lørdag 2. februar 2013

DYRISK NÅ

My har vore på buksejakt. Nei, eg vil ikkje i buksene på nokon. Skulle tatt seg ut.
Eg vil ha ny bukse, ei litt vårleg tenkte eg. Og å finna bukse som framhevar og skjuler det som bør framhevast og skjulast, det er ikkje plankekjøring. Det er leeenge sidan eg var størrelse 36 ser du.
Difor ber ein om hjelp, i butikken. Dersom du treff nokon som då kan jobben sin, så klokkar dei kjapt kva du treng og kan ha.
Etter å ha prøvd 6 bukser utan å treffa blink, så sa kollegaen til ho som hjalp meg i butikken: "du hadde vore fin i den snake."  ?!
Snake-bukse altså, eller rettare sagt slangemønstrete bukse. Hm.
Og ein kan berre fundera på kvifor akkurat ei slik hadde vore fin på akkurat meg. Kva såg ho der dama, som eg ikkje har oppdaga?
Ein av mine skrekkar er å framstå som ei slik crazy snartførtiår-dame, sjåkormodigogsexyeger-dame..
Kjøpte eg? Jada. (satt så himla godt over valken ser du).

To tunger har mitt hjerte, to tanker har mitt sinn.    eller noko i den duren

3 kommentarer:

Anne Laila sa...

Eg ler!! Kan mesten ikkje venta te å sjå denne fantastiska bokså!! Du e tøffe Nina! Ber na me stolthet! Der e ingen så kan sjå atte du nærme deg 40! :)

Bergljot sa...

Tøft:-)

Anonym sa...

Da forventer jeg snaky på neste klobb, altså!

Inger

Related Posts with Thumbnails