onsdag 28. april 2010

OM LEDNINGAR OG SLIKT

Er det berre meg, eller? FØR gjekk det nemleg an å skrua på fjernsynet, og vips, innan eit nanosekund (veit ikkje heilt kva eit nanosekund er, men trur det er raskt) så var biletet på skjermen. NÅ derimot, her i framtida, tek det opptil fleire skikkelege sekund frå ein trykkjer på stilaren (mi mor sitt ord for fjernkontroll...) til ein ser noko som helst i ruta! Kanskje det har noko med alle ledningane å gjera? -dei ledningane, du veit, som ligg og formeirar seg bak tv-benken. Kanskje det tek lengre tid fordi det er så mange og så lange ledningar nå til dags? Men nå er eg kanskje på djupt vatn. For eg har nemleg òg lettare for å forstå at det går an å snakka i ein telefon som har ledning inn i veggen, enn å snakka i ein trådlaus... Men egentlig så forstår eg ikkje det heller, korleis nokon på andre sida av kloden for eksempel, HØYRER det eg seier, både med og uten ledning. Heng du med? Og for ikkje å snakka om walkie-talkie! Hallo, DET er skummelt det. Er walkie-talkie gått av moten forresten? Det er mangt ein kan lura på ei kveldsstund.
Ynskjer meg eit heilt allminneleg fjernsyn eg, helst inni eit kabinett, med fjernsynsteater og prøvebilde og akvariefiskar.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Åsse eg så trudde eg sko få ferie i frå ledningskaoset!

sundal sa...

Hei!
Så kjekt du likte bloggen vår! Legg meg til her eg då :)
Morsom blogg dette her!
Ledningar er noko herk! Blir bare fleire og fleire av dei i huset, til tross for at vi anskaffar meir og meir trådlaust...

Related Posts with Thumbnails