mandag 4. februar 2013

KJEFTE-MY

Av og til kan eg bli så rasande sint. Høyr denne:
Brev (les :rekning) i posten frå kommunen me skal flytta til. Forøvrig same kommune me har hatt Godset i dei siste seks åra.
Godset blei rive i desember 2012. Nybygg er under oppføring.
Kommunen har godkjent både riving og bygging.
Rekninga i posten var på kommunale avgifter for fyrste halvdel av 2013, litt over tre tusenlappar.
Kommunale avgifter er mellom anna feieavgift, branntilsyn, renoveringsavgift, vannavgift.
Ok, tenkte eg, dette er nok berre ein liten glipp, at det er blitt sendt rekning for eit hus som ikkje finst lenger. Det ville eg gi beskjed om, pr tlf.
Tru det eller ei: dama i andre enden av telefonen var av den vrange sorten.. Ho kunne vel ikkje vite om huset var rive? (ignorerte totalt at løyvene faktisk var banka igjennom i same kommunen som ho jobba i).
Heller ikkje kunne ho stola på at me ikkje brukte boss-spanna lenger!
Altså, sa eg, huset finnst ikkje lenger. Ein skal vel ikkje betala feieavgift når ein ikkje har pipe?
Ein skal vel ikkje betala for vatn på ei tomt utan vannkran? Ein skal vel ikkje betala for bosstømming når ein ikkje har boss? (dessutan har me betalt fullt renovasjonsgebyr i 6 år, og huset blei kun brukt i feriar).
Nja, ho forsto problemstillinga, men eg måtte skriva 4 stk skriftlege søknader for å be om fritak frå desse utgiftene! Skjønar du? Det er lov å bli sint, eller?                   F I R E søknader! Er det rart det er travelt å vera kommuneansatt?
"fritak".... eg undrar meg på i kor mange år ein måtte fortsatt å be om fritak for desse utgiftene dersom det t.d. ikkje hadde blitt bygd nytt hus der?


Eg blei satt over til eit meir vetugt menneske, eller til "forvaltninga" som fyrstnemnde så hersketeknikkkjekt uttalte det. Og litt sånn tilfeldig så nemnde eg litt slike kjende namn som jobbar på staden. (burde vore unødvendig)
Så kanskje det løyser seg. Skal vel saksbehandlast fyrst.

Mannen kom akkurat heim medan eg var i telefonen. Etter at eg hadde lagt på, sa han: "du kødde kje med My!" Bet your life.

Ingen kommentarer:

Related Posts with Thumbnails