tirsdag 13. mars 2012

LUSKING MED MORD I BLIKKET

Stakkar nabo som var så uheldig å ta feil (les: vår) søppeldunk her ein dag. Snøft!
Ein dag pr veke er det bosstømming, og heile "gata" plasserar dunken på felles areale. Og dei fleste hentar den tomme dunken sin når han er tom. (jaja, det er alltid nokon som lar sin stå der ein fire-fem dagar til)
Det er utruleg kor pisseforbanna veldighyggeligeMy kan bli når nokon har tatt feil dunk! Dette kan lett skje til trass for at dunken er tydeleg merka av eigar.
På med jakke og sko. På med mordarblikket. Lusking rundt i nabolaget. Litt frekk lusking- inn i garasjar og trappeoppgangar, DER står han, fint laina opp langs ein nabovegg. Dunken blir med heim, og eg høyrer frå sigarettrøykande kjerring i kjellarholet der ho tydelegvis leiger bustad: "har eg tatt feil?"
"JA", svarar My, og går.
Nei, ikkje rom for feil når My er på krigsstien! Makan!
Elles er eg oppteken av krig og fred og sånt.

4 kommentarer:

Ragnhild sa...

Bra du er så målbevisst, livet er kjipt uten søppeldunk :)

Pia sa...

Godt du sier fra;)

Anonym sa...

Eg ler! Vet godt hva du mener, har nemlig blitt "frastjålet" min fine, merkede svarte dunk selv engang eg...men rolig og stillfaren som eg er, venta eg fint til neste bosstømmingsdag (måtte jo nesten vente ein heil måned med feil dunk i gårdsrommet) og eg var ikkje sein om å hente hjem dunken MIN den dagen, ingen skulle få stjele den ein gang til...Godt at me ikkje heng oss opp i bagateller her i verden :) K

roothee sa...

z1k78f8j56 i2l73j0l05 m0q71i2a63 a7s21a2f77 f5s58c9p96 l2y72b8q12

Related Posts with Thumbnails