fredag 13. mai 2011

SMART

Vesle frøken på 17 mnd styrer med litt urolege netter for tida. Her ein morgon spurte eg storebroren om han hadde høyrt grininga om natta.
Nei, det hadde han ikkje, for han hadde "tatt av seg øyrene og lagt dei på nattbordet"!
Kanskje eg og skal begynne med det?
Men då må eg kanskje få innstallert slike lampar som blinkar dersom det skulle bli brann eller noko?
AT eg ikkje har tenkt på det før!
Må øyrer liggja i eit glas vatn, slik ein gjer med gebiss? Nokon som veit?

4 kommentarer:

Shy sa...

Kan du please seie i frå når du finn ut av dette? Det kan endeleg vere ei løysing for meg å slippe unna litt heavy metal musikk her...

Unknown sa...

Klar dei må ligga i vatn! Ellers høyrer du jo like godt :)
...trur eg??

Trine sa...

Jeg kunne trenge å legge fra meg ørene! har et par unger som er flinke til å rooooope og støye om natta..... fader!!!! Jeg er trøtt....

Elisabeth, innerst i veien sa...

Hmm, godt spørsmål. Vi kjenner et foreldrepar som er døve og vi har tenkt noen ganger at det må være behagelig. Men mest av alt tror jeg det er mest praktisk å høre, sånn om jeg måtte velge.

Related Posts with Thumbnails