fredag 9. april 2010

FIN FREDAG

Slik ser altså ei parkeringsbot ut. Det fekk eg idag. Joda, klart eg hadde betalt. Hadde til og med plassert bilen korrekt innføre oppmerkinga. Og eg brukte ikkje eingong opp heile parkeringstida. Og lappen la eg SYNLEG i ruta. Men bot, det fekk eg. Eit vindpust medan eg lukka bildøra må ha forflytta lappen, slik at Parkeringsvakten ikkje såg kva som stod der.... ##$%!! Kjekk jobb dei har, parkeringsvaktene.
Fin gul remse igrunn.
Har vore på kant med fleire eg idag, -Banken for eksempel. Vanskeleg, dvs umulig, å opna konto for litleFrø utan at BEGGE foreldrene møter opp med signatur og legitimasjon. -noko som ikkje er så lett å få til, når banken kun har ope i opningstida på ein måte ;) Og då er Mannen på jobb. Gav bankdama ei verbal skrape eg. Kjekk jobb dei har, dei i banken. litleFrø skulle jo ikkje akkurat ha lån heller!
I tillegg så brukte dama foran meg i bensinkøen laaaaang tid, FØR ho gjekk ut av bilen for å fylla. Skifta kanskje kassett i bilstereoen?
Men sånn ellers er det jo ein fin fredag. God vèrmelding, reine golv, mett mage. (forresten, det med golvene var visst reinspikka løgn) God helg!

2 kommentarer:

Elisabeth, innerst i veien sa...

Takk du, nå kom jeg på at en bot mannen fikk for et par uker sida ikke er betalt. Sikkert havna i søpla ser jo ikke ut som noe man skal ta vare på, en sånn gul remse..Mannen hadde løpt av sted og glemt å trekke lapp. Ultrasur den for deg, da. Min frustrasjon vises i dette innlegget: http://innerstiveien.blogspot.com/2010/03/gratis-du-liksom.html

Anonym sa...

ååå de pengane e sure!! Fekk ein på kilden eg, glemte å trekka bilett på gratisparkeringå, skulle bare full fart inn å bytta ein jakke, va vel vekke i ca 5 min, men det va nok det...den gula remså blafra fint i frontrutå når eg kom spurtanes ut, gu så sure eg blei! Kathrine

Related Posts with Thumbnails