onsdag 5. mai 2010

BANNSKAP

Ok, inspirert av Trine og Bergljot sine innlegg frå idag, så fleskar eg til med eit i same gata:Eg blir nervøs av flate pakkar. Du veit, slike det hender ein handlar på Ikea og liknande stader. Flate pakkar inneheld bruksanvisning/monteringsanvisning. Ikkje alle menneske LES slike anvisningar. Men EG kan ikkje (dvs VIL ikkje) skru med umbraco-nøkkel. Men eg kan lesa, og hadde valgt å gjera det dersom eg skulle skru. Skjønar du kor eg vil hen? Altså, det hender rett så ofte at noko skal skruast i saman/monterast her i huset. Og gong etter gong blir eg frynsete i nervene. Eg listar meg rundt åstaden så stille som mus, medan eg sveittar i alle hudfoldene og ber ei stille bøn om at det snart er ferdig.... Joda, som tidlegare skrive, så HAR eg ein fingernèm mann. Men allikevel: det finst ikkje ein gjenstand her i huset som ikkje er blitt BANNA OPP!! Heilt sant. Resultatet blir som regel bra, til slutt. (men ein gong VAR faktisk botn i skuffene ØVERST! Og det kan eg lova deg var morsomt). :) Og me har brukt ein heil påske på soverommet (i oppussingsøyemed altså) -for å tapetsera ein (les:1 stk!) vegg..... Den gongen gjekk eg meg berre ein tur ut av huset. Då eg kom tilbake låg det fleire tapetlengder krølla saman i ein krok. På baksida av tapeten i kroken stod det, med blyant: faen. Slike scenarioer er ein av grunnane til at me IKKJE har juletre. (men det kan eg skriva om ein annan gong) ;)

4 kommentarer:

Elisabeth, innerst i veien sa...

Ha, ha, godt anvendt uke på soverommet, skjønner jeg. ☺ Hold dere unna sånn lekker, dyr designtapet.

Anonym sa...

:) Banning og øl! I vår heim blir det ikkje slått inn ein spiker utan hammar, spiker og øl! Banningen avtar faktisk litt etter den andre boksen, utan at eg anbefala det av den grunn:) Heldigvis pussar me ikkje opp kvar dag, for å sei det så....

Bergljot sa...

;-) festlig innlegg!

Unknown sa...

replica bags vancouver why not try these out t4k17m0i73 replica bags bangkok zeal replica bags fake hermes k0y08s9l73 hermesreplica bags neverfull replica bags on amazon internet o7q04k5s76 replica bags vuitton

Related Posts with Thumbnails