fredag 16. april 2010

KAFFI-VISE


Eg slår eit slag for kaffien. Frå kaffikjel sjølsagt! Trudde det var heilt normalt eg, å IKKJE ha kaffitraktar... (rett nok hadde eg ein i gamle dagar, som faktisk blei brukt til å sjekka opp Mannen med. Nok om det.)
Då stadig fleire gjester kommenterte kaffikjelen, "sånn har vi på hytten", forsto eg at det var EG som var avvikaren, på ein måte. Jaja. Tar du kaffikjelen frå meg, vil det gå deg ille, kanskje. Har faktisk prøvd meg 2x9 mnd utan kaffi - kaffi og kvalme lar seg vanskeleg kombinera...
Har te og, i skapet. Greit nok det. For det er ALLTID minst ein gjest som heller vil ha te,- ikkje irriterande i det heile tatt ;)
Og koppar har eg og, mange, Green Gate og greier. Men kanskje kjekkast å drikka i Ari Behn-koppen min, i alle fall på gråvèrsdagar. For den har nemlig sjølvaste Ari skrive på! Og der står det at eg er eit smykke. Tji-hi. Fekk koppen av mamma, då eg var høg-gravid fyrste gongen, noko ho sjølsagt nytta høvet til å fortelja til herr Behn inni glasbutikken der.... Og som den gentlemannen han er , så spurte han etter termin og greier. Og den kommande bestemora forklarte, som det mest sjølsagde i verda, at jo, terminen er når svigermor di har fødselsdag. Dronninga altså. Ikkje flaut dette. Du och jag Ari, du och jag. Og kaffikjelen. Og koppen.
Fin helg til deg som les!

8 kommentarer:

Anonym sa...

E nok ikkje mange av ditt slag, ikkje på hyttene eingang :) Sjøl tar eg meg heller et glass cola zero, og e nok av den sorten som seie "nei takk eg like ikkje kaffi eg, e ikkje blitt voksen" når eg komme hjem te folk - men eg e greie og tar te takke med et glass vann eller to :) god helg te deg og dine! Mine e sendt på hyttå, både han store og de små - eg male - skulle egentlig begynna på et soverom, men det virka så kjedeligt, så nå male eg skjenk og skap i stuå:) K

Mammarie sa...

Hehehe, kjekt å ha mamma med på handel!!

Anonym sa...

Å koka kaffi på kjel er ein kunst! Det er ei velsigning å få ein kaffikopp sjå dei så beherska kunsten, Å sjå ein kaffikunstnar i arbeid er og fasinerande. Du og din far er vel dei einaste eg vett om som servera "heiskaffi"? For dei som enno ikkje har blittt servert kaffi av MammaMy eller Mummipappa, kan eg opplysa om at imens kaffien trekkjer, tar kaffikunstnaren kjelen og heiser den opp og ned, ofte med litt elegante svikt i knærne. Takk for kaffien:) Mvh. din gode venn Bjørnsen.

MammaMy sa...

Smask! :)

Anonym sa...

Kjempe kjekt å fylja med på bloggen din mammaMy! I huset der eg har seng har eldste arving gått over til siddis dialekt....så nå kokar, unnskyld, trekk eg kaffi i ein "sjele":)

MammaMy sa...

:)jaja, den arvingen VEIT iallefall kva ein kaffikjel er. Eg skulle kjøpa kaffikjel som bryllaupsgåve ein gong, i Stavanger. "E det vannkogar du meine?", sa ekspeditrisa....

Mammarie sa...

Ja og ikke minst all mysinga som ligg bak :D

God helg :D

Ingeborg Bjorland Hansen sa...

Eg har slik kjele heime, må hugse å ta den med etter sommarferien. Har sakna den.

Related Posts with Thumbnails