fredag 5. april 2013

UREN-LUREN

Det er ikkje langt me reiser i denne familien. Joda, snart 1-årsjubileum for Mallorca-turen, men sidan då har me stort sett vore her, i Hjemmets Lune Rede.
Nå har me altså vore på påskeferie, og på mange måtar er det ein slags milepæl.
Godset er som kjent i Godset-himmelen, så dit kunne me ikkje dra dette året.
Men som den møblerte heimen me er, så disponerar me trass alt ei hytte, eit Sted....
Nå er nå My ei landsens jente, så eg tar vanlegvis ikkje skrekken av hverken smale vegar, folk som ser på deg, eller uskrivne bygdereglar. Men jammen meg trur eg at eg var rett i nærleiken av Anne Knutsdotter og Truls, på påsketur altså.
Takka meg til at ingen av barna har vist tendens til bilsjukeproblematikk, blant anna.
Me var på eit slags Farmen-opphold. Og slike farmar har som kjent både storbonde og ukesoppdrag.
Mi rolle var å vera inngift kvinnemenneske i kårhus. Jodasåneidaså.
Og berre så du veit det: ved er ein vitenskap. Sjøl har eg mest sansen for menneske som er heil ved. Den der hogsten bryr eg meg mindre om. ;)
Men eg fekk nå lufta meg litt; dvs ein køyretur for å tøma boss, og ein aldri så liten shoppingrunde på Manufakturen , som det heitte der.
Ungane blei òg lufta, og Mannen fekk tilogmed ein overdose frisk luft.
Dessutan var det mykje kjekk slekt rundt oss, store og små. Og det er fint!

Definisjonen på ein framand bil som køyrer i overkant fort? -Narkotika sikkert.

4 kommentarer:

Shy sa...

Hehe! Flirer her.
Eg er vel mest på slike UREN LUREN plassar eg også. Det er 1,5 år sidan Londonturen. Kor lenge det er sidan utenlandstur før det… nei, det hugsar eg ikkje.


Vedhogst er ikkje berre berre, så slikt driv vi ikkje med.

Bergljot sa...

Fantastiske skildraingar! Eg har vakse opp i Uren Luren, så slike omgjevnadar fiksar eg fint. Venninna mi seier forresten at familie er som fisk; etter tre døger byrjar dei å lukte. Kva ho no meinar med det...

Bente Høiseth sa...

Jeg synes dette hørtes ut som en drømmetur..men jeg liker Uren Luren turer,iallfall hvis jeg slipper å være med "i et slags Farmen opplegg..
:-)

Mammarie sa...

Hehehe, ordentlig ute på bygda forstår eg.

Related Posts with Thumbnails