mandag 28. juni 2010

"VI LEVER FOR Å LEVERE"

Treng ikkje skriva lesarinnlegg i avisa eg. Får jo gitt uttrykk for frustrasjonar og gleder her i denne bloggen. Her i huset har me ein slags tradisjon når det nærmar seg ferietid. Då er me i kontakt med postvesenet, for omadressering/oppbevaring av post. Og snart, ganske snart, kan det henda at vesenet må ta rekninga for alle reseptane eg kan komma til å trenga pga høgt blodtrykk og magesår!! Posten sine tjenester fungerar ALDRI, har styrt på med dette i sju år, skal snart skriva bok. Eller, det finst nok bokmateriale i posten sin kunde"service" sin logg.... Har ringt mykje dit eg. Kva det går i? Eit par eksempel: brevet om tildelt barnehageplass fant me på trappa, ein rekning med forfall neste dag fant naboen i hekken, bryllaupsinvitasjonar har gått oss hus forbi, me får posten til menneske som me ikkje anar kven er, osv. osv.
Så var det idag då, eg skulle bruka 5 minutt til å melda ferieadresse for husstanden, på internettet. Jaja, nå har eg brukt nesten 2 timar- fungerte sjølsagt ikkje systemet deira. Og kundeservicen? -dårleg, mildt sagt. Og arrogant. Men eg har jo fått meg ei "venninne" i Posten, som eg har direktenummer til, og ringer (dessverre) årleg til. Ho hjalp meg. Slepp til og med å betala for tjenesten, for som ho sa: "på bakgrunn av historia". Det seier litt. Ein eller annan burde nok hatt ein fot i baken her i distriktet. For det er absolutt lavmål. Ein slags verna bedrift, i ordets rette betydning.
Hugsar FØR eg, i Bergen, på postkontoret der. Det var nesten høgtid å tre inn i dei lokalene, marmorsøyler og høge skranker og god plass til å sitja i kø. :) Men nå? - ei eller anna kiwi-dame som må springa mellom kassaapparatet og konvoluttane. Pøh! Hadde forresten posten si raude bankbok òg eg, då eg var student i Bergen. Tok vel ut hundre kroner om gongen, tenkjer eg. Minibank-kort og mobiltelefon?? Hæ, hm? -hadde vel knapt høyrt om det.
Noko av det som frustrerar meg mest her i verda, er når menneske ikkje gjer jobben sin skikkeleg, med ære på ein måte - uansett kva jobb det er. Vaskar ein toaletter, ja så er det viktig med etterfylling av tørkepapir, jobbar ein på kafè - så skal ein tørka av bordene innimellom, skal du spikra eit hus for nokon-så møter du opp etter avtalen, betjenar ein ein servicetelefon- så skal ein yta service.....
Har høner å plukka med Nav og eg, men det er ei anna historie. Iallefall må ein vera over
middels intelligent for å klara å fylla ut alle skjemaene dei har. Ikkje for amatørar det der. Godt eg har permisjon. Då har eg god tid til slikt. ;)
Sånn. Ellers har eg det bra!

10 kommentarer:

SURRESILJE sa...

Skjønner ikke hvordan jeg skulle rukket alt uten permisjon selv! Har brukt de siste 4 mnd på en sofa fra Skeidar... Du har min fulle medlidenhet! Lykke til og god ferie!

Anonym sa...

Savna ´na Lovisa på posten eg.... Sjøl om ho kommenterte at eg hadde for mykje mascara eller for trange bukser. Posten kom iallefall ALLTID fram! Eller..... Var det så at me henta han sjølv, på postkontoret...? Må prøva å finna ut når postkassane kom til bygda... Kan du ringa venninna di i posten og spør? Vedda på at ho ikkje vågar noko anna enn å prøva å finna det ut;)

Shy sa...

Ville tilstandar med deg, skjønnar eg! Bra at blogginga fungerer iallefall!

Pia sa...

He he, her fikk du ut litt, ja! Er enig med deg ang posten - der har de ikke mye peil. Sto bak en forleden som hadde høflige spørsmål ang porto, men hun på posten svart at han måtte ta kontakt med ...posten! For hun jobbet i "post-i-butikk", nemlig!

Refleksjon på livsvegen sa...

Bloggen er retteleg god å ha..
Kan få ut både det eine og det andre..
God ferie og hugs Posten skal fram!! ;-)

Anonym sa...

POSTtraumatiskstressyndrom!

Ingeborg B. Hansen sa...

:-)

Anonym sa...

Heisann :-) eg har ofte sprunge rundt å fordelt post eg, har funne div brev i hekkar og lign te naboar. Et vanlig probl. desv. Har og vært inne på sama siå for å stoppa posten, håpe d funke. God ferie, og kos dåkk masse :-)

Unknown sa...

...ler meg ihel!! Koffår skrive du ikkje bok egentlig??? Seriøst!!

teti sa...

right here q6v73n9w51 best replica bags replica evening bags zeal replica bags useful site w2y00g3d80 replica bags philippines wholesale replica bags cheap continue reading this i0j13q2u03 replica bags in uk

Related Posts with Thumbnails