mandag 21. mai 2012

SYDENFØLJETONG, 1

Då var eg cirka til botnen av haugane med skitne sommarklede.... Å leggja inn i allereie overfyllte skap gjenstår.
Familien My har altså gjennomført, med stil ?, den store Sydenturen, i 2 veker var med på "ferie".
Kor me var? Sjølsagt til det heilt opprinnelege, ekte Syden: Mallorca. Ho-ho.
Joda, me gjekk ut i pluss, og å reisa med 3 barn under 5 år var akkurat så travelt som forventa. ;)
Visst du vil høyra, så skal du få lesa til du blir kvalm om all denne familieidyllen.
Dette innlegget får me kalla Prologen:

Du kan tru me gleda oss!! Mannen og My var skikkeleg motiverte til å visa barna våre at sol finns.
Sidan februar har me gleda oss. Logistikken vil eg seia var på profesjonelt nivå..
Ingenting kunne vel stoppa oss? Me fortjente vel virkeligt denne turen?
Har du høyrt om vannkoppar? Varicella på fint? Inkubasjonstida for vannkoppar er 10-20 dagar.Ingen av mine Frø har hatt vannkoppar, ennå.
Tru det eller ei, nøyaktig 16 dagar før me skulle reisa hang det lapp i barnehagen om at vannkoppar var observert....
Eg ville til å grina. Skulle turen bli avlyst på grunn av vannkoppar kanskje?
Dei kunne vera smitta allereie, det var berre å venta i spenning. Ein ting eg kunne gjera for å førebyggja  at dei blei sjuke, var å oppretta ei slags karantene.. Som tenkt, så gjort. Lang historie kort: særdeles friske barn var heime frå barnehagen i to veker, og dette var då altså før ferien starta.
Så det var ei frisk og opplagt og tålmodig mor som forlot fedrelandet ein vakker maidag d.å.
(og aldri har eg vel "sett" så mange prikkar som i dei to vekene før turen! Saumfarte blei dei, desse små.)
Skikkeleg nervepirrande var det dette opplegget.
Neste gong vannkoppar tar turen i området her, då skal dei oppsøkjast.

5 kommentarer:

Elisabeth, innerst i veien sa...

Passer vel uansett aldri å få vannkopper. Men hurra for Mallorca, god logistikk og sol.

Shy B sa...

Ingen Sydenturplanlegging før vannkoppane er avvikla no!

Pia sa...

Men dere slapp unna? Velkommen hjem!

MammaMy sa...

Jepp, slapp unna! :-)

Mammarie sa...

Me var på Mallorca, Alcudia, i fjor haust. Formidabel ferie. Eldstemann fekk vannkoppar sjølvsagt, så det blei stranda istadenfor basseng, ein halv allergitablett kvar dag og langarma genser + caps for å komma gjennom "sikkerhetskontrollen" på flyet på veg heim. Gjekk heldigvis heilt fint alt saman.

Related Posts with Thumbnails