina, mørbanka, men dog..
Nettverket har vore i sving. Mødre og venner har gitt og tilbydd hjelp, og no er det lys i tunnelen. Eller, litt å bekymra seg for skal ein alltid ha: lapp på veggen i barnehagen - om spysykje i anmarsj. Måtte me berre sleppa....
Kva blir det neste? - jo, det skal eg seia deg: dette var overbevisande motiverande med tanke på å komma i form. Marit Bjørgen sine armar? Pøh!, berre vent seier nå eg.
Og han der Knausgård? - Kampar er det nok av. ;)

torsdag 5. januar 2012

GRATIS UNDERHALDNING

Gullkorna strøymer på, til underhaldning for ei sliten mor.
I kveld, på veg opp i badekaret:

"Jesus kan ikkje bada han." "Kanskje di e fattige og, Jesus og di."

Her har me altså ei salig blanding av fascinasjon for ein mann som kunne gå vatnet og det at fattige sikkert ikkje har badekar.....

Joda, han prøvde forsiktig med foten då han skulle oppi karet, om han kunne gå på vatnet han og.
Fornøyeleg!

Greit for meg at han trur på historia. Me prøver jo febrilsk å få barn til å tru på Nissen, så kvifor ikkje? ;)

tirsdag 3. januar 2012

ROMJULSPRAT MED FIREÅRING

My: tenk alt det kjekke du og syster di har fått vore med på i jula: gått julebukk, vore på juletrefest.... Det får dei ikkje i India. (jfr u-landsprosjekt i barnehagen..) Dåkke er jammen heldige!

Fireåring: Ja, men i India har di heldige kuer.

onsdag 21. desember 2011

LITT GØRR INNIMELLOM ALT GLITTERET

Sånn, då var julesengetøyet på plass...... Ganske godt gjort i grunn, med tanke på den dobbeltsidige lungebetennelsen som herjar kroppen.
Har du ikkje julesengetøy seier du? Makan! Einkvar møblert heim har vel det?
Slapp av, eg er ikkje der. Men har faktisk eit raudfarga sett i skapet, og når ein likevel skulle skifte så..
Jul blir det nok i år og, om du ligg i silkedyner eller i halm.
Faktisk er det julepynta i My-huset òg, men juletrenekten står fortsatt ved lag. Det er nesten farleg å seia det, og nokre av dei som kjenner meg trur meg ikkje, men eg likar faktisk ikkje jul så godt. Prøver så godt eg kan, men nei, dessverre.
Jovisst hyggar me oss, det er ikkje det. Heller ikkje har eg traumatiske juleminner med i bagasjen frå fortida. Eg synes berre det er litt pes, men alt er vel kanskje kva ein gjer det til?

Blir interessant det der med pinnekjøtt dette året. Lurar på om eg klarar å helda tankane vekke frå mi eiga ribbe, som eg truleg har hosta på meg ein brist i. ;) Himla vondt er det i alle fall!
Så, så, dette blei litt sytete - hald ut med meg kjære lesar.
Og: god jul då, om det er slik eller slik!

tirsdag 13. desember 2011

DETTE DESEMBERBARNET

-blir 2 heile år idag! Det skjedde i dei dagane då svineinfluensaen herja landet....Ho kom med storken, på sjølvaste Luciadagen.

Sjølsagt er ho den flottaste toåringen i verda:

-Ho har spikerkrøller, men augnevipper ein kan slå ned folk med.
-Ho er glad som ei lerke, og sint som ein tyrk.
-Ho syng døgnet rundt.
-Ho er litlesyster, og storesyster.
-Ho snakkar som ein bisp.
-Ho kan rydda, og rota.
-Ho elskar klær, smykker, prinsesseting, - og Kitty.
-Ho kilar deg i nakken når ho gir klem.
-Ho trur dagen startar 0510.
-Blannmann Sam er helten hennar, i tillegg til pappaen.

Dagen har me feira, med lussekattar, Luciakrune, kaker og pølser.
Dokkevogna var ein gjev presang, oppi den har ho lagt "alt ho eig".

Eg kunne skrive bok om dette vesle vesenet vårt. Kven mor kunne ikkje det, om sitt eige barn?
Bok blir det ikkje, berre desse små funderingane her i bloggen. Ein ting er sikkert: heldige oss!
Ein annan ting som er sikkert: safran er ein oppskrytt ting!

Til slutt, litt fine ord frå ei bok av Ragnhild Tangen og Kristine Bech-Sørensen:

VÅKNENDE VILJE

Viljen våkner i deg - og du en liten stor personlighet vil stå for egne valg
på egne bein.

Du - en vårlig kvist som må bøyes, ikke knekkes.
Din uslipte vilje skjærer riper i meg.
Og når trassen fanger oss, ser jeg bare den - og ikke deg min ønskekvist.


"Når masser av leker, mas
og våkenetter trekkes over
meg som en tung dyne, er
jeg for deg fremdeles som
en Sareptas krukke."

Gratulera med dagen til gullesylle! *
Related Posts with Thumbnails