søndag 13. juni 2010

JUBILEUM


I dag er det eit halvt år sidan litleFrø kom susande til verda! Heldige oss :) Og det halve året som har gått har vore, eh, innhaldsrikt trur eg me seier. Ja, innhaldsrikt er eit godt ord. Me har hatt blod, sveitte, tårer, virus, SNØ, latter, glede, JUL, vår, søvn, søvnmangel, blogging, håravfall, syskenkjærleik, dåp, forventning, besøk, ikkje-besøk, netthandel, barselgrupper, babysang, bæsj, gulp osv., osv. Er du god i hovudrekning, så har du nok allereie funne ut at det var på Luciadagen det skjedde. Her er me, den gravide og gravøren (du slette tid) :

2 timar tok det, to klokketimar så var ho ute, midt på dagen - ut av magen. Gjorde jo litt vondt
altså.
Eller, sannheten er at det gjorde DRITVONDT! Ropte visstnok både på mamma og
Jesus, utan hell..
Men glade blei me, etterkvart, OG overraska -over at det var eit anna kjønn enn
det Frøet me hadde frå før! Snakk om bonus.


Så heretter må alle komande Lucia-dagar feirast åff kårs!
Reknar med at eg skal klara å sveiva i gong nokre lussekattar eller den slags, når så langt kjem.


I dag har me ikkje hatt flagg på terrassen for å seia det slik, heller ikkje lussekattar på bordet. Men me har tenkt tilbake, og vore glade og takknemlige.
Bilder har me òg knipsa. Det anar meg kven ho har arva lår etter.. Feitt på kneskålene til og med! Djiises.


joda, ho kan lesa. Er tidleg av seg, ser du. Her les ho visst om ein katt som...

(teikningane er frå boka "I magen bor en baby" av Thomas Svensson)
(Blei nokre sjuke ord delings feil i dette innlegget, orsak - edb og eg altså!)

7 kommentarer:

Elisabeth, innerst i veien sa...

For en herlig rumpestump! Har hun arva den av deg? I tilleg til leseferdighetene selvsagt..

Pia sa...

Grattis med et halvt år! Tida går fort! Og vi har glemt disse fødslene, ihvertfall det verste! Og det er fantastisk å få dem, da! Sikker på at ho er skjønn - ho har iallefall herlige, lubne lår!

Anonym sa...

Vil berre sei til alle som ikkje kjenner dette vidunderet.... Jo, ho er eit av verdens nydeligastefinasteskjønnastestridigstevåknastekulaste utgaven av denne sorten eg kjenner til! Og at eg med dette antyder at det er meir enn låra ho har arva etter opphavet sitt:) Gratulera til mor og far med eit halvt år med lykke! (ordelingen i denne kommentaren er bevisst;))

Trine sa...

Halvt år er deilig! Gratulerer til de stolte foreldre :)

Bergljot sa...

Gratulerer! Nydelige lår. Sånne man har lyst til å knipe litt i (når de ikke er ens egne, altså).

Shy Bitch sa...

Gratulerer med eit halv år!
Håpar det går bra med lussekattane når den tid kjem ;-). Eg har ikkje sett noko TORO utgåve av dei....så det burde bli eit KRAV! - Kanskje frysendisken har noko?? Finst mykje ein kan diske opp med der også!

Kallemillelente sa...

Herlig!
Gratulerer med dagen:)
Og den boka om Jakob (var det ikke det, da?!?) som blir storebror gir meg glade og lyse sommerminner om den tiden vi leste og leste for storesøstera om den lille jenta i magen min. Kjempekoselig:)

Related Posts with Thumbnails