tirsdag 15. juni 2010

LOKKEMANN

Hm, anar ein viss tendens her i huset. Det har seg nemleg slik at me på ein måte har innvia underetasjen. Underetasjen i huset altså. Alle andre underetasjar er, eh, innvia. Slik kan det gå.
Men, denne kjellaren var for kort tid sidan strigla og pynta og reingjort og alt. Det fikste me til me feira dåp, og altså hadde mange gjester i heimen. Kjekt det.
På mystisk vis har det i etterkant endra seg kraftig sånn reint estetisk der nede. Og eg nemner i fleng: DIGER flatskjerm, like diger datamaskin, scanner, printer, stereoanlegg med symmetrisk oppsett av høgtalarar, sykkelrulle, sykkel, sykkelpumpe (neida, ikkje slik ei håndholdt, men av sorten som står av seg sjølv - på golvet), saccosekk, litt leker, mange tomme (!) esker...... You name it! Alt dette er krydra med eit lite dryss av ølboksar (tomme) og dunkel lyssetjing.
I dette rommet er det Mannen held seg for tida. Har lagt merke til at han lurer seg ned dit, når kvelden listar seg på tå. Så set eg her då, oppe, i stolen min, og kikkar som ein fisk på land og pustar ut etter eit anstrengjande leggjeritualeavtosmåFrø. Kva skal det bety? I kvar sin etasje liksom? Er jo nesten nygifte og alt! (men berre nesten).
Rett skal vera rett -han har prøvd å lokka meg ned dit, reine lokkemannen ser du. Agnet? -eg kunne sitja å sjå på fotball medan han lekte seg litt på Mac-en!! Høyrt på maken? Fotball liksom. I kjellaren, dvs under jorda, i rotet. Særlig. Drøymer nok han òg. ;)

4 kommentarer:

tempus fugit à pressa sa...

not anar ein in reverse organizing the kaos
new life in perspective...nice blog

Bergljot sa...

Nei huff. Stye unna! Slike lugubre omgjevnader er ikkje for småbarnsmødre. Truleg flyttar han opp at om nokre veker - eller når det er så utriveleg nede i hola hans at han ikkje held ut lenger;-)

Trine sa...

Er det han som tar husvask hos dere? Hvis andre: slutt med det! Kommer nok opp bare det blir skitat nok. (ps. ser du har kommentar over her fra ny kommentator.... Hm. Har hendt at jeg også får slike uforståelige kommentarer. Spam? Eller er dette kanskje en venn? )

Shy sa...

Styr unna LOKKEMENN, så sannt han ikkje lokker med å rydde opp der nede då ;). I kjellaren altså!

Related Posts with Thumbnails