torsdag 8. april 2010

MØBLER


Hm. Enten så er det at eg drar på åra. Eller kanskje det er nå fyrst eg har forstått det. Eller kanskje manet-ryggraden har endra seg til Ryggrad. MEN ALTSÅ, eg har lyst på ein lenestol, eller rettare sagt ein kvilestol. Joda, ein slik du kan manøvrera bakover, samtidig som det dukkar opp eit fint lite brett for beina.... Uff, styggare møbel finst vel ikkje. Men eg vil ha, allikevel. Drøfta dette med min gode venn Bjørnsen her ein dag. Svar: "åja, så det er slutt på slike Afrika-stolar nå altså?" Det har seg nemleg slik at den møblerte heimen min inneheld 2 Afrika-stolar, av typen "to fjøler som ein puslar saman". Å sitja på ein trestamme liksom, når ein KAN ha det betre? Det neste blir vel hverdagschampagneglass, og drueklype i sølv. Ein kan aldri vita.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Kjekt med tips til fødselsdagpresangar. Gler meg til eg skal til J.C. Melhus å kjøpa drueklypa: Mvh. Din gode venn Bjørnsen.

Bergljot sa...

Må seie meg samd i at reklainarar ikkje er dei mest estetiske møbla som finst. MEN dei er uovertrufne å sitja (les: sova) i! Drueklyp i sølv? Eg kjende ein gong ei som åtte ei slik ei (arvegods). Men ho panta klypa ein gong ho trengte kapital.

Anonym sa...

Det e viktigt å tenka på ryggraden, den ska tross alt holda oss oppreist i mangfoldige år, så disse afrika stolane får du bruka som bokhyller eller noe anna vettuga :) Kjekt å få se litt av interiøret ditt på trykk! Kathrine

Elisabeth, innerst i veien sa...

Er det farlig å innrømme at vi har hatt en slik recliner? Vi skjønte aldri hvorfor hippe folk lo av den. Den var jo bare SÅ god å ligge/sove i. Ble kasta for noen år siden, da var den slitt og dessuten tok den altfor stor plass. Jeg har ikke sjekka, men det må da finnes en variant som ivaretar behovet både for komfort og estetikk på markedet nå, at det har vært en utvikling på området?

Pia sa...

Jeg har en sånn recliner! Og, ikke minst, en sånn Afrika-stol!Fra Tanzania. Hvor har du kjøpt dine?

MammaMy sa...

Pia: kjøpt på Sildajazz i Haugesund..... i hine hårde dage. Gateselgjar, hugsar ikkje kva land dei er frå. :)

Related Posts with Thumbnails