tirsdag 22. november 2011

JULETRE

Før, i gamle dagar, hadde eg veldig mange prinsipp - om både det eine og det andre. Eg var ein slik tjue år gammal besserwisser, skråsikker på alt, absolutt alt. Firkanta, det er blitt meg fortalt. ;)
Firkanta nå? -aldeles ikkje! Aldeles ikkje!!
No, atten år seinare, får eg gudskjelov håpa at det har skjedd ei endring, til det betre...
Fjernsyn skulle eg aldri ha. (kunne faktisk klart meg utan).
Barn skulle eg aldri ha. (seier ho som fekk 3 stk i løpet av fire år)
Mobiltelefon skulle eg aldri ha, heller ikkje datamaskin. (!)
Klubb/dameforening skulle eg aldri gå i. (nå er eg med i minst 3 av sorten, i tillegg til alle barselgruppene).
Festlige venner rippar opp i dette ved behov, som regel i festlig lag. :)
MEN: eg har 1 prinsipp igjen. Står det for fall? Dersom eg seier det fort, så blir eg kanskje ikkje kasta ut av bloggeland: EGSKALALDRIHAJULETRE......
-"Men tenk om du får barn, DÅ må du vel ha juletre?"
- "Mine eventuelle barn skal skaffast ryggrad til å veksa opp utan juletre!" Basta-bom-bom.

Nå har eg barn, som gledar seg til jul. Barna har ei mor, som gledar seg litt til jul. Neida, eg har ingen store traumer med meg i bagasjen frå barndommens jul eller slikt. Men eg likar berre jul litt.
Jovisst pyntar eg, og sender julekort, og bakar småkaker, og kjøper juleklede osb.
Men juletre liksom? Er det ikkje rimeleg teit å ta eit heilt tre inn i huset, henga pynt på det, for deretter å kasta det ut igjen etter eit par veker? Er det ikkje ein veldig rar skikk?
Men eg kjenner det knepper seg litt til, skal innrømma det. Dette året feirar me julaftan her i huset. Kva skal eg då leggja pakkane under? Kan nissen ta med seg alle når han kjem?
Skal eg bli heilt prinsipplaus, eller?
Finst det fleire juletremotstandarar der ute? Kjør debatt!

Ein ting til, på tampen - Mannen vil heller ikkje ha juletre, eller, til nøds eit i plast!!!! Plast du liksom? -Kjem ikkje på tale.

tirsdag 8. november 2011

MANN GOES VINTAGE

I helga har me vore i barnedåp til ein deilig, liten slektning.
Alt gjekk nesten etter planen. Me stasjonerte på Godset, då den vesle slektningen bur eit par timar herifrå.
Ergo: familien My må pakka til ein liten miniferie, inkludert festklede....
Sundagen kom, me dressa oss opp, og drog av stad til kyrkja. Dvs., My dressa opp 4 stk menneske, Mannen tok ansvar sjøl - det var nettopp det..
Rett nok så såg eg i augekroken at det var noko med snittet på Mannen sin svarte dress. Men heldigvis (for Mannen og for stemningen sin del) så stoppa det der, eg reflekterte ikkje noko vidare over det.
Barnet blei døypt. Våre barn leikte bl.a cowboy og indianer i benkeradene der. Og ja, me sat fremst, med publikum i ryggen. Ein sveitt affære altså. Akk, ja.
Omsider sat me benka rundt festbordet. Mannen var påfallande avslappa til å fungera som klatrestativ for skitne barnesko. Han hefta seg heller ikkje noko vidare med om han fekk majones på kragen. Og dette er ulikt Mannen. Og det er ulikt My å ikkje analysera situasjonen vidare. Men i min hjerne er det kun ull for tida, eller tåke.
SÅ sa Mannen, stille, som ein heilt naturleg del av samtalen: "eg har tatt feil dress, så det gjer ingenting om den blir flekkete." !?
DÅ vakna My/dyret i My! Er det mulig? Var det difor eg ikkje syntes Mannen var så hot i dress som eg vanlegvis syns?
Jepp, Dressen var frå 1990!!!! Denne dressen har nok blitt brukt på russeball i -91 for eksempel....Me snakkar skulderputer, dobbeltspent og høgthøgt bukseliv. Treng eg seia meir?
Men det skal han ha: han gjennomførte med stil. (Tvilar på om eg kunne gjort tilsvarande med mine festplagg frå forrige århundre.)
Han var klok nok til å lata som ingenting heilt fram til ved matbordet. Eg hadde blitt sint som ein furie, garantert! Nå blei det kun morsomt.
Han sa det så kjekt sjøl, i bilen, på veg heim: "eg har vintagedress".
Særlig.

