søndag 3. oktober 2010

SUNDAGSRAPPORT

Flaks for meg at Mannen er overmåte sykkelinteressert. Ja, det er litt langdrygt alle sommarvekene med Tour de France, KVART år - never ending story. Men akkurat idag passa det fint med VM på sykkel. Veldig bra at Australia ligg på andre sida av jorda, og at syklinga har pågått i heile "natt". Enda betre at innspurten viste seg å harmonera med når dagen/morgonen startar her i My-heimen. Resultat: Frø og Mann luska seg ned i stova og såg fjernsyn, i otta der, Hushovd vant, og My fekk SOVA - herleg!!!
Forresten, det er noko sant i det at 1 stk barn er 1 stk barn, og 2 stk barn er 10 stk barn. Me har nemleg berre ansvar for 50% av avkommet denne helga, og det er nesten som ein liten ferie å rekna. ;) Engasjerte besteforeldre er gull verdt! Trur til og med dei får poden på sundagsskulen idag, og det kan vel ikkje skada? Flanellograf og greier der sikkert.
Ha ein fin sundag! Idag har grytene pause.

5 kommentarer:

Shy sa...

Hehe! Søndagskule med flanellograf, det har eg også vore med på. Tek ikkje skade av det.
Elles pleier eg å seie at 1 barn er som 10 barn og 10 barn som ingen. Kanskje ikkje heilt rett, men eg jobba iallefall lettare dess fleire barn eg fekk. Men den fyrste skulle alt vere perfekt, og slikt har eg gjeve opp for lenge sidan.
Men utan søvn greier ein hverken eit eller fleire barn....

Pia sa...

He he, det er litt sånn, ja, hvis et barn er hos andre, blir det nesten som ha fri.
Ha en fin søndag!

Elisabeth, innerst i veien sa...

Mannen "glemte" å se på syklinga før han la seg, kom han på da han sto opp i dag. Ja, tror døgnet er litt snudd, barnefrie som vi er. Fikk med oss reprisen på sykkel VM og det var spennende. Må innrømme at jeg prøver å få med meg innspurten på etappene i TdF hver sommer også.

Unknown sa...

SÅ herlig å få sove ut ein og annan gang! Eg har vært der eg og, men heldigvis mange år siden... :) Nå har vi bare ei lita, og ho merkes jo nesten ikkje.

...eller joda...merker ho litt, men ho er jo bare ei...og vi er 4 (relativt) store som ser etter ho :)

Trine sa...

Deilig å kunne ligge litt utpå morrakvisten. Vi har ingen besteforeldre som tar ungene i helgene - men vi har en 11 åring som innimellom tvinges (litt).... Vi har tilgode å finne mel og kakaopulver over heile kjøkkenet- fordi mor og far lot barna går for lut og kaldt vatten ei lita morrastund. Men det kommer nok...

Related Posts with Thumbnails