My har vore på trim. Kiropraktoren lata som det var heilt naturleg at eg skulle læra meg ryggøvelsar til heimebruk, i eit treningsstudio, MED ein ung herremann som instruktør i 45 minutt!! Eg måtte jo berre møta opp.. Fann ein lekker tights i skapet og ei dekkande t-skjorte i Mannen sitt skap. Så var det å lata som det snøa, ta på steinansiktet, og sjå kul ut. Blei vippa av pinnen allereie i resepsjonen - der sat ei berte som sa: "bare bjynn å sykla du, så komme an!"
Neida, det var ikkje han der Yngvar...
Lang historie kort: eg låg og kavde oppå ein slik pilatesball medan han der karen kom med "begeistra" skryt liksom...
Faktisk så fekk eg beskjed om at eg hadde sterke magemusklar! I all verden? Sterkt fett trur eg me seier.
My passar ikkje inn på eit slikt treningsstudio. Men må man, så må man.
Kanskje det hadde vore kjekkare dersom tecnomusikken var bytta ut med ei slik pianospelande dame i bakgrunnen? -I tillegg til ho der dama som seier: "og stans!"
8 kommentarer:
Jeg så alt for meg! Og jeg er sikker på at du passer perfekt inn på studio. Med eller uten ball. Og "sterkt fett": det adopterer jeg! :)
Lykke til med treninga. Det er vondt. Og godt.
Haha, eg hugsar "Trim for eldre", fekk faktisk kjenningsmelodien på hjernen akkurat no. God bedring til deg og ryggen !
Husker godt Trim for eldre, trampa bak en stol og slang med beinet.
Så lenger du ikke slipper en liten fjert mens du ligger på den ballen, kaller jeg det en vellykka treningsøkt.
Mormora mi så på Trim for eldre, og jeg fulgte også med. Tenk at det var noe som fenga...
Var ein sjuk og måtte vera heima ifrå skulen på syttitalet, så hadde me berre ein kanal på tv. NRK. Nokre dagar var ein heldig og fekk sjå skulefjernsyn t.d. engelskundervisning direkte frå England. Hugsar ennå unge, pene mannen i terylenebuksa med press. Trur han køyrde ein mini morris... Var ein ikkje så heldig, var det trim for eldre. Dama var sprek ho, men var det ikkje ein mann og som sa: "og stans"...? På radioen....? Reidar et eller annet? Spør han personlige trenaren din, kanskje han hugsar...:)
Trim for eldre var digg.
passelig pes liksom..
;)
(men jeg savnet technomusikk til.)
Haha, de timene med personlig trening er helt forferdelig. De, i tillegg til hun dama som ringer når du har gått over til å bli støttemedlem, for å spørre om alt går bra.
Hehe, husker de eldre som hang rundt en stol. Hel-tå, hel-tå.
Treningsstudio er ikke noe for meg, har all medfølelse i så måte..
Legg inn en kommentar