torsdag 3. november 2011

FRK. DIVA

Neida, ho heiter ikkje Springflower Appleblossom snart-toåringen min.....
Men det ser ikkje verre ut, der ho går til barnehagen med rosa caps og rosa solbriller desse mørke haustmorgonane. Sjølsagt vil ein ikkje ha brune sko då, kun rosa cherrox!
Ser ut som ein liten celebritet der ho fèr, eller som ein eller annan kuul kjendis- på veg til rehab.
Måtte det aldri bli nødvendig!

fredag 28. oktober 2011

AHA-OPPLEVING

Når ein stiller klokka ein time tilbake....
Det betyr at menneske som står opp kl 05 eigentleg står opp kl 04. Eller?
Looking forward to!
God helg. Punktum.

søndag 16. oktober 2011

SKRAU OG NAN

Nok ein romantisk kveld for My og Mann! Denne gongen er det faktisk ikkje så langt frå sanninga.
mini-Frø er sånn cirka flink til å sova om kvelden. I den anledning, og i anledning min fødselsdag i går....., så skulle kjæresteparetMy ut og eta - på restaurant - om kvelden. O lykke!
Me tok buss og greier, inn til byen. Og begge gleda seg til å fullføra setningar og til å eta ein middag før han blei kald på tallerkenen. (Akk, denne småbarnsfasen altså.)
Rett så triveleg var det! Men det der med å fullføra eit måltid før maten blei kald, det trengte eg ikkje ha tenkt på på førehand. For det var slike pittesmå porsjonar ser du, cirka ein munnfull på kvar tallerk - og DET rakk jo aldri å bli kaldt før det var svelgt ned! Som du kanskje skjønar så var me på ein fin plass, med mange rettar. Du veit slike rettar som ofte er "lune" og "på ei seng av" noko. Eg skjøna ikkje halvparten av det kelnaren forklarte. Rett nok er eg ei jente frå Landet, men klarer meg relativt godt i urbane strøk. Allikevel: niksnullnada skjøna eg av kva det var me skulle eta. Men ein ting fekk eg med meg: det er in med skrau på maten (skrau: dialektord for skum. Såper som skrauar t.d, er gode såper). Så me åt skrau, både til middag og dessert, med ein eller annan smak. Trur forsyne meg det var skrau på ein av kvilerettane òg.
Den der vinpakken som fylgjer med ein mangerettars, den tok me ikkje. Sist gong, dvs for ca hundre år sidan, me hadde vinpakke så blei det så lystig at det var rett før både My og Mann stemde i med Tore Tang der blant kandelaberne......
Og eg er trass alt ei ammande kvinne. Nuvel, det viste seg då me kom heim at miniFrøet hadde testa ut NAN, på flaske! Har aldri skjedd i historia før, hadde berre sett det fram sånn i tilfelle.
Jaja, dei får ta seg ut, tenkte eg. Og det hadde dei forsyne meg gjort. Kjekt å ha ei god mormor. ;)

mandag 10. oktober 2011

EPISODE TREMILLION

Kvalifiserar dette til ein episode i finsk fjernsynsteater?
- Mor i huset samlar saman tomme ølboksar ho finn på vaskerommet. Boksane fyller to bæreposar. Mor i huset tuslar i kveldsregnet til butikken for å panta. Pantepengane byter ho inn i vaskepulver. Så går ho vidare.

(sanninga er at My gjorde dette som ein del av kveldsspaserturen. To flåger i ein smekk liksom. Men ænivei: ingen andre i heimen pantar tomme boksar og flasker, aldri - never! Drama frå virkeligheten er det uansett. Og med haustlege kulisser kunne det lett sjå ut som ein finsk tragedie. Vaskepulver....)

mandag 3. oktober 2011

SERVIETTBILDE


Dette er jo ikkje akkurat ein serviett, det er deler av eit vakkert dåpsbarn.
Men du kan få sjå fleire bilete visst du vil?
Ok, here we go:



Det blei ein flott dag! Alle ingrediensane var på plass: flagg, svetting, brun saus, klatring i alterringen, familie, venner, sukkerbitspising, stramme strømpebukser, fine ord, nervøse blikk, gode blikk, gode ord og mykjemykje kjærleik.

Related Posts with Thumbnails