onsdag 2. juni 2010

MORGON

Kva er det ho har TENKT eigentleg? -med å vakna kl 0530, meinar eg. Kva planar har ein baby på 6 mnd på denne tida av døgnet? Kanskje ho skal treffa nokon? Kanskje ho har ein avtale? Er i alle fall VELDIG BLID.
Ja, mammaMy ER faktisk A-menneske, men det er "til vanleg", ikkje i slike unntakstilstandar som det er, når ein har baby i hus, og kanskje er vaken 4-5 gonger i løpet av natta...
Så kva gjer me då? Set ein bolledeig? -nei. Maler ein vegg?- nei. Vaskar eit golv?-nei. Hadde sikkert vore effektivt det altså, men SÅ effektiv er eg ikkje. Men kaffikjelen finn eg, og på-knappen på radioen. Og når klokka blir litt over åtte, ja då, då er det kviletid. Snakkar meg om! Så sit eg her då, nydusja, lat og litt søvnig. Kunne sikkert utnytta denne tida av døgnet til noko fornuftig. (men blogging er jo veldig fornuftig altså ;) )
Tar ein kopp kaffi til eg, trur eg. Ha ein god dag!

7 kommentarer:

Bergljot sa...

Håper du også får en fin dag. Det der høres travelt ut!

Anonym sa...

Ha en fine dag du og :-)

Trine sa...

Aaaaaaltfor tidlig den jenta di. Du må bare fortelle henne hva du mener i sterke ord. De skjønner mer enn vi tror - Selv 6-mnd gammel. Øh.. kanskje ikke?
Jeg føler med deg, uansett.

Shy sa...

Har høyrt om dei som er så effektive i o5.30 tida, men ikkje sett dei her i huset heller.
"Glattcelle" er det einaste som fungerer for sånne små. Dvs. eit rom med opptil fleire madrasser på golvet, ispedd x antal smukker utover, og ei halv sovande mor med eit par melkelevrandører lett tilgjengeleg ;-)

Pia sa...

Sånn er det her og - ho våkner litt før halv seks og er strålende blid! Ja, ja, ho har vel annet å bruke livet sitt på enn soving.

SURRESILJE sa...

Å, som jeg kjenner meg igjen! Jeg lærte meg rett og slett å drikke kaffe i en alder av 28. En nespressomaskin er det også investert i. Avhengig! Og tror vel barna bare vil ha mødrene igang, for så å sovne utslitt akkurat når vi har våknet. Skulle ønske det var vi som var sjefen!

Anonym sa...

paul george
off white clothing
yeezy shoes
supreme hoodie
off white
yeezy wave runner 700
off white shoes
goyard bags
Golden Goose Deluxe Brand
bape

Related Posts with Thumbnails