tirsdag 5. februar 2013

HUS (2) evt KLESSNOR OG HUNKS

Etter ei morgonstund, og natt, utan gull i munn var det dags for ei slags befaring på huset for My og Mann. Tre barn blei avleverte tre forskjellige stader: den med spysjuke hjå ei bestemor, den utan spysjuke i bhg, den minste hjå ei anna bestemor.
Me skulle sjå på Huset! Anstand hadde me òg med oss, representert ved 1 stk pensjonist.
Joda, der var mykje fint å sjå, både av levande og daude, eh, ting. Snikkarar og greier. Men eg såg ingen spikring, derimot liming. (?) Dei har vel greie på det, tenkjer eg. ;)
I same rennet fekk me valgt ut ein del baderomsinteriør, og ein aldri så liten kakkelomn. 
Så det dreg seg til.

Forresten, er det normalt å ha klessnor? Ute.
Nokon ba meg tenkja kor eg ville ha klessnora. Har ikkje tørka klede ute på klessnor dei siste tjue åra eg iallefall. Folk som foreslår klessnor har kanskje aldri budd på hybel? Folk som foreslår klessnor kjenner nok nokon som kan ta inn klesvasken dersom regnet kjem og ein sjøl er på jobb og kleda heng ute på ei fin snor?
Hm, joda, eg skal vurdera det.

Og ein ting til: kvifor i all verden er toalettene dei aller fleste stadene så låge. Ein treng vel ikkje plent gå i hockey? Planen er jo å bli gammal og hoftesvak i dette huset, og Gud forby eit slikt doringhøgdestativ over toalettskåla frå hjelpemiddelsentralen! Så eg startar min eigen vesle kampanje for høge toaletter.
Ein annan ting eg har grubla på: kvifor står aldri oppvaskmaskinar i normal arbeidshøgd?
Neida, eg er ikkje ergoterapeut.

Har du klessnor, ute? Tørkestativ gjeld ikkje.

6 kommentarer:

Siri sa...

Ingen tørkesnor. Vi flytter tørkestativene ut når det er "fint tørkevær".

Høye toaletter har du ikke når du har små gutter... det var det på et sted ute en gang, og da så vi hvorfor.
En annen ting med toaletter, er at noen har "terrasser" i lortfallet. Da legger ting seg ikke der de skal, men man må til med børste. Så pass på et det er direkte fall til vannet.

Hva man tilegner seg av kompetanse gjennom årene...

Åshild sa...

Vi har ikke tørkestativ ute, derimot mange meter med tørkesnorer på vaskerommet med avsug ut. Funker supert. Det er veldig greit bare å henge opp tøyet og ta det ned når det passer.
Jeg har skrevet om det her: http://www.bestemorshage.blogspot.no/2012/01/hapet-er-grnt.html


Shy sa...

Haha! Tørkesnor er seriøse greier. Og det har ikkje eg. Er vel for lite seriøs.... Men eg har tørkerom og tørkestativ. Dersom det skulle slumpe til med sol og fønvind, så flyttar eg tørkestativet ut.

Anonym sa...

Alt jeg har er årelange tørkesnorambisjoner.

Inger

Anonym sa...

Klart ein må ha klessnor uti havgapet! Det er faktiskt et must. Treng ikkje strykejern heller då, når kleda er tørka ute i nordavinden.

Hilsen stolt eigar av blånylontauklessnor UTE.

Anonym sa...

Med tørkesnor ute i havgapet får du gratis saltavstiva klede, spennande genserfasongar og sånne fine merke etter klesklypene ein må bruka sidan det alltid bles. Har sjøl hatt stor suksess med tørkesnorer inne på vaskerommet, det tørkar kjapt og klypelaust.
Har mange gonger drøymt om å kjøpa ny do. Det skulle vore ein slik som er "sjølrensande", dvs der ting ikkje så lett festar seg. Du verda kor lei ein blir av å måtta bruka dokosten etter nærast kvar gong det har vore ungar der (og det er ofte i mitt hus). Lukke til :-)

Related Posts with Thumbnails