tirsdag 27. september 2011

DÅP OG TÆRING, OG LITT OM KLATRING

Endeleg, litt sol på himmelen! Då får eg i det minste lufta 4 stk bunad til o`store Barnedåp i slutten av veka...
Jada, me døyper barna våre. Eg synes det er fint, og eg meinar noko med det.
Men ellers, alt det andre ein må ha klart til ein slik dag, pes..... Ok da, denne gongen kjøper me oss ut av situasjonen: middag og kaffi bestilt utomhus. -Så kan eg heller bruka logistikkevnene mine til å kle på, amma, huska. Håpar ingen er i slett lune den dagen!
Litt strek i rekninga at Mor sjøl har hatt feber i 4-5 dagar nå, skikkeleg tæring høyres det ut som på hosten. Kan ikkje erindra å ha hatt feber sidan eg var liten og fekk sitronbrus til medisin. Jaja, det kjem seg vel.
Ein annan strek i rekninga er at frk Frø, på mindre enn 2 år, har funne ut korleis ein klatrar or ei sprinkelseng, lydlaust! Stønn, egentlig ikkje noko problem ved legging, for då sovnar ho jo til slutt likevel, desto verre med oppvåkninga- sånn i 5-tida om morgonen. Kva skal eg gjera? Binda henne fast eller? -trur ikkje det, nei. Akk ja, babyen er iallefall av det fornuftige slaget, søv godt om natta gjer ho. :)
Jo, jo, nei, nei, me tutlar nå på, alle med sitt.
Kven veit, kanskje eg legg ut eit slikt serviettbilde neste måndag?

2 kommentarer:

Shy sa...

Hihi! Legg ut eit serviettbilde du!
Håpar at du vert friskt til den store dåpen.
Desse små som klatra ut av senga , kan eg hugse at eg fann sovande på morrakvisten; på golv og i skap.

Whitebite sa...

oj, hvor mange små har du?
er så IMPONERT over dem som takler å ha en travel 2-åring (i trass)samtidig med en liten baby!!

flink!
og lykke til med dåpsforberedelene (mine er også døpt, men det er bare en formalitet hos oss)

KLEM!

Related Posts with Thumbnails