fredag 4. juni 2010

FINT

Har fått meg nye solbriller. Og det beste med heile solbrillene er dette råkuule etuiet! For me har nemleg fått Moods of Norway-krambu her i byen. Jippi!
Kjenner eg har heilt sansen for stilen. MEN er og litt der: "ikkje kom og fortel meg noko, om traktorar, om bønder, om diamantsting-broderier på veggen, om rosemåling, om vafler, om utedo, om hesjing". For plutseleg så blei alt dette så hippt og kuult, om du skjønar. Utedo har nemleg aldri vore særleg "in". Heller ikkje vafler, eller høy. Og mange har ledd av, meg sjøl inkludert, lampeskjermane og dei rosemåla tinene til gamle naboar heimanfrå. Nå har alt dette fått ein slags revansj. God forretningsidè i grunn. Sél rett og slett som HAKKA MØKK! Kjenner eg slår meg litt på brystet nå. Been there, done that liksom ;) Men, men, berre la dei trippa rundt desse byfruene, med traktor på brystet og vaffel-os i håret. Eg likar iallefall krambua.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Enige i alt, MammaMy! Ikkje kom til oss med klokkestrengar og diamantsøm.... Det designet har me tatt patent på for lenge sidan. Men kult, ja det er det:) Blir liksom litt som den kloke mannen sa når han skulle bli servert sushi.... Men spekesild (rå sild), det har me nå ete i årtider:)

Trine sa...

I am also in da Mood!! :)))

Shy sa...

Yes, Stryningane gjer det bra med traktorar og bestemora si, og alt anna som eg har rett utanfor stovedøra! Brillehuset var kult!

Elisabeth, innerst i veien sa...

He, he, kult breilleetui da. Det er bare å ta vare på alle gamle ting, aldri kaste noe. Plutselig er det superhipt og går for store sedler på bruktmarkeder osv.

Anonym sa...

learn the facts here now Louis Vuitton replica Bags Bonuses best replica bags check that luxury replica bags

thehoth sa...

h8j04h0o01 a9o44f1n80 x2r93l8g90 i2l23v8b08 p2q89a6p61 t2z41t5w26

Related Posts with Thumbnails