søndag 27. mai 2012

SYDENFØLJETONG, 7

Andre viktige spørsmål og Syden-refleksjonar.

Nokon gong lurt på kvifor skular og barnehagar kvar haust sender ut lappar om lus?
Nå er eg kanskje kresen av meg, men A L D R I  om mine småjenter skal få fletta håret på stranda!!
Same kammen, på alle! Ingen desinfeksjonsmiddel å sjå. Æsj, seier berre eg.. Men flettene er fine, berre så det er sagt. ;)

Når det gjeld fri tilgang på slike brus-dispensarar - er det ikkje å rekna som double-dip når du står ved automaten, fyller i glaset, drikk, og fyller glaset på ny? Atter æsj.

Er det normalt at damer på 65+ står ved felles druefat og et druer, OG legg stilkene frå seg på buffe-bordet?

Dersom ein har to fungerande armar og soler seg topplaus på framsida av kroppen, er det då normalt å få hjelp av mannen til å smørja inn brystene?

Er det berre nordmenn som knipsar på kelneren?

Kanskje det berre er My og Mannen i heile verda som ikkje har ein einaste tatovering?

Hotellet hadde morsomme klovnar som dukka opp rundt omkring, til stor begeistring for søte små! :)
Korleis klarer enkelte foreldre å ikkje eingong dra på smilebåndet, men sitja med halvopne, måpande munnar når deira barn blir underholdt så kraftig? Uforståeleg for meg...






5 kommentarer:

Åshild sa...

Fantastisk humoristisk skrevet. Jeg måtte lese alle sju.

Selv om vi aldri har reise med så små barn kjenner jeg igjen alt.

Unknown sa...

He he! Nå har eg lest meg gjennom heile sydenturen din :)
...eller - nå veit eg jo ikkje om det kommer meir - men iallfall har eg lest alt som er skrevet så langt!)
Sånn er det med ferie med små barn - det er barna sin ferie og dei vaksne sin "ferie"..
Ellers: vi har heller ikkje tattis - verken eg eller mannen. Men det skyldes kanskje at vi er så gamle. Mulig at du og Mannen er dei einaste utan tatovering i dåkas aldersgruppe ;)

Pia sa...

Vi har heller ikke tattis.
Sikkert normalt at mannen må smøre kvinnens bryster. Eller?

Shy sa...

Hehe! Morsomt å lese. Har vore på pinsetur, gått glipp av ein del i blogglandia

Elisabeth, innerst i veien sa...

Godt observert! Fikk lyst til å skrive at det er heeelt normalt og en del av husmorferien å la en annen smøre pattene, men lar det være i frykt for at noen skulle tro jeg mente det...

Related Posts with Thumbnails