fredag 26. mars 2010

Snart påske"ferie"! Dagane med baby i hus er cirka like, ferie er det langt ifrå. Men kjekt, det der med baby, meinar eg. Eller, stort sett kjekt, sånn nesten alltid. For moderskapet kan vera ganske oppskrytt til tider. Faktisk UTRULEG MANGE basseluskar der ute i den virkelige verden, for eksempel i barnehagen. Og dei finn seg plass å bu veit du, basseluskane altså. Dei slår seg ned i små øyrer, eller i dei pittesmå nasane, og lagar hekkan for heile storfamilien. Mm, nemleg. Men nå er det altså ferie, og det håpar eg både bakteriar og virus har forstått. For nå skal mammaMy, og avleggjarane og Mannen, dei skal til Godset (les: rønne frå 1926). Og der ventar husbukk, mus, trekk frå holet i veggen, og til og med "spøgelser" iflg storeFrø på 2,5 år. :) Men kjekkast av alt- venner ventar der, og familie, og små-små syskenbarn. Staden er full av menneske som vil oss vèl. Godt det. Ynskjer fin påske til deg som les!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Velkomna !! Mvh. Din gode venn Bjørnsen.

anneaarekol sa...

Ha ein fantastisk god påske!! Kos deg masse:)! Klem!

ann sa...

Koselige blogg du har, du e jo reine proffen jo! Ønske dåke god påske på Godset, me elle uten nett på håve;)Preikest!

Bergljot sa...

Hm, skal du feriere i same villa som meg? Høyrest ut som svigerfars barndomsheim i Sunnhordland;-)

Related Posts with Thumbnails