tirsdag 4. mai 2010

SCENAR FRÅ EIT KJØLESKAP

Dette hadde eg aldri trudd. Og med fare for å utlevera meg sjøl... (drit i, let`s go) : Saken er nemleg den, at eg er på slank. Og DET er kjedeleg det! Det kjedligaste samtaleemnet ein kan ha er, etter mi meining, folk (les:damer) som snakkar om kalorier! Gjeeesp. Men nå viser det seg at eg ikkje er eit hakk betre sjøl. Har vel egentlig ein slags dysleksi for heile kaloriteljinga, og gram og milligram på kjøkenvekt?! Hadde ikkje akkurat S i matte heller. FØR drakk eg fløyte for å bli tyngre (og det bør ein vel når ein er nesten 2 meter, og 50 kilo?) Those were the days, my friend. Lett å lura til fysisk fostring er eg og, ser du. Opplegget opererar nemleg med "trimpoeng"! Så eg går og går, og kryssar av det eine trimpoenget etter det andre, skikkeleg pedagogisk ho der Grete i grunn.
Og nå er det maiogskjøntogmildtogalt, og isogkakerogpølseroggrillogkake. Er det ein ide å flytta mai, slik at han ikkje ligg rett før bikinisesongen liksom? Eg berre lurte.

PS. Blir ikkje akkurat BLID heller, av dette. Forklaring: Mannen et ostepop til kvelds, OG sviskekompott sjølsagt -med fløyte.

7 kommentarer:

Elisabeth, innerst i veien sa...

Sympatistemmer fra meg! Jeg har også vært 50 kg en gang, dog aldri 2 meter.

Bergljot sa...

Å nei og nei, dette var traurige saker. Du får all mi medkjensle. Eg har tenkt tanken, men det blir visst med tenkinga. Og så har eg ein boks vidunderpulver i skapet i høve verkeleg krise.

Anonym sa...

Det var eg ikkje klar over, at eg kjeda deg med kaloripreiket mitt... Hm.. Jaja, nå kan du sjå korleis det er når du begynner å nærma deg min alder! Skal vedde på at du, i nærmaste framtid, lengtar etter nokon å telja kalorier saman med! Og sidan Mannen et Ostepop, så får du heller ta ein telefon til meg;)
Mvh. Din gode venn Bjørnsen

Trine sa...

Jeg tror aldri jeg har vært 50 kilo.... (så LITE som 50 kilo altså) .... I såfall så lenge siden, at gullfiskhjernen min ikke har nubbesjangs til å erindre. Lykke til. Grete er et grepa kjei!

Trine sa...

... eller heter det tjei... kjei og lei tjei!

ellen.kleppa sa...

Du har min fulle sympati....:-) stå på

Anonym sa...

du skulle gitt meg eit hint, eg ville vært me! Men ikkje akkurat i dag for i mårå reise eg på seminar me jobben, og då ska eg kooosa meg :) men ittepå, i neste uka eller någe sånt, då ska eg bli flinke....du får ta meg me på tur :))

Related Posts with Thumbnails